[Tidender.] Stakkars Kaupmann!

 
Han var so sinnad paa Fedraheimen, at han skolv, daa han stod med honom i Haandi.

Eine Drengen hans var fersk Høgskulegut. 
Han hadde fenget Elsk til Maalet, og difor tingad han Fedrah. Men Kaupmannen _ _ han hadde ikkje Elsk til Maalet _ _ Stakkar!

Medan det berre var den eine av Drengom hans, som heldt Fedrah., fekk det skura. Men Visarguten var nasevis nok til aa faa ein av Kameratarne sine til aa tinga Fedrah. og.

Nei, det kune ikkje ganga.

Kaupmannen til aa skjella ut Visarguten sin: Fedrah. er det største Skarveblad som kjem ut i Landet. Det er ein Skarv, som gjev det ut og. Sliks H _Skap skal du halda og forgifta Folket mitt med _ ditt Narr. Soleis heldt han paa framigjenom og sae, at han heldt Namnet sitt for godt til aa staa som Adresse paa eit slikt Fillebald.

Eg tykkjer Synd i denne vituge Kaupmann. Skal tru inkje slike Menn ein vakker Dag stryk fraa dette Landet, som er so uppfyllt med Styggedom, at her vert utgjevet Blad paa Fedramaalet og Folket kring By og Bygd tingar dei.

Naustdal, 1 _8 _85.

Mons Litlere