[Tidender.] Vaar nasjonale Skam.


Soleis som sume Nordmenn hev boret seg aat mot sitt Folk og sitt Land, det er so yver all Maate raatt, at det i dette Aarhundradet berre er ein og annan Dansken, som kann setjast ved Sida av dei. Me meinar her dei Brevskrivaranne, som hev gjort seg so stor Umak med aa rakke til Fleirtalet av det norske Folk i utanlandske Blad.

Me minnest korleis dei bar seg under Riksretten. Det var fine Folk, og det høgt uppe, som arbeidde med fullt Medvit og av alle Livsens Krefter paa aa ljuga paa det norske Folk berre for aa faa sitt fram, anten det so var ved Statskup elder paa annan Maate.

Med andre Ord: Dei søkte Hjelp i Utlandet, dei gjorde seg til Fedralandsforrædarar.

Dei prøvde alle Stader, der dei kunne venta nokor Hjelp: i Sverike, Danmark, Tyskland, Frankrike og England. I Frankrike og England vart dei snart jagad paa Porten; Regjerignsbladi vilde inkje hava noko med dei aa gjera, berre eit og anant Høgreblad, som inkje var komne lenger i Kultur enn Brevskrivaranne sjølve, tok upp den Raaskapen, som vart send her fraa Kristiania. Men i Tyskland, der stod dei Bladi, som Bismarck hadde noko aa segja yver ferdige, likeeins Høgrebladi i Sverike og Danmark.

Det var ellest inkje nok med, at dei sende Brevsendingar, dei skreiv og Stykkje, som dei fekk desse utanlandske Bladi til aa taka upp som Redaksjonsstykkje.

Og so tok dei gode Høgreredaktørarne her all denne norske Raaskapen upp i Bladi sine og sagde: Der ser De kva Evropa tenkjer.

Men daa det kneip, so hadde dei liti Like for Strævet. Ein Skulde daa tru, at dei lagde sine skitne Vaapen ned. Men nei. Dei brukar seg enno paa same Maaten.

Det er Sverdrup, som no skal gjerast ubrukeleg som Statsministar, og difor arbeider desse vælkjende Brevskrivaranne no so truleg, som dei væl kann for aa faa Svenskarne og andre til aa tru, at Sverdrup er Svenskehatar. Ein Svenske kom busande med Grunnen: Sverdrup skulde faa Valet millom ein Unionskonfliktog aa gjeva fraa seg Magti.

Paa den Maaten tenkjer Friele og Venerne hans i Sverike og andre Stader i Evropa, at dei skal verta kvitt Sverdrup.

Tru korlengje det skal vara, fyrr sume Folk her i Landet finn, at det er mest høvelegt, at norske Spursmaal vert avgjorde av Nordmenn? Kor lengje vil det vara tru, fyrr me kjem so langt, at kvar Mann her i Landet vil tykkja, det er Skam aa søkja Hjelp i Utlandet mot sine Landsmenn? Tru kor lengje me skal vera nøydde til aa dragast med den nasjonale Skam, me no lyt finna oss i aa bera?