Tidender.

Kristiania, den 31te Juli.

L. L. Daaae hev ogso voret i Hardanger og skulde erobre. Men det gjekk nok galet. Daa han kom paa Talarstolen, vart det ei Moro for Folk, skriv V. G. Og til lenger han heldt paa, til større vart Moroi, dei log, berre so det stod etter. Men den som ikkje log, det var Daae, han strauk paa Dør i eit fælande Sinne. 
Men aldri so snart var han ute, fyrr han, her i dette Hardanger,
 
hvor usalig Lyst til Synder
dæmpes, Lidenskaben tæmmes
Løven lig i Barnets Snor
kun ved Syn af Egnens Ynde,

kom i Slagsmaal med ein Mann, Ola Haugesanden. For han meinte paa det, at Daae gjorde ikkje so mange Proselytar i Hardanger. Daa foor Daae radt paa Mannen, treiv han i Trøyekragen og skok og riste han. Haugesanden tok Vitne paa den lærde Mannen og skal nok vilja saka han for Yverfall paa meinlaus Mann.


Det nye Departement for offentlege Arbeid , som Grosserar Astrup kjem til aa yvertaka, vil faa desse Arbeidsgreiner under seg: Stellet med Vegjer og Jarnbanar, Brandforsikring, geologiske Granskingar, den europæiske Gradmæling, offentlege Grunneigedomar, Hamnegreidurne, Fyr-, merkje- og Ringegreidurne.
 
 
Til Statsministar i Stockholm etter Richter nemner dei no Statsraad Jacob Stang. Morgbl . Er overlag sælt for, at Steen ikkje kjem til aa faa det nye Dept., men hans Tid kunne væl koma endaa.
 
 
Stortingsvalet i Telefylket skal haldast den 21de Oktober i Skien.

 
Fraa Det norske Samlaget . Utkomet er Fraa 1830 _ 1852. Eit Stykkje av Heimssoga. 216 Sidur. Pris Kr. 2.25.

Som Tillegg er vedheft Aarsmeldingi til Samlaget for 1884 og Medlemsliste med Kvittering.
 

Diktaranne vaare. Henrik Ibsen hev sleget seg ned paa Molde, han vil halda seg der i Sumar, er det sagt. Arne Garborg hev hoppat paa Hjellen, han hev foket til Heidar, 30 Mil ovan Kristiania. Han hev sett seg upp ei Stoge i ville Heidi, langt burti Einmennom nørdst nordi Østerdalen. Kolbotten heiter Plassen hans. Der gjeng han sullar og lonar plent for sjølve seg, grunar og skriv, kokar Kaffi og Graut og kva som høver, grev Veiter, reikar uppi Fjelli og ror paa den blanke Fjorden.


Ved Høgskulemøtet paa Sagatun den 5te, 6te og 7de August vil Sverdrups Skuleframlegg koma til Forhandling rimelegvis 1ste elder 2dre Dagen. Chr. Bruun vil innleida. Dansken Ludvig Skrøder vil koma til Møtet og fleire Svenskar.
 
Desse Emne er sette upp til Forhandling:

1) Korleis ein kristen skal halda seg til Politikken (V. Ullmann elder Dansken Prest Hostrup). 2) Um dei gamle Myther i Ungdomsundervisningi (Arvesen). 3) Um samfelles Undervisning for Gutar og Gjentur. 4) Fredssaki og Kristendomen (Svensken Høgskulestyrar T. Holmberg). 5) Er Kristendomens Meining um aa gjenomtrengja det menneskjelege best tent med Statskyrkje elder Frikyrkje? (Holmberg).
Møti byrjar Kl. 10 kvar Dag.


Skyttarfesten for Landet sunnanfjells skal haldast ved Skarnes(Kongsvingerbanen) den 16de, 17de og kanskje 18de August.


Alle Valmannsval i Hordafylket (S. Bergenhus) skal haldast paa same Dagen, den 1ste Septbr.


Paa reint kvitt Papir maa Røystesetlarne verta skrivne, elles vert dei ikkje godkjende.


Sume Storsvenskar er so uppsette paa Norig no, at dei vil ikkje drikka norsk Akevit lenger. Er det av dei rette Gutarne, so vert det vist vandt aa halda ein slik Lovnad, for skal ein hava godt Brennevin, so maa ein til Norig, for me kann daa noko me og _ brenna Brennevin.

Naar Modersmaalets Betydning og Nasjonalfølelsen er blevet mer levende, vil ialfald ingen norske Bønder mer _ saaledes som nylig endel her i Amtet _ gjøre sig latterlige ved at skrive Valgprogrammer mod det Maal, de selv taler fra Morgen til Kvæld. (Dagsp.)


Fraa Evanger . Her er me inkje komne vidare langt i Maalvegen. Maalsamlag er inkje komet i Gong helder endaa. Men her er vist mange som tykkjer godt um Landsmaalet, og vilde gjerna det skulde koma meir i bruk. Men det er eit Ord, eg hev lagt Merkje til, som oftast kjem slengjande etter... me er so lite vande med aa lesa det. For slikt veit eg so godt Raad. Me er so hepne no, aa hava ei heil 
mengd av Bøker, og Blad som kjem ut paa det norske Maalet, skaff dykk av deim. Gutar og Gjentur slaa dykk saman, og vert Medlemer av det norske Samlaget; de vil vist aldri trega
paa det. Ei Gjenta .


Katten brukar jamt aa vaska seg med Potarne, naar han hev fenget seg Mat. Det hev han ikkje gjort alle Tider; fyrr brukad han aa vaska seg berre naar det so høvde seg. Men so ein Gong hadde han fenget i ein Sporv og sette Labben paa og skulde til aa nossa seg. _ 
Kva er du for ein _ sagde Sporven _ vaskar du deg ikkje, fyrr du et helder du daa? Katten skvatt til, daa han høyrde sovoret og sputtad paa Labben og tok til aa skura seg i Andlitet. 
So flaug Sporven. Men daa vart Pus vond, og han lovad paa det, at heretter skal eg fyrst eta lel og so vaska meg.
 
Og soleis gjer alle Kattar endaa den Dag i dag.


Ikornet er Rovdyr. Det var ein Landhandlar, som hadde eit tamt Ikorn; so vilde han prøva, um det var so, at det aat Kjøt. Jau Spikjekjøt aat det, likad det retteleg væl. So tok han ei Stuttbyrse og skaut ei Kjøtmeise og lagde fram for Ikornet. Jau det tok Fuglen straks millom Frambeini, snudde paa han og lugtad, tok so til aa eta, fyrst eine Kloi, so so dei andre, so heile Foten, so paa andre Fo-
ten heilt upp aat Hælen. So tok det fat paa Nebbet, det gjekk ogso ned. So til aa plukka Fjør, berre so det fauk. Og um ei liti Stund hadde det havt i seg heile Skrotten, det laag berre ein Fjørhaug att.


Nytt Andlit . Ein svensk Lækjar hev sett nytt Andlit paa ein Gut, daa det gamle heldt paa og rotna burt. Han hev lagat baade Nase og Gome og Tenn og Lippe. Guten kann baade eta og tala greidt og ser nokso folkeleg ut.