[Tidender.] Fædrelandet


vert korkje visare elder betre, enn det hev voret, ser det ut for. I No. 79 hev det eit Stykkje som talar greidt nok i so 
Maate. Dette Bladet, som ærar alle, elskar Brorskapen og fryktar Gud , kjem og fortel, at Bønderne har nu, som før fortalt, temmelig utvetydig faaet høre, at de radikale Ledere ikke længer har Brug for dem _ i Stortinget. Tinget skal renses for Bønder.

Kvar hev Bladet dette fraa? Naar hev Bønderne utvetydigfenget høyrt, at Føraranne i Tinget inkje hev noko meir Bruk for dei? Me hev inkje høyrt noko til det, og ingen annan helder. Det gudelege Fædrelandet maa utvetydigha drøymt; paa annan Maate mann det inkje ha gjenget til, at Bladet kjem med noko, som like til er Usanning.

Derimot hev me set ein Innsendar i eit Blad halda fram, at det burde veljast berre Bønder til Tinget. Til det vart det daa svart, at ein i eit demokratisk land inkje burde taka til med nokon Klasseskilnad, men velja til Tingmenn dei, som Folk hadde Tiltru til, anten det so var Bønder elder Embættsmenn elder andre Slag Folk.

Og tru Fædrelandet, som elskar Brorskapen , kann hava noko mot det?

So meinar Bladet, at no maa Bønderne skyna, at dei inkje høyrer heime under den røde og sorte Fane, Radikalismens og Fritenkeriets falske merke.

At Vinstre er radikalt, det hev no Folk høyrt so lengje, at det er ingen, som bryr seg um det lenger. Og naar Bladet segjer, at Vinstre er Fritenkjarar, so trur det vist dette fullt og fast sjølv, so ein skal tilgjeva det. Det er ingen, som kann taka til seg meire Vit, enn han av Naturen hev fenget.

Og for aa faa Bønderne til aa bita paa Kroken og gjeva seg fraa Vinstre, kjem Bladet og fortel um alle dei stygge Ting, som Vinstre vil hava fram. Høyr her:

Sprog, Kirke, Skole, Retsvæsen, Hærvæsen, Ægteskab _ det hele Samfund fra øverst til nederst vil jo de radikale Ledere og Opviglere omstøbe. Kongemagten vil de holde nede i Ydmygelse, Unionen truer de.

At Redaktøren av Fædrelandettrur, at ein vil umstøypa heile Samfundet naar ein arbeider for Forbetringar her og der, det skal ein og tilgjeva, for det kjem truleg av, at han inkje kann gjera Skil paa Umstøypingog Umvøling; men naar han segjer, at Vinstre truer Unionen , daa gjeng han so vidt, at Folk maa tru, han lyg med fullt Medvit.

Og endaa Bladet elskar Brorskapen, so kjem det til Slutten og held fram Klasseskilnaden. Bønderne hev Magti, og den maa dei inkje dela med sine Brødrar. Dei skal gjeva seg med Høgre og setja seg mot all Vidking av Røysteretten. Og det maa dei gjera snart, for no er det framme eit Forslag um aalmenn Røysterett.

Men Brorskapen, Fædreland! kvar gjer du no av Brorskapen.
 
Skynar du, kva Brorskap er for noko?


Ellest ser det ut for, at Fædrelandethev den Trui, at dersom dei frilynde Bønderne inkje likar alle dei Framlegg, som er komne fraa Vinstremenn, so skal dei gjeva seg med Høgre. Bønderne skulde altso vera so toskutte, at dei fordi dei hadde imot ein elder tvo Vinstremenn, skulde tyna alt, dei hev arbeidt for til desse.

Ja, det ser ut for, at Fædrelandethev Von um noko sovoret, men det er truleg inkje fleire helder.

Me for vaar Del hev mykje betre Tru til Bønderne og Folket i det heile. Me trur, at dersom dei synest ein Tingmann gjeng for vidt, so vel dei inkje honom, men ein frilynd Mann, som inkje gjeng so vidt. Elder dersom Radikalaren er fraa eit anna Amt, so vil dei krevja av Tingmennerne sine, at dei skal røysta mot Framlegget hans; men ellest halda paa det, som me hev vunnet i denne siste Striden.

Og me tenkjer Fædrelandetlyt finna seg i, at Bønderne tek det paa den Maaten istadenfor aa slaa seg ilag med Pultostmennerne.