Stortingsvali.

 
Korleis bør Tingmennerne no vera lagad?

IV.

(Framhald).
 
(Del 8 av 9. Fyrste delen.)
 
Folkemeiningi var den for ei Tid sidan, at ein helst burde senda berre Bønder paa Stortinget, ein var tryggaste daa. No her eit Tak, medan Storstriden stod paa, løyste dei noko paa dette Kravet og slepte inn att utruleg mange Embættsmenn, for det galt daa berre aa finna dei, som var laglegast til aa føra Striden mot Regjeringi til Endes. Mange Juristar kom med, for dei var baade munnhage og kunne krøkja og krinta med Lovparagrafar og hevda alle Meinvridurne, kor det so bar av.

Soleis som Tiderne no hev laga seg, kunne det vera det same, um dei tok inn att noko fleire Bønder. For naar det skal ganga paa Lengdi, so kann aldri Embættsmenn heiltupp repræsentera Bonden, um dei kann vera aldri so dugelege, so at ein paa Fyrehaand kann ganga ut ifraa, at det er millom dei arbeidande Samfundsklassar, at ein bør leita etter Tingmenn, og berre i umframs Høve elder naar det er ein Ovkar velja utor andre Stand.

Det er i fleire Maatar, at dei hine Samfundslag hev Fyremunen framum Embættsmenn og lærde Stand til aa vera Tingmenn.

For det fyrste Uppalingi. Den som sit med Boki heile Uppvokstren sin og aldri er med sjølv, berre høyrer og les um det praktiske Livet, han vil jamnt faa eit sers Huglynde og ei sers Gjerd i all sin Tankemaate, noko veikt og halvviset fylgjer honom jamnt. Han vert snart meir Bokmann enn eit Menneskje. Det er berre skire Flogvitet, som kann fri seg for sovoret.

Og heile Lærdomen er soleis laga alt ifraa Lærarskulen og til Universitetet, at det er som ein maalad Vegg. Ein maa barkast baade av Ver og Vind, skal ein faa Sminkeliten av seg, men det er dei fleste som agtar seg for det. Det ein hev kostat paa baade Tid og Pengar til aa faa i, det gjev ein ikkje so lett fraa seg; den fyrste Daamen sit lenge i Kjeret. Hadde Lærdomen og Vitenskapen vaar havt til Fyremaal aa læra upp i Sjølvtenkjing og Granskning, so veit ein, det vøre annleis. Men no er det so alt ifraa Eksamenarne ved Folkeskulen og til Embætteseksamen, at det er aldri Sjølvtenkjingi dei spør um og mykje minder den reine Kunnskap enn visse vitenskaplege Systemar elder Tankebygnader, so at ein anten maa gjeva seg reint yver elder ala seg upp ei Meining sjølv reint motsett dei hine, og elles stræva som ein Træl med det som ein skal læra. Men um han og balar imot, so vil daa Systemet setja sitt Merkje paa han likevæl; det er faae elder ingen Embættsmann, som kann faa den leide uheimlege akademiske Svipen reint ifraa seg. Alt ifraa Skulemeistar til Professor vil det gjerne sitja att av denne tillærde, livlause og tinglause Tankesyni, som anten ho berre puslar med Smaaflygje elder slær um seg med radikale Teoriar, er so bundi i ymse Slag Fyredomar, Dogmar og Læresetningar, at ein hev vandt for aa døma klaart og saklegt um dei praktiske Spursmaali, som kjem fram. Dei vil for snart leggja berre Ideens Maal paa Sakerne og vil liksom for mykje styra Utviklingi sjølve enn fylgja den og granska Kravi soleis som dei ovrar seg millom Folket.

Dei som ein paa Fyrehaand maa segja er minst høvelege til Tingmannsverket, er væl Juristarne og Teologarne, nett dei som me desverre hev havt mest av. Lækjaranne derimot og dei naturkunnige hev me havt minst av, men dei er det, som ein helst skulde ynskja paa Tinget. For dei er det, som hev fenget reinast vitenskapleg Uppaling, og som hev mest Kjenskap til Livet, endaa det hender nok altfor ofte, at dei ogso er blinde Prinsipgangarar, allvist no, daa det er so skarpt eit Tvidrag millom Naturvitenskap og Aandsvitenskap.

Ein Ting til, som gjer, at Embættsmennerne vert standande noko utanfor dei andre, og at dei ofte hev meir av Kritikk enn aalvorleg Arbeidshug er, at i sine økonomiske Forhold er dei inkje Aalmugen lik. Dei hev sine faste Inntekter; anten Tiderne er gode elder klene, so sit dei like traust, og dette gjer, at naar det gjeld Statens Midlar, hev dei vanskelegt for aa setja Tæring etter Næring; dei vil jamt vera for fluse i Pengevegjen, dei gjeng med paa for store Løner og forstend inkje, korleis dei hev det laga, som maa tena sitt Braud paa det uvisse.

Er Embættsmannen for stortøk og vidsynt paa Stortinget, so kunne det kanskje vera aa fæla for, at Arbeidsmannen vilde vera for knipsam og trongsynt. Men fraa den Kanten er det vist ikkje noko aa ottast paa ei god Stund, for endaa hev me ikkje nokon Arbeidsmann paa Stortinget. Me bør vist helder sjaa til aa faa Arbeidaranne inn paa Stortinget fyrst. Dei store Byarne t. D. Kristiania og Drammen brude væl hava Æra av aa føra dei fram.

Men dei, som er høvelegst til Tingmannsyrkjet, det er daa Bønderne. Bonden kann væl og vera overlag einsynt og trongtenkt, naar han lite veit. Men dei upplyste Bønder er Stytturne under Samfundet vaart. Ein tenksam Bonde, som hev havt Tilføre til aa velja sine Bøker til aa lesa og læra av, han kann vera vitugare enn den, som kann sine Eksamensbøker aldri so godt. Han kann gjera upp sine 
Meiningar um alle Ting, ettersom Liv og Lærdom gjev honom Tilleiding, og han tarv inkje ræddast anten for Avsetjing elder Forfylgjing, kva han so tenkjer og talar. Han sit trygg som ein Sjølvherre paa Garden sin og treng inkje bøygja seg for nokon. Han er baade Eigedomsmann og Arbeidar og kann difor sjaa paa Sakerne fraa ymse Sidur. Han vil korkje vera Bakstrævar elder nokon radikal Umstøypar, men jamn Framstigsmann; han vil aldri heilt gjeva upp det gamle som er nedervt fraa Fedrarne og inngrott i Folket, men han vil helder aldri fordøma det nye som kjem fram, han vil sjaa rolegt og vitugt paa alle Ting, og jamna det nye i hop med det gamle paa høvelegste Maaten. 
 
( Meir.