Tidender.


Kristiania, den 18de August.

Stortingsvalet for Senja (Tromsø Amt) . Til 
Tingmenn vart valt: 1. Bonde Drevlandmed 33 R. 2. Sakførar Kr. Moursund med 23 R.
 
Til Varamenn: 1. Hagen. 2. O. Tollefsen. 
Baae tvo støde Vinstremenn.

Moursund er ny, han kom i Staden hans Wennberg, som dei daa ikkje hev haldet for aa vera stød nok.


Høgrebladi baade i England og her likar ikkje det Strævet, som engelske Vinstreblad hev drevet for aa ruska upp i den svare Sedløysa, som Storfolket driv. Hgøre er likt seg sjølv alle Stader, alt skal berre dyljast ned; til Ettertidi vil dei yvergjeva ein Arv, som vil øydeleggja Samfundet. Ei inngrodd Sedløysa tærer ut eit Folk meir enn ein Revolusjon.
 
 
Dei radikale i England. Den fyrre Statsraaden Chamberlain reiser ikring og talar no. Um Fyremaalet til Vinstre sagde han millom anna: Anten det gjeng for vidt med Rikdom elder Fatikdom, so er det Freistingar i det. Eg trur, at det store Landsmeinet, som me skal taka for oss, det er den fæle Ulikskapen med Umsyn paa Rikdomen. Vankunne og Drykk, Ukjurskap og Ulivnad alt dette heng i hop med kvartanna. Og um dei ofte er Orsak til Fatikdomen, so er dei endaa oftare ei Fylgje av Armodi.

Um me kunne gjera noko til letta Tilstandet for dei fatike i Landet, gjeva dei meir Hugnad 
og Glede i Livet, so vilde me gjera meir for Vælstandet og Sedskapen, enn me kann ana med dei strengaste Lovar imot Lastarne.

Dette bør vera Maalet for Vinstre paa næste Tinget; men det er korkje vaar Pligt elder Ynskje aa kasta dei rike i Velten, endaa eg trur no, at det er ikkje til Bate for nokon denne Samlingi av Rikdom paa faae Hender.


Hav Tillid til Eders Overordnede, sagde Kapt. Wisbech paa eit politisk Møte paa Horten. Arbeidaranne log.


Paa eit Folkemøte nordanfjells datt Golvet ned, medan Vullum stod og talad. Ingen kom likevæl til Skade.


Utvandringi. American- Liniens Postdampskip British Prince kom til Philadelphia den 16de d. M. med dei, som reiste fraa Kristiania den 31te Juli. Alt væl.