Svein Skyttar. [Forteljing til Utklypp]

 
(Del 10 av 11. Fyrste delen.)
 
-40-

_ Smidjeamboden hans hadde gode dagar. Det meste, den var i Bruk um Aaret, var um Vaararne, daa Timmerfløytingi gjekk framum Haugen. Fløytaranne laut daa kvessa Fløytehakarne; men dei hadde ingen annan enn Svein aa ganga aat, og daa var han inkje so slem aa tala ved helder, for Vaarknipa hadde teket so hardt paa han, at han var glad han fekk gjera noko, som han kunne liva lite med.


IX.

Blakken hadde han mange Aar og fødde honom halve Vintrarne med Granbar og Bjørkekvist. Det vesle han forad um Sumrarne, rakk sjeldan yver Joli. Sidan hadde han inkje meir Høy aat honom enn eikor Vogi, han fekk laant, og det var inkje mange. Alle sae, at det var likare aa gjeva honom ei Vog, av den Grunn, at dei da fekk Takk for ho. Dei fekk inkje att so mykje helder, naar dei laante honom noko.

Hesten sin heldt han svært av; men ein Dag laut han gjeva han fraa seg. Det var straks etter Jol. Svein skulde burt paa Fjellet etter noko Høy, han hadde der. Daa han kom øvst paa Lidi, vart det so stygt Ver, so det var raadlaust aa koma lenger. Men han syntest, han trengde ha noko for Vegen. Han reiste burt paa ei Sæter, som laag nære ved, braut seg inn i ein Laave og lagde paa Lass. Daa han kom ned i Dalen med Lasset, var han so uheppen aa raaka Mannen, han hadde stolet Høyet ifraa. Han skynad straks, at det var Høy or Laaven sin, for han viste, at Svein inkje hadde noko Sæterhøy. Han vilde ta Svein og ha honom til Lensmannen med ein Gong.

Svein vart ille ved. Han tok til aa graata og lovad ein Elg og ein Bjørn for aa faa sleppa; men det munad inkje noko. So lovad han Reinskinnmudden sin og eit Kjøtlaar til, men det var


-37-
 
Svein kom med ein Gogn langt burt paa Isen. Han kom paa Føterne att og til aa banna for, at han inkje hadde skott Hesten sin betre, fyrr han reiste. Dei, som stod uppe paa Garden og saag paa, lo so dei nær vilde siga i hop.

Tenestgutarne laut tilslutt ut paa Isen og hjelpa honom med aa faa Blakken paa Føterne og Sleden og Skaakstubbarne tilgards. Og dermed vart det slut med Kappkøyringi og Skrytingi av Blakken.


Det bar inn i Stova att med alle saman. Svein tok til aa fortelja fraa den Tidi han var i Nordland. Mannen, Kjeringi og Borni sat og høyrde paa og smaaflirde.


Ut paa Eftan kom Tenestguten paa Nordigard inn med Bod fraa Per og Inge, um at det skulde verta Dans hjaa dei um Kvelden, og bad, at Mannen, Kjeringi, Borni og alle Tenaranne maatte koma. Ja, er det paa denne Maaten, so er det væl best, at eg ber fram Ærindi mi og lagad meg paa Heimvegen, sa Svein stutt og reiste seg upp fraa Stolen. Aa det hastar væl inkje med deg. 
Det er Joli no, Du kann vera med paa Dansen ikveld, Du ogso. Per hev ein heil Anker Brennevin og soleis treng det vera Hjelpi, svarad Mannen. Nei eg hev inkje fenget Bod, og som ein Svoltekrok vil eg inkje ganga. Eg hev Mat og Drykk det eg tarv heime, meinte Svein. Jaumen kann du ganga paa Dansen. Eg er sikker um, at Per og Inge gjerne vil du skal koma, men dei viste inkje, at du var her, sa Guten, Ja so hels dei paa det, at eg er her, og at eg skal passa meg, so eg inkje slit ut korkje Dørstokken elder Golvet i Nystoga deira, sa Svein, og hev de Tid, so vil eg faa tala eit Par Ord ved dykk strakst, det fyrste er det beste. _ Det bar ut i Bakstova med alle tri, Mannen og 
Svein sette seg paa kvar sin Stol og Kjeringi paa Sengi. Det var stilt ei liti Rid. Daa sa Mannen: Du fær koma med Ærindi di no daa. _ Svein tok ein diger Skraa i Kjeften og sputtad eit
 
