Hr. Bladstyrar!


Fyrst vil eg takka Fedrah. for det han skreiv um Striden millom Vp. og V. G. og um Vp. og vaart kyrkjelege Sjølvstyre. Det var Ord i rett Tid.

No ser eg, at ein n. er ute og ankar paa sumt av det, som der er sagt. Han vil soleis protestera mot, at Vp. hadde Skuld i Striden. Fedrah. tek imist, segjer han, naar han trur, at Vp. og Flokken hans vilde hava Æra og Baten av Semja i fjor.

Eg kann likso godt fyrst som sist segja, at eg i mange Maatar held meire med Vp. enn noko anna Blad, men det hindrar meg inkje i aa koma med Motmæle mot sumt av det, som kjem fraa den Kanten. Naar det soleis er Tale um, kven, som byrjad Striden, so vil eg segja, at for meg stend det so, at det var Vp. Han kastad seg upp til Tolk for det norske Folk, endaa han inkje hadde større Rett til det, enn eg og n. og einkvar annan. Det var soleis inkje noko Sjeldsyn for ei Tid sidan, at Vp. kom med Ord paalag som so: Aa nei, dei tek imist, det var inkje det Folket vilde, daa det stod mot Selmer. Men det som Folket vilde, det fall altid so merkjeleg saman med det, som Vp. vilde. Maa eg so spyrja: Tyder inkje dette paa det, at Vp. vilde hava det, som vart vunnet ved Semja, serleg for Flokken sin. Eg skal med det sama leggja til, at det inkje er god Bladskikk aa slaa paa Stortrumma aa segja: 
Dette vil Folket! Eit Blad skal halda seg til Sak og agitere for sine Meiningar, og so segjer Folket sjølv kva det vil, naar det gjeng til Val. So hev det voret, og so vert det.

So segjer Hr. n., at det inkje var alle frilynde, som hadde like store Æra av Semja; det var sume som stod mot. Men det segjer Hr. n. fordi han røder um Ting, som han hev forlitet Kjennskap til. Sanningi er den, at dei som ævde seg ved aa gaa med paa Semja, naar me hadde Von um eit halvt Høgreministerium, kom i ei leid Stelling. Dei kom med Ankarne sine paa eit Møte i Vinstreforeiningi, og det var Bladi taktlause nok til aa skriva um. Det saag soleis ut, som dei sette seg imot meir enn Tilfellet var. Me saag og, at dei gjekk med i 
Tinget.

Det er i Trudoms- og Kyrkjesaker Vp. og V. G. skil seg, segjer n. Til det skal eg svara, at det, som var framme, daa Striden var heitast, var Kiellandssaki. Og eg hev mine Tvil um, at Vp. og Oftedal her stod mest paa kristeleg Grunn. Eg trur iminsto inkje, at dei her uppfyllte det Bodet: Gjer mot andre, som du vil, at andre skal gjera mot deg.


So vil eg beda Hr. n. tenkja seg um, fyrr han skuldar nokon for aa bruka Speord. For ein Ting er greid, og det er, at anten hev me Austlendingar ingi Greide paa, kva Speord er, elder so hev Vp. brukt meir av den Vare enn hans Vener her finn høvelegt.

Naar Hr. n. segjer, at ein og kvar veit, at det inkje er sant, at Vp. hev sleget paa det, at dei som røystad for Diktarhjelp aat Kielland var Fritenkjarar og Gudløysur, so vil eg beda han taka for seg Vp. og lesa alt, som er skrivet um den Saki, og dersom han daa inkje skulde finna noko, som peikad den Leidi, so les han inkje paa sama Maate, som me paa desse Kantar.

At fleire av Vinstre vil røysta med Høgre mot Jak. Sverdrups Framlegg, det er noko, som inkje Fedrah. hev funnet paa. Det er noko, som no er Samtaleemne bland Vinstreveljaranne fleire Stader. Og eg maa gjeva Fedrah.Rett i, at Oftedal her hev største Skuldi. Det var mange, som vart uppskræmde av hans utolsame Skrivemaate, og vilde tenkja seg um baade ein Gong og tvo, fyr dei for Aalvor slog lag med han. Um det er so alle Stader i landet, det kjenner inkje eg til, men det er iminsto so her.

Um det, som Vp. skreiv um Valet i S. Bergenhus i Nr. 77 og 81 skal eg berre segja, at for meg saag det ut som at det kom fyrst, daa Vp. skynad, at han vilde gjera seg umogeleg ved aa halda Stemna si fram.

Til Slutten vil eg segja, at eg inkje hev skrivet dette for aa svorta Vestlandsp. Det er eit godt Blad; men det hev etter mi Meining sine Lyte, og det er dei eg hev peikt paa her. Eg les Bladet og vil framleides lesa det, for eg er i det store og heile likso glad i det som Hr. n., det er eg stød paa. Men eit elder anna Lyte vilde eg vera glad, um det lagde av.

Austlandet i Juli 1885.
 
T. B .