Stortingsvali.


V.
 
( Programmet).
 
(Slutt).
 
(Del 9 av 9. Fyrste delen.
 
Programmet for Politikken vaar i Framtidi skulde væl nærmast vera aa faa fullført dei einskilde Sakerne, som hev komet fram til Forhandling paa det siste. Og det er mange slike Saker, som ventar paa si Fullføring, andre ligg endaa berre i Sveipet, men høyrer likevæl med. Aa taka soleis Sak for Sak, det hev væl sitt Verde, anten det so er smaatt elder stort. Men alle Saker vert daa fyrst fullgjæve, naar ein ser dei i Samanheng med kvarandre og dømer dei ut ifraa større Synsvidder. Sume Tider er det meir sjaalegt og glaatt utyver slike lange Vidder, andre Tider er ein so forkavad i Arbeidet for kvar Sak, at ein inkje anna ansar. No dette Leite, sidan me fekk avgjort ein gamall Strid, og me hev komet inn i eit nytt Far, no er det meir Vidd i Spursmaali att, Vegjerne er inkje so upptrødde, difor er ogso Politikken vandare no enn fyrr; og det gjeldst no aa vita Leidi og halda henne utan formykje Vingel.

Um ein tek det etter det vidaste, so er Uppgaava med Politikken tvifeld.

Paa den eine Sida skal Staten taka seg av og hjelpa fram alt det i Landet, som er forkugat og ligg nede. Han skal stydja under, naar Næringsvegjerne ligg nede, han skal hjelpa til, der det er lite Evne og Framtak millom Folket, han skal berga Folk ifraa aa lida Naud og hjelpa fram dei som er trengde, han skal vera som ein Formyndar for alle smaae og umynduge, og han skal vera som ei Fatigkasse for heile Landet.

Men paa den andre Sida er det aa hugsa, at han ikkje skal driva denne Formyndarskapen sin for vidt. Han skal vera som ein vitug og tenksam Far, som berre held Borni sine under Agen sin, til dess dei vert føre til aa greida seg sjølve; daa løyser han Bandet av lite un Senn.

Det er daa alltid tvo Avleider som Staten kann slaa inn paa. Misgjerd paa den eine Kanten er det, naar han er for lite daaig og godskleg og varmhugad til aa hjelpa upp det nedsøkte og skuva fram der det er Faafengd og Tiltakløysa. Men like so ille paa ein annan Kant er det, um han er altfor brennhugad til aa blanda seg inni alle Ting og stempla det med sitt Merkje.

Det gjeldst um aa bruka Maaten og finna dei rette Grensur.

Som no Skule- og Kyrkjesaker . Desse hev gjenget for eit ifraa gomol Tid. Staten hev styrt med det, fordi han hev Gagn av aa hava brae og skikkelege Borgarar i alle Maatar. Daa var Skulen og Kyrkja dei beste Midlar til aa naa det. Og solenge Folk ikkje hadde stor nok Hug til sovoret av seg sjølve, so laut Staten bjoda til. Men sosnart han saag, at Folk fekk Hug og Evne til aa greida seg i den Vegen aaleine, skulde han ala fram denne Hugen og løysa paa Tyglarne, so mykje han trudde seg til. Men her er det, at han hev misbrukat Magti si og aldri synt rett Frisinn. Det er fyrst, naar han aa kalla hev vortet nøydd til det, at han hev komet seg til aa løysa litevetta, der det var bundet som stramast. Finst det difor no Frisinn i Staten vaar, so bør han av all Kraft sjaa til aa knyta upp for Folk her, og lata Skulen verta so, at det vert kvar Manns Sak, korleis han vil skula upp Borni sine, Statsmidlarne bør bytast likt til alt Skuleverk, anten det er bygt paa dei elder dei Grunnsetningar, det hev inkje Staten noko med aa granska, han hev Gagnet sitt berre i det, at Skulingi hev eit moralskt Grunnlag og at ho fær Borni fram. Og i det kyrkjelege burde det arbeidast inmot det, at Pengehjelpi fraa Staten skulde bytast likt etter Maaten til alle Slag religiøse Samfund med eit sedelegt Fyremaal, og kvar skulde vera like agtande og brukeleg, kva Slag Tru han so hadde.

No med Statsutlegg til Løner og sovoret hev her raadt den falske Trui, at det berre er den, som beintfram arbeider som Embættsmann elder er leigd til aa arbeida paa ein elder annan Maate for Staten, han er det berre, som er reiknande for ein rett Statstenar og kann krevja Hjelp, naar han vert sjuk elder gamall. Det rette er, at kvar ein Arbeidsmann er like god Statstenar og hev den same Rett til Hjelp av Staten. Difor anten ingi Pensjonar, elder so likt til alle, anten han er det elder det, anten han hev voret fatik elder rik.


Det er tvo store Folkeklassar, som no Staten baade maa gjeva Hjelp og gjeva meir Fridom; det er Arbeidaranne og so Kvendi. 
Staten bør koma til aa inkje gjera noko Forskjel paa, kven som utfører eit Arbeid, sama Rett til Tevling og sama rett til Postar og Løner, anten det er Mann elder Kvende. Ægteskapet bør Staten verja um mykje meir, so at det baade kann vera sedelegt og gjeva Trygd for Ætti.

Men det er inkje berre i sovorne Saker, at Staten maa gjeva noko av Formyndarskapen ifraa seg. Sjølve Arbeidet med Statsstyringi er det, som skal løysast ut fraa dei faae Hender og gjevast til Folket. Soleis Domarmagti, Jurysaki er det, som vil bera Framstigstanken her. Likeeins er det med Hersaki, der Staten hev raadt mest einveldugt, berre komandera utan at Folket hev fenget gjort anna enn lyda og træla. Men der ogso maa Folket raada og laga seg, som det hev Hug og Evne til. Med heile Pengestellet maa det verta so, at Folket fær det fullt i si Magt, baade med Innkomur og utgifter i Statskassa, og inkje denne Tolltakingi, som er uverdig eit fritt og fullvakset Folk. Me raar inkje rett Pengestellet vaart endaa, her er inkje naame nær Tæring etter Næring, soleis som det høver Landet. Sovorne Grunnsetningar for Politikken stend inkje til aa gjenomførast med ein Gong. Inkje paa ein Mannsalder ein Gong, naar dei skal verta fullførde. Men Arbeidet skulde likevæl sigta imot sovoret. Stig for Stig skal me ganga fram, smaatt men jamnt, aldri fara med noko radikalt, berre faa noko verkeleg gjort, so munar det nok.

Quidam.