10


-38-
 
Par Gonger, so sa han: Eg vil høyra aat, um eg skal faa Dotter Dykkar. Pytt; Stortosk, mulrad Mannen og riste paa Hovudet. Kjeringi flirte og gjekk. Jau, det er mitt reine Aalvor det eg segjer, tok Svein til att. Eg er nok so fatik, som du ser meg, men eg tenkjer du er ein so upplyst Mann, so du kjenner Ordtøkje: Ein skal inkje skoda Hunden etter Haari og Fanten etter Fillurne. _ Eg skal tena Dalar i hundradvis um Aaret med Byrsa mi, og ho skal faa ganga i Dreielserk og Silkjekjole kvar einaste Dag Aaret rundt, um ho vil. _ Det er inkje noko Tøv eg fer med. Eg hev teket til med Timring; men eg veit inkje kormykje eg skal gjera av det fyrr eg fær sjaa, um eg skal vera aaleine elder inkje. Ho Ingrid hev eg tenkt paa alt sidan eg vart vaksen. _ Ho og ingen annan vil eg ha. Det er det eg vil faa Greide paa no, um eg skal faa ho elder inkje, og soleis synest eg, at eg vil faa eit aalvorslegt Svar. _ _ Kanskje du synest ho er meg for god? _ Ja det er nok inkje fritt for anna enn eg synest det, ditt Stornarr. Det er noko aa bry Folk uti Bakstova for slikt Tull, sa Mannen og reiste seg upp fraa Stolen. Men Svein vart ein Kar. Han spratt upp, spente Stolarne yverende, slog i Veslebordet, so ei Tobak-kasse og ein Ljosstake, som stod paa det, skranglad paa Golvet. Deretter gjekk han fram i Kjøkenet, tok i Langbordet og vilde velta det um med Maten paa; men daa vart Mannen sint. Han tok Svein i Trøyekragen og hivde han gjenom Døri og langt ut paa Garden med ein Gong. So tok han Reinskinnmudden og Finnskorne og hivde etter, so Lorten fauk, og sae: Ein fær ha Klædi paa Kroppen sjølv, den som skal tala um aa klæda andre.

Svein knytte ihop att Skaaki med Taumarne, sovidt at han fekk Sleden med seg, og drog skamfull avgarde.
Dette var siste Gong han var paa Fri-ing.
 
 
-39-

 
VIII.
 
Slik som Laaven var, daa han slengde fraa seg Øksi og skulde i Vegen paa Fri-ing, vart han standande solenge Svein livde. Stoga si gjorde han helder inkje meire ved. Mest talad han paa, at han vidle riva av ho Taket og timra paa ho ei Høgd til; men det vart inkje.

Eg vil inkje fara aa reka Gardarne millom paa Smiding lenger. Dei, som vil ha meg til aa gjera noko etter denne Dag, fær vera so snilde som aa koma hit. Det finst inkje ei Smidje i heile Dalen, som det er sopass Ambod i, so det gjeng an aa gjera noko med, som det er nokor Gjerd paa, sa han ein Dag, medan han heldt paa med aa leggja Grunnsteinarne til eit lite Hus ovanfyre Stoga si.

Dei skynad no, at han vilde setja upp Smidje. Men det vart lenge aa venta til ho vart istand. Arbeidde han paa ho ein Dag, so kunne det vera mange Vikur att, som han inkje gjorde noko paa ho.

Endeleg vart ho sovidt istand, so han tok til aa smida; men ho var endaa inkje stort meir enn halvferdug. Tak hadde han berre paa eine Sida og Aaren var sovidt jamnhøg med Veggen, men slik vart ho standande.

Det vart inkje so svært mange, som gjekk til Haugen for aa faa Svein til aa smida. Det var berre av dei, som var mest i Beit. 
Dei likad daarleg Arbeidet hans og endaa daarlegare Kjeften hans. 
Dei, som skulde tenkja aa faa han til aa gjera noko, laut passa paa aa koma, naar han var som verst i Beit for Mat. Aa faa han til aa gjera noko, naar han hadde ein Matbite i Stoga, var mest raadlaust, um ein gjorde seg nok so fin. Det var svært til 
Kraaking støtt. Kunne inkje du ha komet i rett Tid. Eg hev anna aa gjera enn aa fara med slikt Fanteri. Eg er inkje pligtug aa standa paa Post for deg o. s. b., fekk dei som jamnaste høyra.

( Meir.)