Meir um Stortingsvali.

 
Morgenbladet hev teket fram ein Stubb av Stykki mine um Stortingsvali, og segjer, at mine Meiningar um Folkestyre stemner rakt imot Anarkiet elder Styreløysa.

Og likevæl maa Bladet standa til, at soleis som det er i Sveits med Folkeavstemming yver dei store Saker, der er dette so langt ifraa aa vera noko radikalt, at det tvert imot er konservative Garantier. Det er forvitnelegt, at Morgbl. nemner dette, for her kjem det fram ei Sanning, som er større, enn baade Morgbl. og Høgre noko Sinn hev hugsat paa. Den Sanning, at til fleire det er til aa avgjera ei Sak, til seinare er det aa faa fram noko nytt, til lenger ned Røysteretten gjeng, til verre er det aa faa Fleirtalet med seg paa Forandringar av det bestaaende. For den store Hopen er alltid seig og sein av seg; vil ein hava braae Framstig og snargjorde Umbøter, so er det best aa halda seg til det upplyse Mindretal i eit Folk, for det vil taka mangfalduge Aar, fyrr ein ny Tanke kann naa fram ifraa dei fyrste lettnæme Hovud, som fatar han, og igjenom all Hindring og Motstand koma ned i det store Folkedjupet og verta so sterk der, at han kann eina Mengdi i eit samstelt Krav.

Det er ei stor Sanning dette, at den einaste Maaten ein i vaare Dagar kann arbeida for konservative Garantier paa, det er aa arbeida for ei vidare og vidare Sjølvstyring i alle Ting. Slike Ting som direkte Val, aalmenn Røysterett o. s. v. vilde høva framifraa godt paa eit Høgreprogram, no daa det ikkje nyttar lenger aa søkja dei konservative Garantier i den øvre Enden. Til meir Vankunnskap og Trongsyn og aandeleg og materiell Vesalldom det er millom Folk, til meir er dei paahaldne paa alt gamalt og rædde, naar det gjeldst noko nytt. Til dessa er det det upplyste og vælstaaande Mindretal, som hev raadt i Statsstyringi, og dei hev kunna føra Umbøter farm, det store Fleirtalet i Folket hev aldri havt Aaføre til aa gjera sine Meiningar gjeldande; fleire Ting var det tenkjelegt kunne vera annleis gjorde, dersom alle hadde kunnat verka med. 
Trur kanskje nokon, at Kvendesaki hadde voret so langt framkomi, dersom alle Kvende skulde havt Røysterett?

Det er tvo Straumdrag i Politikken, eit som gjeng imot meir Sjølvstyring og eit anna, som gjeng imot Reformer; eit Parti som arbeider for, at Formerne i Rikslivet skal verta so einfengde og simple som mogelegt, og for at Folkemeiningi skal verta gjenomført paa alle Kantar, korleis ho so er lagad; _ eit anna Parti, som arbeider for Umbøter og Reformer, og som ikkje so mykje legg Vegt paa, um det er den faste konstante Folkemeiningi, som kjem fram, naar dei berre kann faa fram sine einskilde Saker paa den snøggaste Maaten, elder faa den Svipen elder Aanden inn i den politiske Utviklingi, som dei vil hava.

Her i Landet hev desse tvo Straumdrag runnet tilsaman, Vinstreprogrammet hev umfatat baade Innhald og Form, baade radikale og demokratiske Program, og det hev til dessa gjenget nokso væl med dette Samarbeidet. Men skal det vera fleire Parti i eit Land, so meiner eg, at det her kunne arbeidast for ei 
Partideling av meir Verde enn som me no hev havt; ei Partideling, der dei baae Flokkarne ikkje laag i Strid og vilde tyna kvarandre, men der dei i ei fager Tevling delad Arbeidet og tok kvar sine Fyremaal, den eine agiterande for Umbøter paa alle Leider, arbeidande for at nye Tankar og Synsmaatar fraa eit Mindretal kunne vinna fram ved Vali, den andre sigtande meir paa, at alle Hindringar for Fleirtalsmeiningi vert sette til Side, so Folkemeiningi kunna faa hevda seg og gjera sterke Utslag til alle Sidur, ikkje berre vera med og røysta yver visse Reformforslag, som vert lagt fram for dei ved Vali, _ ein Flokk altso, som saag mindre paa aa faa fram sine eigne Meiningar en paa det Rettferdskravet, at Fleirtalsveldet skulde vera reint.

