Tidender.

 
Kristiania, den 10de Juli.

Arbeidet for kyrkjelege Umvølingar . I Kristiansand hev det no voret eit kyrkjelegt Møte. Pastor Oftedal var Ordstyrar; paalag 600 Menneskje var tilstades. Baade paa det Møtet og paa Møtet i Bergen vart det send Helsing til Kyrkjestatsraaden, som svarad, at han var glad i Møti, og at dei vilde styrkja honom i Arbeidet.

Fær me Rom, skal me seinare gjeva nærare Melding fara desse Møti.


Statsraad  Blix er reist til Stockholm.


Statsraad  Kildal er reist til Finnmorki.


Tingvalet for Buskerud . Dei skriv til V. G.: Det vert trulegt tvo nye Tingmenn aa velja fraa Buskerud. Egge vil trulegt fraasegja seg Val, og Sønju hev Folkemeiningen imot seg. 
A. Jacobsen er sjølvskriven til den eine Plassen, og til den andre hev dei bland andre tenkt paa Klokkar Berg i Gord.

 
Fraa Skaane er det no komet Melding um, at det Umenneskje, me fyrr hev nemnt, etter mange Krokar og Utvegjer hev gjenget ved, at han drap Bror sin, hogde Liket i Stykkje og grov det ned. Det som gjorde, at han gjekk ved Ugjerningi var, at han fekk Fretnad av, at Syster hans hadde køyrt seg ihel paa Vegen til Byen. Baade Lindquist og Bror hans var truleg Medlemer av eit stort Tjovsamlag. Det hev voret stor Uvenskap millom Brøderne og Lindquist hev lengje voret kjend for ein faarleg Kar.

Oliver Pain, den Franskmannen, som hev hjelpt Mahdien so trulegt, skal vera daaen. 
Venerne hans i Frankrike (Komunardar) segjer, at han var paa Vegen til Evropa med Tidender, som var litet rosande for den engelske 
Krigsheren, og at Engelskmennerne difor hev drepet han paa Vegen. Dette siste er naturlegvis berre Skrøne. O. Pain skal nok liva endaa.