Vaarknipa.


Her ein Dag las eg i eit Avisblad um Fodernaud uppe i Finnmarki, at dei ottast fyre Kryter er ihælsvoltne paa fleire Gardar. Eg vart skamfull yver, at me her i 
Landet enno inkje er komne lenger i Aaret 1885 enn at dei svelta ihæl Kryteri sine. Er det annat aa vente enn Fatikdom, der slik Uvyrdskap _ for inkje aa kalla det noko verre _raader. I min Barndom var det nokre Kvinnfolk som talad um ei Kona, at ho heldt so væl Sauderne sine um Vetteren, at inkje eit Kryter døydde av Svolt; det Folket maa staa seg væl, som hava Raad til aa føda Kryteri sine so rikleg, sagde dei. Dei meinte fulla, at det var Forteneste i aa svelta dei stakkars Sauderne ihæl. So gapne kann elles vituge Folk vera; men at der enno finnst Folk her i Landet, som inkje heve betre Skyn paa sin eigen Bate, det er forgalet. Og at inkje Fut og Lensmann legg slike Folk i Straf fyrdi dei svelter Fenaden, det er og forgalet. Det er eit Stell som i eit Villmannsland.

Kui mjølkar etter Mulen, det vil segja etter som ho fær Mat til, er eit gamalt Ordtøkje; men der er sume som inkje trur det er sant. Dei meina, at tvo utsvelte Kyr mjølka meir enn ei vælfødd Ku, likevæl dei no kann sjaa Døme paa mange Gardar mest i kvar Bygd, at Kui framleides som fyrr mjølkar etter Mulen. Vaarknipa kann vera laak og ho kann koma paa deim, som er fyritenkte og inkje vil setja paa fleire Kryter enn dei kann føda væl fram; men i flestalle Tilfelle er Folk sjølv Skuld i, at dei lida av Vaarknipa. Eg lyt fortelja eit litet Døme paa dette likevæl eg veit, at Folk fælt naudleg vil sjaa og høyra Døme paa sin Daarskap. Paa ein Gard, som eg vil kalla Vaagen, budde tvo Brødrar. Fader deira tok, daa han laag Helsotti, den Raad at skifta Garden sin millom begge Sønerne sine, han Erling og han Ragnar. Desse tvo fekk kvar si Helvt av Fadergarden, og tok til, so snart Faderen var daen, aa skifta Bruket millom seg. Erling, som var eldst, fekk den Halvpart, som husi stod paa; han Ragnar laut flytta ut og byggja seg nye Hus. Erling hadde mest Hug til aa driva paa med Jorddyrking, Ragnar hadde Hug til Handel og Husbygging, men likte mindre aa grava i Moldi. Han vilde daa inkje vera mindre Kar enn Broderen og sagde kvart Aar, dei skulde setja paa like mange Kryter som Erling sette paa. Fyrste Aare gjekk dette bra, for Erling sette paa so litet, at han var viss um dei kunde føda Buskapen væl, so dei fekk god 
Avdraatt av honom. Men snart vart Erling sitt Bruk so godt uppdrivet, at naar han kunde føda Kryteri inne alt fraa dei kom av Stødlen til dei drogo paa Stødlen att, so laut 
Ragnar kjøpe Høy og annat Hjelpefoder, lata Ungfenaden fara ute og gnaga kvar Gong ei Tuva var ber, og endaa var dei skrinne nok um Vaaren og Mjølkekyra vart turre mest fyrr dei kom i Marki. Erling selde Smør og Ost til alle Tider av Aaret, men Ragnar hadde inkje nokot aa selja og litet nok Mjølk til Huset. Erling hadde Inntekter av Jordbruket til at bitala baade Løner og Skattar med og endaa litetvetta tilovers; Ragnar gjekk det stendigt tilatters med, for han hadde inkje nokot aa selja av Garden og so laut han laana pengar baade til Skattar og Tenarløn. Kom det so ein kald og turr Vaar utetter, so vart det Fodernaud og Vaarknipa; inkje kunde han faa selja dei utsvelte Kryteri helder. Men Erling sine Bukryter var like feite um Vaaren som um Hausten, so han lett kunde faa selja sine til Slagtarar i Byen um han vilde, og fekk god Bitaling for deim.

Slike Døme kann Folk flest sjaa no for Tidi, for Jordbruksstellet botnar mest alle 
Stader; men sume vil inkje sjaa og steller baade Jordi og Kryteri paa slike slarve Vis, og dei hausta Tap og utsvelter Kryteri. Kvat Tid skal Folk læra Folkestell?


Ola Uppigarden