Ser du paa Livet?

 

”Eg kann ikkje forstaa, kor du hev fengi det kaate Motet dit fraa; du talar og du liver, som um alt skulde vera so inderlegt godt og væl her i Norig for Tidi. Kor gjerne eg vilde hava di sikre Tru! Men eg gjeng her i Tvil; eg arbeider meg trøytt og utmasa kvar einaste Dag. Men kva hjelper det? Vert Folket betre for det? Skynar det, kva det er, eg ofrar for det? Nei, Folket gjeng og trælar i Moldi enno; tru det eingong vil lyfta Hovudet og sjaa fritt ut? Some Tider ser det so godt ut; eg kann sjaa, at Arbeidet mit hjelper; og so er eg glad og arbeider dubbelt so hardt som fyrr; men so kjem Atterslaget; det er som um Arbeidet mit var reint spilt; Folket sit enno i Stovurne sine, med det same tronge Syn paa Livet, med den same Mistru og Tvil som fyrr! By- og Bygdegrensa er enno Tankegrensa. I sovorne Tider er det som um alt skulde gaa sundt for meg; eg er magtlaus, eg gjev meg reint yver. Arbeidskrafti er som burte.

 

Det er tungt aa vera Folkelærar! det er eit utakksamt Arbeid aa prøva paa aa lyfta Folket. Du fær berre Hat til Løn.

 

Det skal Tru til, sterk, bergfast Tru, mest Ovtru, skal ein halda det ut; og det er so faae; so reint faae, som hev det. Og difor fell den eine Folkelæraren etter den andre; hugsprengde og tvilande paa Framtidi sit dei som Misantropar og Pessimistar rundt ikring i Landet.

 

Men du! Korleis kann du gaa der so sterk og fri; det ser mest ut som du gjeng til Leik og Dans, istadenfor til hardt utakksamt Arbeid?”

 

Det spretter i Lauv og det skyt i Knupp

Og Blom vil bera.

Det vaarar i alt og eg vaknar upp

Og med vil vera

 

skreiv Aasmund Olavson Vinje ein Gong; han kjende i seg denne sterke Vaarlengsla, som tek kvart Menneskje, naar Naturkrefterne tek tilaa røra seg.

 

Ut! Ut! Stova blir for trong! Du kann ikkje anda fritt meir inne i Byen, du kjenner deg klemd for Bringa; og det er ikkje onnor Raad enn at ein vakker Dag tek du Skreppa paa Ryggen og Ferdestaven i Haandi. Hev du eit Maal, so er det godt, hev du ikkje, so er det plent det same. Utetter ber det!

 

Um du hev nokon Sans for den Greini av Naturvitenskapen, som ein kallar Botanikken, so vil du faa sjaa merkjelege Ting! Kann henda du aldri hev lagt Merkje til det? Væl! Me vil gaa ein Tur saman, me vil skygna etter Plantelivet fara det fyrste vesle Straaet, som tittar bljugt fram av Snøen og ikkje veit, anten det tør visa seg elder ikkje, fylgja heile Utviklingi til dess Naturen stend som ein einaste Blom, som eit sprikjande Tre, der Livskrafti tyt og bivrar i kvart einaste Blad.

 

Det er utpaa Vaarkanten; Snøen ligg og dregst med Solstraalarne; det er lang og strid Ote; enno kann du ikkje sjaa anna grønt enn det som stend att fraa ifjor; men det er stivt og saftlaust; du kann sjaa, at det er for gamalt; det grøne er berre liksom eit tomt Skin, det er ikkje livsens friske Farge; i Solskinet blir det veikt og livlaust.

 

Men under Snøen spirar og sprett det; der vaknar Krefter som arbeider og arbeider; men du kann ikkje sjaa det. Snøen ligg og løyner det, held det innunder seg og vil ikkje sleppa det fram. Men Snøen tinar smaatt um Senn, løyser seg upp til Vatten, og no maa han tena til aa hjelpa det fram, som han fyrr meinkad og meistrad. Og no kjem dei, alle dei smaae fyrste Vaarplanterne. Alle Stader, der det finnst nokor Vokstervon. Fyrst berre i Solbakkarne; allstad elles ligg Snøen kjøvande og tung.

 

Og so kjem det mangein Gong harde Dagar for Blomarne.

 

Snøen kann koma attende; ei einaste Frostnatt kann drepa dei i mengdevis; dei søkk burt visne og trøytte; dei var for tidleg framme.

 

Men det hjelper ikkje; andre stend att, og for kvar Dag som gjeng, bryt det fram nye, og soleis held det ved til dess du ser heile Bakkarne fulle av Blomar og yrande Liv.

 

Tek du no Staven att og Skreppa paa Ryggen og held deg i Avsølunne, so kann det henda du raakar att dei allre fyrste Blomarne, og gjeng du enno lenger, so ser du Snøen ligg tung og kald enno. Men ventar du lengje nok, hev du Tid og Tolmod, so vil du faa sjaa same Striden og den same Utgangen. Det er Soli som kjem. Paa den Maaten kann du gaa Landet ikring; some Stader ser du berre Knopp og andre Stader stend alt i vænaste Bragjen. Men det spirer og sprett og fyrr du kann sjaa det rett, so er heile Landet sveipt inn i ein einaste ljos varm Bunad. Fuglarne syng og byggjer Reir; no skal dei arbeida for fullt Aalvor; no ber det med fulle Stig burtimot den ljose Sumaren.

 

Rolv.

 

Frå Fedraheimen 11.07.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum