[Tidender.] Tingvalet for Aust-Agder.


Ein av Tingstolarne aat Aust-Agder er tom no, avdi Holm er sjuk. Kven skal me no faa til aa sitja paa den Sessen? Eg meiner det gjeld um for Aust-Agder aa faa ein Mann med so stor Dugleik som mogelegt, ein Mann, som kunde verta ein dugeleg Nemndarformann; for det spyrst um slike no, daa fleire slike Formenner hev sagt fraa seg Tingsessen. Men skal me senda ein slik Mann, so kjenner og ingen betre enn Dr. Engv. Hansen fraa Aamlid; han er ein rein Arbeidshest og Fylket er honom stor Takk skuldug for det trottuge Arbeidet, han hev gjort i Jarnvegssaki. Han er heilt med paa dei Saker, som er framme i Ordskiftet og Vinstre her i Fylket meir og meir samlar seg um, Jury, Herlog, Skulelogi, Prestevallogi. Men eg er ikkje stød paa, um Fløystad vil vera med i Presteval og Skulelog. Hr. Hansen er Lækjar, og eg trur som Quidam i Fedraheimen, at det kunde vera godt aa faa inn i Tinget fleire slike Folk. So er han so god ein Maalmann, som eg trur me enno kann senda fraa Aust-Agder. Eg trur, at Hansen best vil repræsentera dei ymse Straumdrag i Folket paa Aust-Agder. Det er ikkje greidt aa finna ein Mann, som det kann gjera, og som kann samla Røysterne kring seg. Eg vil fyreslaa desse til Tingmenner for denne Valbolken:

Bonde Lindstøl.
Bonde og Lensmann Liestøl.
Kaupmann Lilleholt.
Lækjar Eng. Hansen.

Det hev ogso voret tenkt paa Prest i Herrefoss Andr. Rasmussen, som og er ein gild Mann; men daa han vist kjem til aa flytja i Sumar, vert det vel ikkje Spursmaal um honom.
 
Aust-Agder 10de Aug. 1885.
 
H.