Generalmøtet for det norske Avhaldssamlag.

 

(Slutt fraa fyrre No.)

 

(Del 2 av 2. Fyrste delen.)

 

Spursmaalet um aa gjera Spiritus-Handelen til eit Statsmonopol, um Aldersgrensa for røysterettuge skulde verta nedsett fraa 18 til 15 Aar fekk me ikkje Tid til aa dryfta. Siste Dagen Kl. 1 sluttad Ordskiftet. Kl. 3 ½ gjekk me i ei lang Stemna med Fanarne i Brodden til Storhamar, og saag ”Ruinerne” etter den gamle Hamar Domkyrkja. Der vart det daa haldet Talar um Kyrkja, Federne og Avhaldsarbeidet, og um at me enno ikkje var komne so langt som Federne i Nasjonalkjennsla. So lagde me ein Skiling kvar i det Pengeskrinet, som er innmurat i ei av dei tykke Sularne, som enno standa heile og vitna um Hamars gamle Stordom. So gjekk me ifraa denne yndefulle Staden _ eg iminsto med tungt Hjarta etter Synet av desse sundrivne Murar og nakne Sular, og eg argad meg ved aa sjaa det ovstore Fjoset, som dei hava bygt upp av Steinarne i Domkyrkja. Det minte meg um, at det er fleire Eignaluter, me hava ervt etter Federne, som hava fenget ein slik Lagnad.

 

So var det like i Festen. Daa hadde dei sett inn Bord i Salen med Smør og Braud og Systerkaka og Mjølk og Kaffi paa og me aat, og fagre Gjentur i kvite Linermer og raudt Liv skjenkte i Mjølk og Kaffi til oss, so me vart gode og mette. So song Songlaget væne Songar, og so bles dei i Hornom ei Stund, so heldt dei Talar, og soleis skiftest det utyver Kvelden heilt til Klokka 12. Det vart haldet Talar av Aarrestad, Oscar Nissen, Stortingsmann Hektoen og mange andre um ”Trei, som vilde klæda Fjellet”, uttydd paa Avhaldsarbeidet, um Ole Kallem, um Samfundsaanden, for den elskande og trufaste nordiske Kvinna, som kunde arbeida so svært Avhaldssaki, for Oscar Nissen, Stortinget o. s. fr. Alle var glade og i godt Festlag. Kontorist Andersen fraa Hamar, som styrde Festen, spurde ender og daa, um dei skulde slutta, men Nei var Svaret, og eingong ropad ein: Me hev vakt so mangei Nott paa Ballar, men dette er mykje gildare enn ein Ball! Ein Storm av Handklapp fyllte Salen.

 

Tilslutt so takkad Presten Skattebøl Hamar Avhaldssamlag for den gjestfrie Fagning, Utsendingarne hadde fenget og Kontorist Andersen takkad Hamars Borgarar for deira Hjelp til Møtet og ynskte Guds Vælsigning fylgja Utsendingarne. Festen sluttad med Bøn av Wittington fraa Kristiania.

 

Dagen etter for me utyver Mjøsen. Sjøen laag blank som ein Spegjel, Lufti var so rein og lett aa anda i, og so væne Bygder! _ Jau det var ei gild Ferd.

 

10de August 1885.

 

Sigtrygg Maalmann.

 

Frå Fedraheimen 15.08.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum