[Tidender.] Ein hard Strid


hev det no voret millom Vestlandsposten og Verdens Gang. Ein uhyggjeleg Strid. Me hadde minst av alt ventat, at dei tvo vigtugaste Vinstrebladi skulde ryka i Haari paa kvarandre nett som me var komne or det verste politiske Uføret. Me trur, det var betre, at dei heldt saman til yver Vali i det minste, som me hadde fenget den nye Statsskikken fastslegjen. Naar det so var dana nye Flokkar med nye Fyremaal, so kunne dei gode Bladi slaast, dersom dei hadde noko aa slaast um; for daa vilde inkje Fridomen og den nye Statsskikken taka Skade av det; men aa koma med Sprengjing i den frilynde Fylkingen no, fyrr det nye, me vann i fjor, rett hev fenget Fotfeste, det er inkje vitug Manns Gjerd. Det er aa tyna det, som ein sjølv hev stridt og arbeidt for i so mange og tunge Aar.

Det gjorde oss vondt, daa me saag Striden braut fram, og det so mykje meir, som den var reint i Utrengsmaal. Me vilde og knapt tru vaare eigne Augo, daa me saag det fyrste harske Stykkje i Vestlandsp. for fraa den Kant hadde me iminsto ventat ei mildare Maalgreiding.

Me veit inkje um me enno skynar, kva Striden gjeld; men me hev i det siste liksom fenget ein Teft av, at Vestlandsp. og Flokken hans vil hava baade Baten og Æra av Semja i fjor, og at dette er den djupaste Grunnen til Usemja. Men er det so, so gjer inkje Vestlandsp. rett. Alle frilynde Flokkar arbeidde like truggjet, og alle skal dei hava sin Lut baade av Æra og Baten. Naar so andre Spursmaal og andre Flokkar kjem upp, so fær den hava Æra, som vert ved Sigeren.

Me vil ynskja, at denne Striden maa enda og det snart, for han hev alt gjort meire Skade, enn dei stridande kanskje trur. Høgre, som alt hadde forlikt seg med Tanken um aa missa Jarlsberg utan aa vinna noko istaden hev no fenget nytt Mot og arbeider hardare enn fyrr. Dei hev no Von um baade aa halda Jarlsberg og vinna Akershus, Smaaleni og Sudtrøndelagen. Dette er den einaste Frukt av Striden millom dei frilynde. I desse Amti er Stellingi og mange Stader slik, at dersom nokre faae Vinstremenn, anten det er av den eine elder den andre Flokken, vert misnøgde og ligg heime ved Valet, so hev Høgre Vinningi.

Men Vinstre maa minnasat, at dersom den nye Statsskikken skal verta styrkt ved Valet, so lyt me minst senda so mange Vinstremenn til Tinget, som me hev havt der desse siste Aari. Berre ein Mann mindre vil svekkja.