[Tidender.] 30,000 Menneskje.
Det
var det største Folkemøte, som nokon skulde sjaa. Det var nedi
Aarhus i Danmark. Vinstre alt saman. Heile Byen gjekk upp i
Feststemning; Musikk og Fanar og Flagd i lysande Mengd, ei Stemne paa
20,000 skreid gjenom Gaturne og uti Skogen, der Møtet vart haldet,
Hørup, Bjørnbak, Jens Busk og Pingel og andre talad. Me hev tvo
Fiendar aa strida mot, sagde Hørup, Provisoriet og
Militarismen, Tvillingdøtrar av den same Aand, av den
Atterslags-aanden, som hev setet i Høgsætet alt sidan 1866. Der
fall mange kvasse Ord, soleis sagde ein Bladstyrar Marott:
det
bør siges, at saa sørgelig er Tilstanden bleven, at vi aabenlyst
taler om Muligheden af et
Statskup. Men kommer det saa vidt, da kunde det være, at Folket
satte Revolusjonen fra neden mod Bruddet fraoven.
Det
Regimente, vi har for Tiden, er den velklædte Pøbels; men før skal
Junkerne springe for Klingen, før det danske Folk lader sig byde et
Godseierregimente.
Mange
skarpe Ord, mange fagre Ord og mangein klingande tale. Men det er
syrgjelegt aa sjaa, Politikken deira er berre som ein Brand, som ryk,
dei stend der raalause, ikkje nokon Utveg, ikkje noko muneleg Program
til aa sprengja Striden, ikkje nokor Gjerning aa setja imot, berre
Ord, Ord. So maa dei halda Motet uppe det lengste dei kann med det
vesle dei hev.
Publisert