[Tidender.] Høgre

 
fer no kringum og agiterar som rasande. Paa den Tidi som er att fyre Vali vil dei freista alt mogelegt, um det kunne vera Raad for dei aa vinna att noko av si tapte Magt. Dei fer i løyndo og i syndo, ikkje noko Middel let dei unyttat, Pengar og Ord, baade godt og vondt, Lokking og Loving, Truging og Forbanning, ikkje noko er uspart. Dersom dei trur seg hava mest Von, der arbeider dei stilt for ikkje aa eggja upp Vinstre for mykje. 
Og der som dei held Vinstre for uvinnelegt, der tred dei fram under Vinstremanns Merkje og freistar aa vekkja Strid um Tingmansemne, vil faa Folk til aa kasta dei gamle sikre og faa inn andre i Staden, som Høgre trur seg ein Mun betre til. For dei hev lært det no, at paa dei fleste Stader so nyttar det ikkje lenger aa halda stivsint paa sine eigne Listur, men dei tek til Klokskapen og freistar aa sprengja Vinstre, so at um Vinstre kløyver seg sund i tvo Parti, so kann det henda, at um dei og var mykje meir mannsterke, so kunne Høgre slaa seg saman med eit Mindretal av Vinstre, og soleis um ikkje heiltupp vinna, so likevæl gjera Partiet so veikt som dei kunne. Me hev set syrgjelege Døme paa slikt i eit Valmansval i Finnmarki. Vinstre var mykje sterkare, men Høgre vann reint, fordi at der var Samhald millom den vesle Flokken deira.

Høgre kjenner no, at det er ute med Magti deira for alle Tider, soframt dei ikkje iaar kann faa nokre fleire Plassar paa Tinget. Difor maa sanneleg Vinstre taka seg paa Tak til Gagns og spenna i med alle sine Krefter, for væl er det so, at nokre faae Høgremenn vil vilde ikkje kunna støyta um den nye Riksskikken, men dei er soleis lagad, at berre den minste Siger vil kveikja dei upp til aa halda den gamle Kampen i Live. Men Folket bør faa dei undan seg no ein Gong for alle. For eit slikt Parti skulde ikkje faa reisa sitt Hovud lenger her i Landet, som hev stadet iferd med aa svika sitt eiget Fedraland og bruka Valdsmagt imot sitt Folk, eit Parti, som ikkje agtar Lov og Dom i Landet, eit Parti som berre ser paa sin eigen Bate og skubbar Landsens Ære og Utvikling til Side, som kallar Fridom og Sjølvstyre for Tyranni og som skuldar vaart Folks beste Vener for 
List, Løgn, Bagvaskelse og Forførelse, eit Parti, som i all si Tid hev arbeidt paa aa halda Bonden og Arbeidsmannen nede i Ufridom og Age og no likevæl ikkje skjemmest for aa høla for den, som dei hev hædt og ljuga han full med allslag Kallegheit.

Nei eit slikt Parti skal me ikkje gjeva nokor Magt meir.