[Tidender.] Maalsaki.


For væl eit Aar sidan skipad me her i Stjørdalen eit Ungdomslag, som me kallad Framm, der me hev Møte so ein Gong i kvar Maanad. Me samtalad daa um ymse Ting og Skipnader, desutan hev me leset upp Bøker, som t. D. Vore Besteforeldre hans Janson, Bondestudentar hans Garborg, Fraa Dansketidi med flere. Fedraheimen, som me fær sendt, er me mykje glade i, og ynskje honom all Framgang. So hev me eit handskrevet Blad, som heiter Strævarn, som me vel ein Redaktør aat for kvart Møte, som han hev noko nytt aa lesa upp aat oss.

No sist me hadde Møte, samtalad me um Maalsaki. Alle som ein ynskte, at det norske Maalet meir og meir maa vinna fram til sin 
Rett og samdest me um eit sovoret

Vedtak:

Foreningen udtaler sin Tilslutning til Maalsagen, og ønsker, at det norske Maal maa vinde frem til Seier i Norges Land.

Stjørdalen i Juli 1885.

Med Vyrdnad

Nils Olsen ,
f. t. Formann.