Litet meir um Høgskulemøtet paa Sagatun.
I
Fedraheimen
No. 63 skriv ein
Kj.
noko um Høgskulemøtet paa Sagatun. I det Stykkjet finst der fleire
Mistak, merkjelege Mistak, som eg ikkje kann lata standa soleis. Eg
kjenner ikkje Mannen, som hev skrivet det, og veit ikkje kvat Slag
Augo og Øyro han hev, men mishøyrt og mis-set seg hev
han no, mildast talt.
For
det fyrste var der ingen, som hevdad meir aat alle Leider Fridom
for alt det, som ættast fraa Aand, enn Ullmann. Og millom
vællynde Folk deruppe var det vist ingen, som ikkje var sams um, at
det var han som raadde Grunnen um ikkje aaleine so
likavel i fremste Luten.
For
det andre var det ikkje berre Ullmann og nokre Kvendi, som
talad for Samskule for Gutar og Gjentur, men det var ogso
Folketingsmann Holm fraa Danmark, Lasse Trædal, Folkehøgskolelærare
Welander fraa Sverige, Ludvig Schrøder og fleire. Den siste hadde
ymse Tvilsmaal, men han vilde sjølv gjera eit Tiltak med Samskule
paa Askov no for aa prøva. Ellest var det mest ingen som var beint
imot sjølve Tanken.
For
det tridje var Ullmann ikkje mot kvar ei Reform. Men han
hevdad, at dei einaste Brigde i Kyrkjeskipnaden, som han kunde vera
med paa, var dei, som løyste litet um Senn dei ytre Band i Trudoms-
og Tankevegen. Det Samandrag av Ullmann Tanken um den Sak, som
Kj.
hev gjort er heilt ut misvisande. Serleg i den Sak um Kyrkja og
Kyrkjeskipnaden, som var fram 3die Dagen kann det segjast, at Ullmann
raadde Grunnen.
Detta
hev eg skrivet, for eg vilde ikkje. at dei, som les
Fedraheimen,
skulde faa eit galet Syn paa Sagatunmaalet.
Arne
Vestrum
.
Publisert