Nye Tingmenn i Telefylket?

 
Hev me Bruk for fleire nye Tingmannsemne for Bratsbergs Amt no? I Varden huserar dei alle dei som vil hava nye Tingmenner, og dei hev funnet fram ei heil Mengd. Eg vil spyrja: Kva galet hev dei gjort dei tri, som kann veljast uppatter av dei gamle? Eg hev kje høyrt anna fyrr, enn at Telefylket hev voret repræsentera med Ære. Agte no paa kor sløgt Høgre fær aat. No set dei fram som nye Olav Midbø fraa Mosokn og Halvor Tveiten fraa Bøherrad. Desse er sovidt me hava vist um, Vinstremenn baade tvo; men Høgre tenkjer væl som so; kunde me berre faa ein 
lut av Vinstre til aa bita paa den Kroken, so fengje me kløyve Flokken og kanskje sitja att med heile Grisen. I alle fall vøre dei kje so leide for høgre som dei me hava havt; men det veit me er for Vinstre det sama som, at dei inkje er so dugande. Lat oss endeleg verta samde um dei tri me hava havt _ dei vita me hot dei er til; men um dei nye er me igrunnen inkje sikre paa nokon Ting. Dei, som er so rædde paa Kristendomens Vegne, vil eg spyrja: Er de sikre paa um desse ny framsette _ Olav Midbø, Halvor Tveiten, Jon Killand og fleire _ er mætare Menn hell til Dømes Tommesen? Talemaatar vøre lite aa ganga etter, og um desse veit eg inkje, um me hava igaang sovorne.

Med Avsyn paa dei Kyrkjeumvølingar, som no er paavangje, totte eg det vøre kje gale, um V. Ullmann kunde verta Tingmann. Han er dugande _ vita me _ som faae, og so høyrer han til den grundtvigske Retning. _ Det Jakob Sverdrupske Kyrkjelovsfor-slag hev Stytte nok fraa Regjeringi og den pietistiske Sida; men eg synest, at det grundtvigske Syn helst skal hava den Lykka aa verta kjøvd ned, og det er inkje Rett. Lat Saki faa Talsmenn fraa den Sida au, det totte eg ein laut segja vøre billigt, um ein inkje nettupp, som eg, held fyre, at dei er dei, som i Kyrkjespursmaal hev ovmykje tidaste rett.
 
Vinje 13/ 8 85.

A.