Svein Skyttar. [Forteljing til Utklypp]

 
(Del 3 av 11. Fyrste delen.)
 
-12-
 
dags-eftan gjekk me heim og Maandags Morgonen tok me til aa bera heim Kjøtet, som eg fekk Halvdelen av. Soleis slapp eg aa slagte noko Kretur den Hausten, og det hadde eg han Svein aa takke for.

II.

Han var fødd paa Garden Haugen, som ligg einsleg paa austre Sida av Elvi, beint burt for Flatgardarne. Uppvokstren hans fall inn i denne Sveltiheltidi, daa Barkebraud var den vanlege Føda uppe i Fjellbygderne. Daa var Haugen berre ein liten Plass. Der ein no kann sjaa desse vide Aakrarne og dei store Feithøyekrurne, var daa digre og tjukke Furuskogen like inn i husveggjerne. Husi var smaae og Jordvegen liten. Det einaste, som var stort, var Barneflokken; den aukast anna kvart Aar og Smalhans var den vanlege Gjesten paa Haugen i dei lange Vinterdagarne. Denne uhugsame Gjesten vart dei andre Borni leide, og dei gjorde alt dei kunne til at bli honom kvitt etter som dei vaks til; men Svein hev voret hans trufaste Ven all sin Dag, og dei hev sjeldan voret fraa kvarandre.

Han var inkje gamall Karen, daa han tok til aa fara i Skogen og paa Fjellet. Um Vintrarne for han paa Hare- og Rjupefangst og um Sumrarne paa Fisking. Med det same Folk var komet paa Sætrarne med Kreturom um Vaaren, tok Svein Fiskestongi paa Oksli og drog til Fjells og var sume Tider burte baade fjorten Dagar og meir, som Foreldri hans korkje saag elder høyrde noko til honom. Far hans var gjild av honom, og sae, naar han talad um Borni sine til nokon: Eg hev Tru um, at det blir Kar av han Svein, for han er svært utum seg til aa vera so ung; men av dei andre veit eg no inkje kva det blir. Folk, som talad paa dette seg imillom sae: Fær han fara, som han hev byrjat, so blir han ein trufast Tenar paa Tukthuset med Tidi.
Det var fleire Slag Fisking han dreiv med; det fekk dei som

 
-9-
 
Eg var meint aa sjaa vestyver til Blaahøgdi; for det var enno tidlegt paa Eften. Men Svein meinte, at det inkje hastad med det den Dagen og soleis fylgde eg med til Hytta med eit. Svein tok straks til aa koke Kjøt og eg tok til aa koke Kaffi. Væl eg hadde kokt Kaffin, so hadde og han kokt Kjøtet. Det er inkje bra aa koka det formykje; ein kokar or det Dygdi daa, sa han.

Um Morgonen i Graalysingi var me paa Ferde att. Nista hans Svein var eit Stykkje halvraatt Kjøt, og Nista mi var nokre Braudmolar og ein liten Bit Surmysesmør.

Me gjekk brutyver til Blaahøgdi og fann straks ferske Slag etter ein Flokk rein, som hadde dreget sudyver, og Svein kunne forpligte seg paa, at Skjelmen var stroken til Aasmyra. Me kann for Sikkerheit sjaa yver Blaahøgdi likevæl, um det kann vera nokon der, sa eg. Aa det er inkje noko aa sjaa etter. Det hev eg Sikkerheit for paa Nasan hans Pasop, svara Svein. Ja, eg laut gjeva meg for Svein, det var ingi onnor Raad. Det bar sudetter. Fyrst Pasop, so Svein og eg bak paa. Daa me var komne sunnan um Blaasjøen, fekk eg sjaa fire Menn, som stod paa ei Maasaaslett me kvar si Mælestong i Handi. Kvat er dette for Slags Folk, som stend sudpaa her? sa eg. Svein braastanad og nidstirde. Langt um lenge fekk han Augo paa deim og svara: Aa jamenn er det denne Fanten han Skarli og dette Etarkompaniet hans. Det var fire Landmaalarar, som heldt paa aa taka Kart yver nokre Skogteigar. Dei hadde alt set oss, og difor gjekk me burt til dei, og helsad pent God Dag. Er det inkje Haugguten, som me skal treffa her? spurde ein stram Fant utan aa ansa Helsingi vaar. Jau, det kann henda det; men du _ er det inke deg, som Folk kallar Eirik Tullgut, og kjenner eg rett, so er du Son aat ei, som dei kallad Langfinger-Berte og Rapp-Beret. Er det inkje sant? sagde Svein. Skal Svein skjote Rein i Dag? skurde ein annan fint. Eg skulde skjote Kraake var Meningi. Det skal vera mykje av ho umkring Blaasjøen no um Dagarne hev eg høyrt, svarad Svein. Du, som er so godt kjend i Fjellet, fær segja meg, korleis eg skal fara aat for aa ta Fisken i Sjøen her,
 
3


-10-
 
sa Skarli endaa finare. Ja, det skal eg gjera; kok Supe paa Vatnet, so kann dykk eta Supe til dykk naar Fisken. Det er beste Raadi, eg kann gjeva slike Karar, svarad Svein.