Ingen sann Vinstremann skal kunna skulda meg for, at eg her talar um noko, som kunne vera til Faare for Samhaldet i Vinstre. Eg vil nettupp gjera det baade kraftigt og friskt, og framfor alt vilde eg faa meir Greidleik inn i Politikken, for den er ikkje for stor endaa. Eg fæler for, at Vinstre kann verta so tamt og spakt og viset og veikt snart, at det vil berre gjeva seg av med smaaleg Trætting og Krangling; og Programmet maa dei tøygja og skanta, so at det vert mest ingen Ting att av det.

Men um Vinstrepolitikken kunne gjeva seg Utslag i desse tvo Formerne, som eg hev nemnt, so vilde der koma mykje meir Greidleik og Kraft i det. Paa ei Side eit radikaltaristokratisktProgram, paa ei onnor Side eit reint demokratiskt Program , Side um Side i ærleg Samstelling, arbeidande under same Merkjet, under Fridoms og Likskaps Merkje. Daa slapp ein aa jamna og jamna so paa Vinstreprogrammet, som no, daa det anten er so breidt og vidt, at det segjer mest ingen Ting (berre aa tryggja gamle Vinningar) elder so veikt, at Mergen vert burte. Anten daa Folk valde paa det eine elder andre Grunnlaget, so vilde det daa vera Greidleik ved det, og Jamningi elder Moderasjonen vilde nok koma av seg sjølv ved Samarbeidet paa Tinget, det vilde ikkje verta noko einaste Tvidrag av det.

Som det hev gjenget til dessa, kann ein ikkje klaga yver, at det reine demokratiske Arbeidet hev voret tilsidesett, men det er likevæl det, som det hev voret minst Klaarskap yver. Ikkje noko Blad hev teket Politikken ifraa den Sida; soleis steller baae dei større Folkebladi vaare seg helst paa den Aristokratiske Sida. Naar soleis V. G . arbeidde for aa faa fram Astruptil Tingmann i Romsdals Amt, og vil hava fram Kapt. Jacobsen i Sud-Upplandi og elles vil draga fram ymse Storingar og segjer at dei er gode nok Bønder, berre dei hev Gard _ og naar Oftedahl vil kasta ut av dei likaste Bondekaranne Tinget hev (t. D. Øverland) og faa inn sine eigne Klokkarar og Emissærar _ so visar dette, at ikkje noko av desse Bladi ser Politikken ifraa det reine demokratiske Standpunkt, med andre Ord, dei hevdar ikkje Tanken um Repræsentasjonpaa Stortinget.

Eg for min eigen Del vilde gjerne, at det skulde ganga so fort som mogelegt med aa faa gjort ymse Umbøter og Framstig i Riksstellet vaart; og eg kunne derfor vera best tent med aa faa fram berre slike Menn, som eg visste vilde arbeida kvassast for det. Men likevæl er eg meir forviten etter aa faa ei fullgod Repræsentasjon og faa Folkestyringi paa ein rett Stelling, um eg sjølv og skulde tapa
ved det.

Soleis vilde eg ynskja, at dei no ved Stortingsvali ikkje vilde setja Bonden og Arbeidaren og den simple Mann for laagt. Eg vilde sanneleg helder hava lite Fjosluft og raabarkad tjørebrædde Nevar inn i Tingsalen, berre det var litevetta Djervskap og Friskleik ved dei og dei var gode til aa røysta, enn eg vilde hava av desse Politikussar av Fag. Dei er fælt gode paa Folkemøte til aa binda Munnen paa Høgre, men til Stortingsmenn held eg dei mindre høvelege.

Difor er det, at eg ikkje ser nokon Grunn til aa velja paa Kapt. Jacobsen, um han enn kann vera aldri so god til aa tala for seg. Naar ein skulde hava nokon utum det vanlege, so vilde eg daa helder hava ein slik Mann som Ullmann; ikkje for det eg veit, um eg kunne halda med han i alle Ting, og ikkje fordi eg veit, um Fleirtalet i Telefylket kann vera med paa alle hans Meiningar helder. Men fordi han er ein av dei trugnaste, djervaste og mest hugheile Menn me hev her i Landet, og ingen Politikus, men heil Kar, kvar det skal vera : inkje den Mann, som vilde sprengja Partiet, men likevæl full Frikar, ein som det vilde blaasa ein frisk Gust av inn i vaare stive parlamentariske Former.

Quidam.