Grundtvigsfolket og dei kyrkjelege Spursmaal.

 
No daa dei kyrkjelege Spursmaal hev komet fram so langt, at der alt vert spurt etter ved Tingvali, korleis ein steller seg til dei framsette Forslag, er det forvitnelegt aa vita, korleis desse vert dømde fraa ymse Kantar. Til vissa trur me, at vaare Lesarar bør vita, korleis Grundtvigsflokken meiner um Saki. Her gjev me eit Utdrag av eit Stykkje, som Presten Fr. Wexelsen skriv i Magne um dette:

Me hev ikkje noko imot, at Soknefolket fær vera med og velja Presten sin, det tykkjest oss vera ei rimeleg og naturleg Sak, at det gjerest so. Eg skal ikkje orda noko um Maaten, som Valet skal gjerast paa; kor som er, so er det væl visst, at Valet vert avgjort av Fleirtaletav Veljaranne. No kann det tykkjast vera so overlag rett, Mindretalet maa gjeva tapt her som elles, naar det er Val.
 
Ja væl, naar det gjeld dei fleste Lovgjevingssaker, so er det ikkje noko anna for Mindertalet enn aa finna seg i det. Det kann ein so godt gjera utan aa meinkast i sitt Samvit.

Men det er merkjelegt, at her endaa er so faae hjaa oss, som skynar den store Skilnaden som er millom Samvitss-saker og alle andre Saker, som kann avgjerast ved Lov og Val av Fleirtalet. Det er syrgjelegt, at her endaa i Landet vaart er so lite Syn og Sans for kvar Manns Fridom. Og utan det kann ikkje noko Samfund, ikkje nokor Foreining paa aandelegVis finnast. Det er sant, som det er sagt (i Højskolebladet): Alt tyder paa, at den norske Regjeringi, som no er, hev meir Sans for Likskap enn for Fridom. Det hev det norske Vinstre venteleg samfelles med Vinstre i dei fleste andre land. Det er den franske Innverknaden, som hev ført Vinstrenamnet til Nordlandi, og den ser meir paa Likskapen enn paa Fridomen. Ved dei fleste andre lovsaker kann ein utan Faare setja Likskapen fyrst, men i Skule- og Kyrkjesaker gjeng det galet, naar ein berre tenkjer paa Likskapen.

Det er fordi dei vantar Synet og Vyrdnaden for denne personlege Fridomen, at ein 
Del no kann arbeida for ein Kyrkjeskipnad, paa den Maaten, som no vert gjort; det er audsynt, at dei vantar dette desse Reformvener, som vil hava Prestevalet avgjort etter som Fleirtalet i Soknet ynskjer det, utan samstundes aa taka Umsyn til eit Mindertal, som ikkje er tent med det, som Fleirtalet gjer.

Og so er det dette, at dei samanblandar ein Soknelyd og ein Kyrkjelyd (Menighed). Det skulde daa ikkje vera so vandt aa skyna, at fordi um Folk bur i same Soknet, so er det ikkje dermed sagt, at dei hev aandelegt Samliv, for ein rett Kyrkjelyd i kristeleg Meining er berre Samlingi av dei, som hev same Herre, Tru og Daap. Det er sanneleg stor Skiland i Sokni vaare i so Maate, og det er vist ingen, som torer standa paa, at der er Aandens Einskap millom alle som bur i Soknet.

Naar det no berre er Fleirtalet, som skal avgjera Prestevalet, er det daa alltid sagt, at eit Mindretal med godt Samvit kann finna seg i slike Avgjerdslur? _ Rimelegt er det, at nettupp Mindretalet vilde taka det mest aalvorlegt i slike Saker, medan Stordelen av Folket i mange Sokn vilde taka Umsyn, som ikkje alltid so plent kunne tena GudsSak og hans Kyrkjelyd.

