Tvidraget.


(Framhald).
 
(Del 2 av 3. Fyrste delen.

I eit Vinstreblad ( Vstlp. 83) las eg nyleg eit Stykkje um, at Stellingi skal vera so mykje annleis no enn for 3 Aar sidan. Daa galdt det anten folkeligt Selvstyre elder bureaukratisk Faamandsstyre. Daa var Situasjonen berre politisk. Men no etter tri Aar er Situasjonen ein reint annan, og det er endnu høiere og dybere Interesser det gjælder end den gang. _ Det gjælder Udviklingsarbeidet paa alle Omraader _ paa de sociale som paa de politiske (Kyrkje, Skule, Næringsvegjer, Samfundsforhold). Men paa hvilke Grundlag skal dette Udviklingsarbeide foregaa? Skal det foregaa paa Grundlag af et kristeligt Livssyn og en kristelig Verdensanskuelse, eller skal det foregaa paa Grundlag af et Kulturens et moderne Vantroens Livssyn og den herhen hørende Verdensanskuelse? Dette er Spørgsmaalet.

Ein underleg flokutt Tankegang. For det fyrste det, at Politikk kann vera anna enn Politikk. For tri Aar sidan meiner han var Politikken Politikk, men iaar er han ikkje lenger Politikk. Kva er det daa, som hev komet til no, og som hev gjort, at Politikken soleis hev skift Natur? Umbøter i Skule og Kyrkje, i Næringsvegjer og Samfundsstell, er det Tanken, at dei skal ikkje no meir dømast etter sitt eiget Verde, men ein skal fyrst granske um dei er bygde paa et Kulturens, et den moderne Vantros Livssyn?

Her er eit stort Missyn paa vaar historiske Utvikling.

Politikken vaar hev vakset seg upp gjenom lange Tider og er eit Utslag av dei Krav og Ynskje, som hev komet fram i Folket. Han er slett ikkje bygt anten paa det eine elder andre Grunnsyn, fordi at han er ikkje theoretisk men praktisk. Og han er so fastbunden til Landsens Høve, so fastgrott i Folksens Liv, at det gjeng ikkje an aa setja seg til midt i den brusande Straum og til aa velja Grunnsyn og Grunnleid for han, han gjeng sin faste gang alle slike Gruningar uspurt. Um ein t. D. vilde taka for seg og skilja millom korleis Næringsveienes Udvikling skulde fremjast, naar det var paa kristeleg Grunn og naar det var paa Vantroens Grunn, og deretter stella upp serskilde Valprogram _ so vilde ein vist koma i Beit. Eg hev endaa ikkje set noko sovoret.

Dei Grunnar, som det politiske Arbeidet kviler paa, er helst Fridomens og Likskapens Grunnar. Ein som vedkjenner seg Kristendomen, kann likeso snart høva til aa vera imot dei i det praktiske Arbeidet, som ein, som held seg til Fritenkjarlære. Kristendomen er det væl, som fyrst hev gjevet Mannaheimen Fridoms- og Likskapstankar, som det er nokon Mun i. Men me ser likevæl stundom, at ein Fritenkjar ofte kann vera ein betre Maalsmann for sovorne Ting, enn ein Kristen. Ein fullsann og upplyst Kristen er væl den, som baade best kann skyna og fullføra slike Tankar, men kor mange er det væl av sovorne, og kven veit kven dei er?

Soleis aa arbeida til, at heile vaar Utvikling maa faa god kristeleg Kraft og Stødleik, det er noko som alle maa ynskja vert gjort, daa vil nok dei einskilde Ting faa det rette lag; er Jordi god og Treet sunt, so vil og Frukterne verta gode.

Men aa vilja setja upp eit kristelegt program til eit Stortingsval, noko som aldri hev voret gjort fyrr _ det er overlag faarlegt.

For det fyrste er det uretferdigt og er ikkje boret av den Tolsemd elder Toleranse, som kvar god Kristen burde hava. Det er urettferdigt imot Motstandaranne, ikkje berre mot dei, som hev andre religiøse Meiningar, men ogso mot dei politiske motstandarar, som ein dermed likesom fraakjenner Kristennamn, naar dei ikkje kann ganga med paa dei politiske Saker, som me stemplar som dei einast kristelege. Og Kristensamfundet skulde daa vera sterkare og vidare enn alle politiske Samlag; kvifor skal me daa bruka det mindre til aa sprengja det større?

For det andre so er det dette vanskelege, naar ein vil stella upp eit kristelegt Program, at ein i Partistriden og Parti-interessa altfor snart vil samanblanda kva som er kristelegt med kva som er teologisktog med kva som er ein Flokkselder einskild Manns Meiningar um kristelege Ting. Og det er daa ikkje til Bate for Kristendomen?

Lat oss berre sjaa paa ei slik Sak som Kiellansd Sak, elder Dissentarsaki, elder Sereigespursmaalet millom Ægtefolk. Her stend det Kristne mot Kristne paa baade Sidur, men ser me ikkje alt kva for Freistingar til Forkjetring og Avheidring i Kristendomens Namn, som her hev fenget fritt Spilrom? Kvifor skal me daa auka Striden og Usemja og Tvidraget millom dei Kristne endaa meir? Tener kanskje det til aa stogga Vantrui?

Nei, nei, det gjer ho berre sterk.

Lat oss difor tenkja paa, kva det er me gjer, fyrr det vert for seint aa umgjera det.

( Meir.)