[Tidender.] Live Anarkiet! Hurra!


Og eit Hurra vil ljoma utyver alle Grunnlovsforeiningar og alle Høgres Profetar alt ifraa Professorar og ned til det Hundretal av leigde Bygdeagentar vil faa Blod paa Tunga, og dei vil med ny Eldhug forkynna um Vinstres furdelege Planar og løynlege Raad. Huglause stod dei der, dei hadde preikat so lenge um Vinstres Fyretak og Hjartans Raad, dei hadde preikat um Unionshat, um Vantru, um Uppløysing av Ækteskapet _ dei hadde preikat so væl og lenge, at dei ikkje hadde meir aa tala um, dei hadde preikat so lenge, at ingen meir trudde dei _ kva skulde dei so finna paa, fanst det nokor Skulding meir, fanst det noko Blendreverk som kunne vera brukelegt til aa kaste Folk i Augo, sukkad dei i si Naud, fanst det nokor brukeleg Lygn elder eitkvart soleis, som kann tola og slitast paa eit par Maanar, utan at Forgyllingi gjeng av _so kome med det, den som mest veit. So sukkad dei i si Naud.

Men gamle Friele, han er ikkje tufs han. Han skaffar nok sine deira aandelege Føde i rette Tid han. Um han og skal dikta lite Grand, so var det ikkje fyrste Gongen det hende med den Karen. Han kann daa faa det i hop so godt, at det heng saman eitpar Maanar tilvissa.

Jau Friele hev lenge argat seg yver, at Vinstre vart so reint pæne og stillfarande, sidan dei kom til Magti, det er ingen som ser noko til den skræmelege Udygdi og kallege radikalismen, som vilde fylgja Sverdrup, fyrst han kom fram. Alt gjeng so fint og fredelegt, at høgre vert fulle av Blygsle. Men Friele nøgjer seg ikkje med det, som visar seg paa Yverflata; med Katteaugo granskar han dei radikale i deira Hjartans myrke Djup. Halvborne Raader og ufødde Tankar _ ingen Ting kann løyna seg for han. Det vart væl smaatt med Trui paa Fyrevisdomen hans no paa det siste. Men Lukka er betre enn Forstandet. I desse Dagar hev han gjort eit Fund, som soleklaart skal visa alle, at han hev havt Rett; han hev funnet svart paa kvitt for, at Vinstres Maal er ikkje mindre enn det reine Anarki. Og han visar den raude Fana fram til Støkk og Rædsle for alle vælsinnad Borgarar, paa den stend det skrevet: Live Anarkiet! _ Me fæler og blygjest reint ved aa fortelja vaare Lesarar, at det er i vaart skikkelege Blad, at han hev funnet dette forskræmelege Ufryskje.

Og Friele støyter i Luren og blæs ut med skingrande Mæle: Hurra, hei, der hava me dei! Og alle Smaatrompetarne vil svara: Amen.
 
Kva er det daa han hev funnet, som no kann gjera han so rødug og høgmælt?
 
Jau han hev funnet:
 
Det Garborgske Statsideal elder Statssystem.
 
Sine funnvise Ord byrjar han so:
 
Den yderste Konsekvens af det nu herskende Demagogi har det dog været forbeholdten af Partiets mest betroede og mest belønnede _ Mænd at drage. Det er Statsrevisor og Literat A. Garborg, som i sit Blad Fedraheimendocerer, at et selvstændigt besluttende Storting i Grunden er en ligesaa stor demokratisk Uting som en selvstændig Kongemagt og en selvstændig Regjering.

Friele er ein gamall og røynd Mann, og han veit som sagt um Vinstres inste Tankar. 
For honom er det da heller ikke saa kuriøst, at sovoret kjem fram. Han hev nok lenge vist um det, at det er til Anarkiet Vinstres lyster gjeng. Han tek det med Ro. Anarkiet, segjer han, der ingenlunde er særdeles fjernt beslægtet med et andet politisk Ideal, som nutildags er en vogue _ vi mene Folkesuveræniteten _, er da ogsaa en Statsform, som nutildags tæller mange begeistrede Tilhængere. Den kan ogsaa smigre sig med at være den sidste og naturlige Konsekvens af de Ideer, som rører sig i vore mer avancerede Radikaleres Hjerner.

Kva kann det væl nytta oss aa motsegja og avsanna, naar Morgenbl. segjer at det er so?

Um me vilde negta, at Vinstre arbeider for Anarkiet, negta at Fedraheimens Program var aa nedstøyta Stortinget, um me vilde visa Friele, at han ikkje hev leset etter Meining og Samanheng i Stykki um Stortingsvali, og at dei var skrivne av Merkjet Quidamog at hans Valprogram var langt annleis enn Morgenbl. set det fram, um me vilde fortelja uppatt at Fedrah. ikkje hev voret styrt av Garborg no paa fleire Aar, elder bygt paa noko Garborgsk Statsideal _ um me vilde segja, at Bladet her hev rørt i hop ein Villing so tjukk, at Skeidi kunne standa i han _

kva kunne det alt nytta oss, naar han Friele hev ei onnor Meining? Elder hev nokon høyrt, at han hev attrat og gjenget attpaa sine Ord.

Um me berre vilde spyrja, korleis han kann kalla den for en af Partiets mest belønnede Mænd , som Partiet løner paa den Maaten, at det negtar Reisepengar for Skuld hans Meiningar _

kva kunne jamvæl det nytta?

Tru ikkje Friele starks vilde koma med Bibelen i Haand og spyrja: Stend det ikkje skrevet, at den som ein elskar, honom tuktar ein tidleg?