[Tidender.] Skulemøtet i Kristiania.


(Framh.)
 
Spursmaalet um Husflidsundervisningen som Led i Skolens opdragende Gjerning vart innleidt av Seminarstyrar Salomon. Han skilde millom Sløyd og Husflid; det siste dugde ikkje større for Skulen, men det fyrste var overlag høvelegt, det gav Borni Kjærleik til Arbeid og nyttelege Tiltak, det lærde dei aa vyrda Kropsarbeidet, og det gjorde dei, som vanleg berre sit med Bøker, kjend med Livet, var baade godt for Helsa og styrkte Karakteren. _ Skulesturar Kjennerudgjekk ogso med paa dette, at Husflidsundervisning ikkje var rett Namn; det galdt ikkje aa læra Borni upp til aa binda Korger og sovoret endeleg, men det galdt berre um aa øva Haandi og gjeva dei Hagleik og Formsans. Han skulde ynskja, at me ogso kunne taka upp Ordet Sløyd. _ Lærar Stochfleth(Kjøbenhavn) var einig i det, at det gjekk ikkje an aa taka paa med slikt Arbeid i Skulen, som kravde god Arbeidsbunad og lang Øving, um ein skulde koma inn i det. _ Lærar P. Eriksen (Kolding) hevdad Plass for Husflidsarbeidet i Skulen, det vart haldet gjævt i Danmark, det tente til aa minka baade paa Drykk og Fatikdom. _ Lærar Grønvall meinte, at dei sette Sløyden for høgt, han var rædd, at slikt kom til aa forskipla Skulen. Paa Landet lærde Borni aa arbeida heime. _Rektor Palmgren (Stockholm) vilde ikkje reisa nokon Mur millom Arbeidet i Skulen og Livet heime, men han trudde, at dei kunne arbeida saman. Fekk ein vekt Sansen for Kropsarbeidet, so meinte han, at det var beste Raadi til aa minka den store Flaumen av studerande. Han meinte, at Arbeide maatte vera tvunget paa Skularne. Det var daa dei beste Elevar, so baade kunne arbeida og lesa, dinæst kom dei, som kunne lesa, men ikkje arbeida, so kom dei, som kunne arbeida, men ikkje lesa, og sist kom dei, som korkje kunne lesa elder arbeida.


_ Um dei gamle Maal i Skulen, serskilt daa Gresken, vart innleidt av Skulestyrar Feilberg(Kr.sand). Han hevdad at til sann Daning trengst det ikkje endeleg so mykje Kunnskap um alt mogelegt som Stødleik og Reinleik i Karakteren, Dannelsens Styrke var Personlighedens og Selvbevidsthedens Styrke og Klarhed, og etter det maatte Anskuelsesundervisningen faa Plass fyrst i Skulen, sidan maatte koma den grammatiske Undervisning. Latin og 
Gresk høyrde heime i Skulen for Skuld den aandelege Eksis , som dei nyare Maali ikkje kunne gjeva. Naar der var so mange som hadde klassisk Daning, som var imot desse gamle Maali, so kom det seg av, at so faae kjenner si eigi Utvikling, og forstend kva Bate dei hev havt av Skulingi si. Det vilde vera aandelegt Sjølvmord, meinte han, aa taka dei klassiske Maal ut or Skulen. _ Skulestyrar Aars heldt fram dei klassiske Maali mest etter deira Verde for den historiskeKunnskapen. Han saag Maalundervisningi mest som historisk Kunnskap. Berre den, som kjende Maalet til eit Folk, kunde ein segja, kjende Folket sjølv. Det var væl so, at Skulen naadde ikkje langt i den Vegjen, men derfor skulde ein ikkje kasta alt, men helder sjaa til aa koma inn i Emnet so langt som mogelegt. _ Kand. Bergman (svensk) var imot Latindaningi; det einast var Daning, som kunne tena Menneskjet i Livet; men denne Aandseksisen, som dei prisad, det var det same, som aa bruka Armestyrken sin til aa lyfta Stein for Stein av ein stor Haug og so sleppa dei ned att i ein annan Haug. Var det daa ikkje betre aa lyfta Steinarne soleis, at ein kunne byggja ein Bygnad for Framtidi med det? _ Lektor Riksdagsmann Tørnebladh (Stockh.) minte um, et mange som var imot dei gamle Maali, nett hadde fenget Dugleiken sin gjenom den klassiske Daning. Det var væl mogelegt, at i Framtidi vilde dei Maal faa mindre Rom i Skulen, men det gjekk ikkje an aa visa dei til Underversitetet berre helder, gjekk ein for braadt fram, so gjekk det som med Hesten, som skulde venjast av med aa eta; han døydde av Svolt. _ Høgskulelærar Baagø(dansk) meinte at ein burde skilja millom den aalmenne høgre Daningi og den vitenskaplege Daningi. Lagde ein Vegti paa historisk Upplysning, so var det einast Morsmaalet, som kunne gjeva den. Og den grammatiske Eksisen kunne dei nyare Maali gjeva likso godt. Aa segja, at ein ikkje kunne forstanda den greske Forntidi utan aa kunna Gresk, var det same som aa segja, at ein til aa vera ein upplyst kristen, maatte kunna lesa det Ny Testamente paa Gresk. _ Bergman hevdad, at det fyrst kom an paa aa læra kjenna sitt eiget Lekam, sitt Sjælsliv og Samfundslivet, daa vart det ikkje mykje Stunder att for den aandelege Eksis.

_ Um Naturkunnskap i Folkeskulen talad Yverlærar Østergaard fraa Aalborg. Han meinte ikkje, at det endeleg trengdest um nokon serleg Lengjing av Skuletidi til aa faa meir Naturkunnskap inn paa Skulen, det kom fyrst og fremt an paa Læraren sjølv, at han berre kunne gjeva Borni Rettleidingar til aa sjaa og granska i Naturen sjølv, gjeva dei Kjærleik til Naturen, som ikkje er nokon Fiende til Religionen, men skapar Kjærleik til Skaparen. Til dette var allvist Naturkunnskapen overlag nytteleg til aa vekkja Sjølvtenkjing og Forstanding av Livet, og av Orsak og Verkning i alle Ting, til aa verta var Samanhenget i alt ein ser umkring seg. Dei andre Talaranne var alle samde um, at Naturkunnskapen hev ei vigtug Gjerning aa gjera i Skularne.

_ Um Kravi til ei god Reiknebok og um Reikneundervisningiheldt Lærar Bil fraa Aalborg Fyredrag, som vart etterfylgt av eit stutt Ordskifte.

(Meir).