Ny Tingmann for Bratsberg.

I Fedraheimen hev det voret ein Fyrisdøl ute og peika paa ein ny Tingmann istaden for H. Bentsen som flyt utor Valkrinsen. Denne heiter John Killand. Daa eg inkje kjenner han nokovidare skal eg kje segja noko um det. Men eg kjenner ein annan, Lensmann S. Knutsen fraa Rauland, som ville fylle Plassen sin paa Tinget so godt som nokon annan Bonde fraa Telemorki. Han er Bonde og bondefødd. Han er i sine beste Aar og hev meir hell aalmennelege Gaavur og mange og mangesidige Kunnskapar. Han er Maalstrævar og ein ivrig Maalsmann for Sparetanken. Endaa han hev fleire Gonger voret Valmann, er han litet kjend, og det kjem seg av det, at han jamt hev haldet seg tilbakars i Ordskiftet. Dette kjem seg av, at han er hosta bljug og forrædd for aa ”stikke seg fram”. At han hev Ore i si Magt og hev sett seg godt inn i vaart politiske Styr og Stell, det kom tilsyne ved seinste Valmanns-val. Presten og nokre andre Høgremenner i Rauland sette eit Diskusjonsmøte fyrr Vale, men blei so grundigt slegne i Ordskiftet av lensmannen, at dei maatte tegja. P. Rinde og O. Sveinson maa etter mi Meining forutan Tvil veljast att. Det kann henda, at eg sidan kjem til aa segja nokre Ord um Tomesens Val.

 

4/8 85.

 

R.

 

Frå Fedraheimen 08.08.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum