Svein Skyttar. [Forteljing til Utklypp]

 
(Del 11 av 11. Fyrste delen.)
 
-44-
 
let han Hunden eta fyrst. Sjølv skrapad han Gryta og aat upp det, som vart att. ”Eg er no mykje ræddare for Hunden daa, enn eg er for meg sjølv”, sa han meir enn eingong. Honom laut han ha med seg um Næterne, og um Vintrarne, naar det var kaldt, hadde han inkje Raad til aa ha honom utum Stovedøri; men han gjekk i Stoga.
Um Sumrarne, naar Veret var pent, stod Hunden bunden utanfyre Stogedøri. Han fekk aldri sleppa laus. Naar nokon talad paa dette til Svein, svarad han: ”Eg hev daa Hevdi, naar han stend bunden; men eg hev inkje den helder, skal eg sleppe’n laus og so flyg han or seg Maten attpaa”.
Elvi, som strid og fossande gjeng gjenom Dalen, renn strakst nedanfyre Haugen. Ho var keidsam for Svein rett som det var. Naar han var ibeit og skulde ivegen for aa faa i noko aa leva, so laut han yver ho: men det gjekk inkje an alle Tider. Um Vaaren i Flaumtidi og elles naar ho var stor, var ein Mann ibeit for aa koma yver ho i Baat, og sjeldan fekk han nokon med til aa hjelpa seg. Han hadde inkje fleire aa ganga til enn Bror sin og Brorsønerne sine paa Haugen og med dei var han sjeldan forlikt. Det var inkje langt imillom kvar Gong dei sa aat honom: ”Du kann arbeida so du liver som Folk du og, ditt Naut, og inkje ganga slik og svelta og tigga. Ein skulde bruka ein Tamp og dengja deg med og sidan jaga deg or Bygdi”.
Eit Bil um Haustarne, fyrr Isen lae seg, var det raadlaust aa koma yver Elvi. Meir enn eingong bannad han desse Rikingarne, som aatte all den gilde Skogen paa Austsida og inkje skulde kosta Bru yver Elvi. Folk berre lo aat honom og sae: ”Her vert det aldri i Verdi Bru”, for daa viste dei, at dei fekk det Svaret: ”Jaumen gjer det so. Eit anna Aar ved dette Leite skal det vera Bru. Det skal eg vera Mann for. _ Eg kunde ha tekje til for lenge sidan; men eg hev drygt Aar etter Aar og ventat, at nokon annan
-41-
like faafengt. Slutten vart, at Hallvard Flaa-ar _ so heitte han _ fekk Blakken, Sleden og det, som paa’n var, og Svein gjekk aaleine heimatter.
Etter den Dag var han hestlaus, men han passad seg væl for det, som høyrde andre Folk til sidan. Dei sae, at han i det Stykkje vart so sikker som nokon annan.
 
X.
No tok han til aa setja upp Kvernhus og fekk langt um lenge ei Kvern igang. Men det vart med Malingi som med Smidingi inkje noko vidare av. Endaa det inkje var noko Myllarbruk nære ved, so reiste Folk, som hadde Hestar, fyrr lang Veg fyrr dei reiste til Svein; for dei kunne inkje lika Kjeften hans. 
Dei, som passad paa, daa han var skrubbsvolten, kunne for gode ord og bra Betaling faa honom til aa mala, elles var det mest faafengt.
Dei Stakkarar, som hadde lite aa mala, men inkje hadde Hest aa koma nokon Stad med, so dei var nøydde um aa ganga til Svein, var verre enn ille ute sume Gonger.
Soleis kom ein Husmann, som heitte Stor-Reidar til honom med lite han vilde faa malet: _ ”Det kunne væl inkje vera mogelegt aa faa deg til aa mala sund ein liten Pose Korn aat meg. Eg er so uppraadd, so eg veit inkje mi arme Raad”, sa Reidar. _ ”Ein liten Pose”, glefsad Svein. ”Det var daa ei fæl Rakling. Du kunne ha past paa her um Dagen med det same eg hadde malet fraa meg aat Furubakken og var ved Kverni kor som var. Daa hadde det voret gjort i ein Augnablink. _ Eg hev anna aa gjera enn aa laupa nord til Kverni eine Gongen etter den andre for slikt smaatt. Eg hev tapat store Pengar i mi Tid for alt eg hev hjelpt Folk soleis; men no lyt det vera slutt. Den, som vil ha meg til aa gjera noko heretter, fær passa paa i rett Tid. _ Kormykje er det i denne Posen din daa?” _ ”Aa det er
11
 