Vaar Meining er den, at naar ein vil vera rettferdug, so finst det ingen annan Utveg enn Soknefridom og Valkyrkjur. Ja eg trur, at det var dette, som det nett skulde takast aat med fyrst. Det tykkjest at dei, som er viljuge til aa gjera store Offer for si aandelege Trong, dei skulde hava det fyrste og største Kravet paa aa faa ein frigjerande Lov, aa faa Løyve til paa eigen Kostnad aa taka seg ein Prest, som skulde faa same Godkjenning som andre Prestar og standa under det sedvanlege Uppsyn _ soleis som det no hev voret lenge i Danmark, utan at dei hev set anna enn gode Fylgjur. Her hjaa oss er det greidt, at det skal so mykje større Offer til, so der skal ei aalvorleg og sterk Trong, naar eit Mindretal raar seg til aa velja den Utvegen. Men at her er ei slik Trong, og at ho vil auka meir og meir, det tvilar eg ikkje paa. Dersom ein fyrst og fremst tenkjer paa Løysning av Soknebandet og Valsokn, daakann det ogso ganga an aa gjeva Folket Rett til aa velja Prest; i motsett Fall er me imot Umbøterne aat Reformvenerne, me maa vera det i vaar Fridoms og Samvits Namn.

Dette Menighedsraadet tykkjer me ikkje er noko ynskjelegt. Kven skal det veljast av? Væl av Soknefolket, soframt dei ikkje er utestengde fraa Røysterett. Kva Skilnad vert det so i Grunnen millom eit sodant Sokneraad og Formannskapet elder Heradstyret? Meforstend det ikkje. I eit fritt Kyrkjesokn kunne me skyna det, men ikkje i eit sodant Sokn, som helst er = ein Kommune. _ Det vilde verta Sprengstoff for Statskyrkja, fæler eg. _ Som sagt, me hev ikkje noko imot, at Soknefolket fær vera med og velja Prest; men so kjem det Spursmaalet: kven er det, som ein kann velja paa? Det maa daa vera slike, som hev teket Prest-eksamen¹). Det er ikkje Tvil um anna, enn at det er mange baade dugelege og aalvorlege Menn millom dei. Men det tykkjest baade meg og mange andre visst, at Prestelæra hjaa oss ikkje er som ho maatte vera, for at Folket kunne faa Kyrkjetenarar, som rett kunne verka til Vælsigning, til aa samla ein verkeleg Kyrkjelyd paa Truisin Grunn.

Det som me framfor alt treng um, det er Liv og Aand, Aandens Kome yver baade Prestar og Lækfolk. Elles vert det ikkje noko rett Liv i Kyrkjelyden, ikkje noko rett vælsignat Arbeid for det.

Dei talar um Organisasjon, men lat oss merka oss, at ein Organisme er noko livande, der alle Delarne vert haldne saman av eit inre Liv. Det tykkjest meg, som um dei paatenkte Umvølingar i Statskyrkja vaar meir liknar Mekanismeenn Organisme. I det, som er samansett paa mekanisk Maate, er der ikkje Liv, ikkje Rørsle. Den kjem fyrst med Dampen, som du slepper paa det, Aandener i Kyrkjeforfatningi denne Dampen, denne drivande Krafti.

Dei talar mykje um, at Kyrkja vantar ei Forfatning og vantar Menn til aa orda sine Krav og ynskje. Forfatningi til Guds Kyrkjelyd tykkjest mange aa vanagta, den, meiner eg, som hev voret ifraa Fyrstningi. 
Guds Kyrkjelyd kann ingen sjaa, han er ikkje til aa sjaa; men han er til aa høyra; han er der, som truande Menneskje vedkjennest si Tru, Trui aat den heilage aalmenne Kyrkja, som liver i Hjartat, derifraa gjeng den livande Forkynning ut til Uppbygging for dei, som er komne, og med Innbjoding til dei, som endaa stend utanfor. _ Der vil Aanden søkjast, og der er han visseleg til aa finna.

Gudskjelov! det kjem ikkje an paa Mengdi, paa Fleirtalet her, for var vi paa Jord ei mere end to, bygge dog vilde Hanog bo hos os i hele sin Vælde. Og samles vi kan da med vor Drot selv i den laveste Hytte.

Skal ikkje denne Hytte for mange liggja utanforFolkekyrkja (Statskyrkja), men faa Løyve til aa standa innanfor ho, skal ikkje Statskyrkja sprengjast, og ein Skog av Frimenigheder med Tidi veksa upp, daa fær ein vera lite varsam med aa tvinga fram ei Kyrkjeforfatning og under Arbeidet for Presteval m. m. tenkja paa aa stydja Kravet paa Mindretalet ogso!

¹) Endaa etter vaar Meining burde ein kunna velja andre enn Akademiker. Kvifor skulde ikkje Lækmenn kunna veljast; naar dei visar seg jamgode med Kandidatarne. Men _ det er væl langt fram til aa vona noko i den Vegen.