Det vart inkje fleire Spursmaal aa faa, og daa drog me vidare. Me hadde ferske Slag etter Reinen og Pasop var den, som kunne halde dei. Daa me kom til Brennsætervegen, fekk me sjaa 9 Dyr, som stod paa ein liten rund Haug paa Lag 1000 Alner sunnanfor. Me la oss ned attfyre ein Stein. Ja no lyt me liggja rolege, til me fær sjaa, kva Kant dei dreg paa, sa Svein. Det var me og nøydde til; for det var ingi Raad til aa koma dei nærare, utan at dei vilde bli oss var. Me laag der baade lenge og væl og ventad paa at Reinen skulde draga paa ein Kant; men han hadde inkje ille Tid, saag det ut til. Eg vart utolsam, men Svein meinte det hadde ingi Hast med oss. Det er Laurdagen og du kjem ihug Gjenturne. Eg skynar deg nok; men eg tenkjer det er likast, me ventar ei Rid enno. Eg er Ungkar so væl som du, so me kann slaa Fylgje naar det lid ut paa Eftan; men eg vil skjota inn Helgi fyrst, sa han.

Ja, tru kor lengje me hadde vortet liggjandes der, um inkje Steinlid-gjetarguten, som var nede i Skogkanten, hadde skriket: Dra deg dit Naut! Det var til Sauen han skreik; men det vart Reinen, som drog seg. Dyri lagde tilbeins det fortaste dei kunde og kom drivande beint imot oss. Eg spratt upp, for eg var rædd at dei skulde koma yver meg. Svein skreik og spurde um eg var galen. Reinen gjorde ein liten Stans. Svein skaut og eg skaut. Ein vakker Bukk gjorde nokre stygge Kast og vart liggjande med Føterne i Veret. Her hev me Kveldsverd og er inkje alle gamle Merkje burte, so skal me ha Fyrredugurn og, sa Svein. Som me stod og stirde, fekk me sjaa ei liti Simle, som laag og sparkad eit Stykkje nordanfor oss. Du hev fenget for lite ser det ut for; men eg skal hjelpe deg med det som vantar. Eg hev Raad paa meir av same Slaget, sa Svein. Han ladde Byrsa si, drog seg nordyver eit Stykkje paa alle fire og gav ho ei Kule gjenom hjartat. Du er inkje Kar for anna enn aa syna fram noko Smaagut-


-11-

kast du. Hadde inkje eg voret likare no, _ me hadde teket Reinen sist bak, sa han, daa han kom attende aat meg.

Daa me hadde flaatt Skinnet av desse tvo Dyr og murat ned Kjøtet med Stein, vart me forlikte um aa gaa sud paa Gamallsætri og faa Hus yver natti hjaa ho Ingrid Steinlid. Me kom paa Sætri daa Klokka var halv fire. Ja, me skulde daa so gildt ganga inn aat ho Ingrid _ Svein fyre og eg etter; men der var det laas for Døri. Me tittad gjenom Glaset og saag, at det brann i Aaren. Daa skynad me, at ho nyst var gjengi, og at ho inkje kunde bli burte lenge, ho, som var so rædd for Varmen. Me stod og ventad ei Rid, men ingi Ingrid kom. Daa vart me forlikte um aa sjaa burt til ho Guro Moen. Me kom inn i Stova. Der var alt Sæterfolket samlat, og der sat fullt paa alle Krakkar og Benkjer. Midt paa Golvet framved eit lite Bord stod han Lesar-Nils og lagde ut um dei tie Bodordi med slikt eit høgt Mæle, at det var so det dundrad i Veggjerne. Me vart standande framved Døri, Svein med Hatten sin paa Hovudet og eg med Hatten i Haandi. Lesar-Nils sette eitpar kvasse Augo paa Hovudet hans Svein; men Hatten vart sitjandes der han sat. Daa stadnade Nils i si Utleggjing for aa kunngjera for dei nykomne, at det var Uppbyggels, og han ynskte, at den, som stod med Hatten paa Hovudet, vilde som dei andre, taka den av. Berre hald paa med ditt du, og inkje bry deg um meg. Eg tenkjer Hovudplagget kann sitja paa, for er Vælsigningi di god, so gjeng den nok gjenom den gamle Hatten, svarad Svein. Lesaren sa inkje meir til honom; men tok til med Preika si att, som no fekk ein snøgg Ende.

Denne Lesar-Nilsen for mykje paa Sætrarne um Sumrarne og preikte, det var no helst for Maten han for, meinte sume, og Folk vart tilslutt leide honom; for det spurdest, at han inkje livde etter alle dei tie Bod sjølv.

Ja, me fekk losji hjaa Ingrid Steinlid og Mat og Drykk baade um Kvelden og Morgonen, so me livde paa Herrevis. Sun-

( Meir.)