Tidender.

 
Kristiania, den 14de Juli.

Tolsemd treng me nok til aa læra nokon kvar her i Landet. Det ser ut til, at her er endaa dei, som trur, at det var berre gudfryktige Folk, som røystad mot Diktarløn aat Kielland og Gudløysur elder aandeleg kalde, som røystad for. Sanningi er nok den, at av dei, som røystad for Diktarhjelp aat Kielland er mange likso truande og kristelege som Oftedal og Liljedahl. Ja dei hadde endaa sterkare Tru, for dei trudde inkje, at Guds Rike her i Landet vilde verta øydelagt, um Kielland fekk 1600 Kr. um Aaret. Det var baade Fritenkjarar og Kristne paa baade Sidur den Gongen, og det var vist inkje minst Fritenkjarar, som heldt med Oftedal. So mykje er iminsto vist, at hadde Fritenkjaranne av Høgre anten haldet seg burte elder røystat for Diktarløn aat Kielland, so hadde Oftedal ingen Siger vunnet den Gongen.


Nils Hertzberg hev havt det fælande annvint med aa reisa um i Landet for aa fortelja Folk um, kor faarlegt det er aa gjeva seg med Vinstre, daa det er so mange Fritenkjarar bland dei _.

Pastor Heuch sagde paa Elverumsmøtet, at um alle Vinstremenn var Kristne og alle Høgremenn Fritenkjarar, so vilde han likevæl halda lag med Høgre _ _ .

Og dei er Høgremenn og upplyste Vismenn baade tvo.

 
Høgre i Akershus vil nok bruka Myrmenn ved dette Valet og. Tru kva Fædrelandet kjem til aa segja til det.


Statsministar Richter skal vera sjukvoren av seg.
 
 
Pastor I. Belsheim, den gilde og dugande Maalmannen, hev vortet medlem av det bømiske Vitenskapsselskap.


Dømd til aa missa Livet . Høgsterett hev dømd G. M. Andreassen, han, som drap Vaktmeistar Bjørnstad, til aa missa Livet.


Lukke i Ulukka . Paa Gardemoen heldt nokre Soldatar paa aa skjota med Salonrifle inne i ei Stoga. Eit Skot gjekk av, fyrr Skjotaren var ferdig, og Kula raakad ein av Kammeratarne hans i Bringa, men gjekk inkje til Lunga. Dei hev inkje funnet Kula, men like fullt er det ingen Faare paa Ferde. Kula hev truleg raakat eit Bein, og slokket av inn i Kjøtet ein Stad.


Kolerasjuken driv endaa hardt i Spania. _ Det hev voret upptil paalag 900 um Dagen, som hev døyt av den. Dei siste Dagarne skal det ha døyt færre; men det er inkje vist, um Sjukdomen er paa Veg til aa gjeva seg for det.


Død av Myggsting . Ei Jente i Paris vart stokki paa Lippa av ein Mygg. Paa tvo Dagar hovnad Lepen og Andlitet upp, og um 5 Dagar døydde ho. Det vart gjort alt, som gjerast kunne for aa redda henne, men det var faafengt.