 
-42-
 
inkje mykje. Det er ei snaud Halvtunne”, svarad reidar. ”Aa rett du for ein Slomp. Ja daa kann du ganga heimatt og det straks og vera uppraadd. _ _ _ Eg hev brent halvonnor Tunne Tjøre, som eg lyt dra avgarde med i Efta. Det gjeng inkje an aa setja upp med di til Føret blir burte. Ein lyt koma ihug seg sjølv lite au”, sa Svein.
Reidar tok upp ei Braudlefse og ei Hakkepylse av Skreppa si og sae: ”Kom hit Svein, so skal du faa lite Mat”. _ ”Berre ha Maten din sjølv. Du hev inkje meir enn du treng”, svarad Svein. ”Ja det fær bli min Sak det, naar eg blir matlaus so gjeng eg heimatt”, sa Reidar og tok til aa eta. Svein sat og stirde paa’n ei Rid, So tok han Krakken sin og ein Kniv og sette seg burtaat. Daa han tok fyrste Braudbiten, sa han: ”Dette var aparte Braud. Eg spør deg retteleg, kva Slags Mjøl det er bakat av?”
 
_ ”Det er bakat av Kveitemjøl og Kvitertermjøl”, svarad Reidar. ”Det kann væl inkje vera mogelegt det lel.
 
_ Ja det er no aparte Braud, kva det er av. Aa slik Pylse so feit, _ ja dette var svære Ting. Daa ein hev slik Mat, so kann ein eta seg nokonlunde mett og daa”, sa Svein.
Daa dei hadde etet sa Reidar: ”Eg fær væl rakla heimatt, eg daa.” _ ”Du kann bli med nordpaa Kverni no, so skal eg mala sund denne Posen din lel. Etter som det er du, fær eg hjelpa deg; men hadde det voret nokon annan, _ han skulde ha sluppet. _ Eg hev tenkt yver dette no. Det kjem til aa kolna paa i Nott, so det blir likast for meg aa venta til i Morgon tidleg med Dragingi.
Svein vart reint smørblid attpaa Hakkepylsa og det aparte Braudet. Det bar nordpaa Kverni. Han tok til aa mala og fortelja um alle dei ”Skarvekrokarne”, som hadde fornærmat honom, so dei inkje skulde faa mala meir paa Kverni hans: Ein hadde sagt, at han var for dyr paa Malingi, ein anna at han hadde malet for grovt og skjemt burt ei heil Tunne med svært Korn for seg, ein tridje hadde sagt, at ein skulde ta Svein og dengja honom, kvar Gong han sette upp Kjeften sin aat Folk. _ Alt dette hadde
-43-
han fenget høyrt, og dei skulde faa av det Slaget, han hadde best Raad paa, naar dei kom igjen og vilde faa honom til aa gjera noko.
Endaa dei, som hadde Raad til det, for forbi Svein med Kornet sitt, so var et likevæl inkje noko, han tente so mykje med for Aaret som med Kverni si.
 
XI.
Um Hausten gjekk han i Skogen med Hunden, Byrsa og ein tom Matsekk. Rett som det var kom han paa Sætrarne mest ihelsvolten og bad um aa faa lite ”tillivs”. ”Gjeng det som eg meiner, so skal det kanta ein, som hev fire Føter med det fyrste, og daa skal de faa Ferskmat”, la han altid attaat. Det var for det meste langt imillom kvar Gong han skaut noko, og soleis kann ein veta, at Ferskmaten inkje rakk aat alle, som skulde ha; men naar han hadde skotet noko, so sparad han det helder inkje. Han gav ofte burt til siste Biten og mest aat Rikingarne. Fatikfolk lest han daa inkje sjaa. Det var berre eit Hende, at han gav deim ein Bit ”for Sælebots Skuld”.
Han hadde soleis Mat like lenge, anten han skaut mange elder faae Dyr um Haustarne. Han bar Kjøtbyrder burt i Storgardarne so lenge han hadde noko. Og daa han inkje hadde att meir, laut han svelta, og, naar Svolten tok for hardt paa, laut han burt i Gardarne og beda um aa faa kjøpt lite aa leva av. ”Eg hev inkje Pengar paa meg; men eg skal ta med meg eingong seinare, naar eg kjem hit”, sa han, daa han fekk noko, som for det meste var nokre Silder og Jordeple elder og eit Par Braudlefsur og nokre Pottar Mjølk.
Mykje svolt han og meir hadde han væl svolte, um inkje Hunden hadde voret med. Hunden var han ræddare skulde lida Naud, endaa han ogso fekk vera matlaus meir enn ein Dag. Daa 
Svein kokad Graut elder Supe, naar han hadde lite aa koke av,
(Framhald i 1886.)