Enno ei Stjerne.

 

”Aa sjaa, Far, sjaa den Stjerna!” ropad ein liten Gut, som stod innmed Glaset og saag so djuptenkt ut paa den Heri av Stjernur, som ei etter ei kom glyttande fram utor det endelause Blaa.

 

Og snart ropad han att: ”Enno ei Stjerne! Og der ei! Og der ei!” Og so heldt han paa altfort livlegare og fortare, ettersom dei kom fram, plent som han vilde telja dei alle og ingi missa. Men so vart han still og sagde so sagte: ”Enno ei Stjerne”, og daa seig han stilt burt i Tankar og langt inn i Stjerneverdi.

 

Seinste Tonen fra Kyrkjeklokkurne ljomad gjenom Dalen, det klang so fagert, so høgtideleg, at ein kunne tru det var eit Bod fraa Aandeheimen, hell som naar ein mitt i den andaktfulle Kyrkjeaalmugen sender upp ei brennande Bøn full av Tru, Mot og Liv og no hev vortet so høgtideleg still, daa alle bøygjer seg ned, læser Henderne og segjer sagte for seg sjølv: Amen _ Amen.

 

 

Eg forstend so godt kva den vesle Guten meinte og korleis han kjende seg til mote. Der er ein djup Filosofi i dei Ordi: Enno ei Stjerne; men eg kann kje gjera det klaart for deg kva den vesle kjende daa han gaadde at dei var uteljelege. Det er Guds Majestet som er underleg underleg underfull Herlegdom _ glidande burt i det endelause og utan aa vita det i ei stille Bøn innvovi med dei Ordi: Enno ei Stjerne.

 

Eg segjer: Aa forstanda eit sovoret Utrop let seg inkje gjera, til det er det mykje for djupt koss simpelt og einfalt mangein kann tykkja det er. Det er likevæl endelaust djupt og i det ligg der ei Smok og Kjensle av det evige Liv, ei Lokking fraa vaar Heim deruppe og ei stille Draging dit; og i den Stundi hjelpte Englarne den vesle Guten.

 

Dette er all Farens Draging til Sonen og sikkert nokk det ljosaste, fagraste og djupaste og gjer for det meste betre Mun enn all Rasling og Smelling med Helvites Pinslur, all Støkking med logande, gløsande Bragder av Djevelen, som inkje einast Methodistar og Jesuitar, men mange av dei sokalla evangeliske Prestar vil bruka til aa umvenda Folk. Eit Menneskjehjarta er ein mykje fin og kjenslefull Ting og vil og fint farast med.

 

Himelsongar utan Ord verkar mange tusund Gonger meir hell dei mest stormande Ord utan Himelklang. _ Den sagte, milde Susingi, koss sagte og mild ho er, ja nettupp fordi ho er so sagte og mild, hev fraa Verdens fyrste Tider havt mykje større Magt yver det Væsen, som er skapt i Gudebilætet, enn sjølv heilage Stormar Eldar og Jordskjelv, ja dette maa nokk og til; men det milde Aandepustet held daa Sigeren; det maatte Elias i hi Tidi læra og mange Profetar, store og smaa maatte og læra det, og du og eg maa og læra det.

 

 

(Etter Funcke ved Ingebjørg).

 

Frå Fedraheimen 01.08.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum