[Tidender.] Fraa Raulandsstraandi.

 
Ja no er det heitaste Slaattaanni her uppi Rauland. Alle Folk er i Heiarne, og det er reint ouskleg aa ganga gjenom Gardarne og sjaa berre tome Hus og læste Dynnar. Men so hender det, at Slaattefolki kjem heim um Laurdagskvellen og Sundagjen, og daa vert det Moro, kann ein tru. Um Sundagjen, dersom det er godt Ver, samlar Ungdommen seg nedaat Totak; Praamarne vert utpaaskuva og uti lesser seg so mange, som det er Rom til. Gjenturne sit i Ermeskjorta og kvite Plagg i Attenden og dei lyt daa hava Spilemannen imillom seg. Gutarne tek Aarirne og utigjenom berst det. Etterhaandi samlar seg fleire og fleire Praamar etter Spilemannen og det ser ut som ei Brurfær. So berst det av utpaa eit Skjer hell ein Odde. Gjenturne hev Kaffi, som dei steller til derute og Tidi kortast millom Kaffidrikking, Roing og Spel. Det lid alt langt paa Dagjen, fyrr noken kjem det ihug, og so er det væl inkje fortidleg aa reise heimatt, for Posten ventast. Bladi vert igjenombladde og lesne, og Fedraheimenbli som oftast tekjen fyrst, for Folk tykkjer han er so heimsleg.

Fyrre Sundagjen var her Avhaldsmøte. 
Det var som ventandes lite Folk, daa dei for det meste er i Heidarne. Skuleinspektør Larsen fraa Skien talad. Han lagde ut um kor mykje vondt Brennvinet hadde gjort framigjenom Tidi og kor ynskjeleg det var um fleir og fleri ville bli Avhaldsmenn. Ei Forening vart au stifta med 10 Medlemer. Det tok ikkje iveg drusteleg, men eg vonar at det vil auka smaatt um Senn. Eit langt Stykkje paa Vegen var me komne, dersom ein av dei vyrdaste Menn stelte seg i Fyrienden.

I Politikken er her no stilt. Folk held mest sine Meiningar for seg sjølve, og so liter dei paa, at Sverdrup er ein dugleg Styrar, som vil hjelpa Landet fram. Valmannsvale stundar no til. Vinstre er vist einige i aa attvelja Lensmann Knutsen til Valmann og daa han er ein stø Vinstremann, trur eg dei finn ingen høvelegare. Det er mange som ynskte han til Stortingsmann og.

11te August 85. ...vJ...