Tidender.


Kristiania, den 7de August.
 
Regjeringi. Statsraad Blix hev fenget Lov til aa vera utanlands 6 Vikur, Han vil vera ved Karlstad for Helsa si. Naar det lid paa vil ogso Statsministar Richter gjera ein Badetur. Statsraad Arctander reiser til Stockholm. Statsministar Sverdrup vil reisa burt ei 14 Dagar.

Richter vert standande som Statsministar endaa ei Tid utigjenom. Konsulatposten i London skal lysast ut ledig, so kann daa han søkja paa den like godt endaa.
 
 
Um dei dømde Statsraadarne kann veljast utanum Bustaden sin elder um dei hev mist den
Retten, der um fell Domen ymis. V. G . og Budstk. meiner, at dei ikkje kann veljast, men Morgbl. og Dagbl. meiner jau dei kann. Dagbl. segjer, at skulde ein hindra dei, so var det einast paa den Maaten, at ein sette Kriminalloven fraa 1842 yver Grunnloven, og at det er Skil paa aa verta dømd til Afsættelse og til Embedsfortabelse.


Ein  Prest i Akershus vart skuldad for det, at han hadde lagat 9 Myrmenn. _ Nei det hev eg ikkje, svarar Presten, han var vond paa Myrmannsstellet, han hadde berre kostat Skyldsetjing paa Plassarne deira segjer han, og det er jamvæl uvist, um dei kjem til aa bruka Røysteretten sin, thi dette beror i væsentligst paa Aas Grundlovsforenings Direktion, til hvem jeg overlader Afgjørelsen af denne Sag.

Det er rett Prest det, som hev Umhug for sine. Men _ det skal vera Høgreforeiningi, som skal avgjera, um dei skal faa Lov til aa røyste. Hev dei ikkje rette Liten daa, so veit dei der er ingi Von, dei skal ganga paa Prøve og kjennast etter fyrst. Jau det er Fridom.


Herrefoss Vinstresamlag (Aust-Agder) hadde Møte den 4de Juli. Maalsaki var til Forhandling. Kr. Stalleland fraa Landvik heldt Fyredrag. Tilslutt samdest dei um eit sovoret.

Vedtak:

Herrefoss Vinstresamlag er heilt med paa Reisningi av det norske Maalet og takkar Regjering og Storting for det dei hev gjort til Framhjelp for Maalsaki.


Byraasjef A. Grønvold skal verta Ekspedisjonssekretær i Arbeidsdepartementet.

 
Hallingluren heldt nyleg Kappblaasing paa Lur og Prillarhorn for Aal og Hol Prestegjeld. 20 Blaasarar hadde møtt fram; dei fleste med Lur. Det vart utdelat 11 Premiar, derimillom til 2 Gutar under 12 Aar. Ungdomen var best til aa blaasa paa Lur, Gamlingarne paa Horn. Beste Lurblaasaren var ei Gjente paa 18 Aar, Margit Strand, beste Hornblaasaren Ole Kolbjørnsgard, var 70 Aar. Formannen, Kyrkjesongar Berg, gjorde ein lang Tale fyre Premiutdelingi og greidde ut um sovoret Spil, kva det hadde paa seg. Saki hadde ogso gjenget fram, sagde han. Iaar hadde han motteket 20 Kr. fraa Løytnant Magnus i Kristiania og 13 Kr. ved Stud. H. Gjønnæs, Aamlid. Noko Stormøte skudle ikkje haldast iaar, men nokre smaae. Til Veteren er det paatenkt aa senda ein flink Langleikspilar til Hallingdal, som kann rettleida Folk i aa spila, daa det ikkje er nokon der, som kann det fyrr.


Krigen mot Sedløysa i London vinn fram sitt ser det ut for. Dei hadde gjort istand ein Søknad til Underhuset um aa faa Lovbrigde til Trygd for unge Gjentur under 16 Aar for Forføraranne; og 500,000 hadde skrevet under paa denne Søknaden. Ei Folkestemne so stor, at ho var uteljande, gjekk gjenom Gaturne med Frelsens Her i Fyreenden. Papiret var so stort, at det maatte fire Mann til aa rulla det inn.


Dei sluttar aa betala Skatt mange Stader i Danmark no. Det var i eit Sokn i Jylland Futen skulde iveg og panta daa, men det var ikkje Raad til aa finna tvo Mann, som vilde vera Vitne til ei slik Forretning.