[Tidender.] Laurdagen den 15de August


var det Vinstremøte paa Lillestrømmen til aa samsnakka um, kven dei skulde taka til Stortingsmenner for Akershus.

Mest alle i hop av Talararne paa Møtet sagde daa, at det var ikkje klokt aa tala um Valet no, for det kunne lett koma Tvidrag i Vinstreflokken, og medan Vinstre kjeklad, so kunne Høgre kannhenda taka heile Akershus. Ein skulde venta med slikt Ordskifte, til Valmanns-Valet var fraaseggjort.

Slik skulde Vinstre gjera alle Stader.

Men likevæl ser me Bladi yrer med Forslag um nye Tingmenner. Detta er reint galet. Kvart slikt Forslag gjer sin Mun til aa sprengja Vinstre.

Det spyrst ikkje so mykje, um me skal hava Tingmenner, som me likar betre enn dei me hadde fyrr; det spyrst no, um me skal glida attende i det gamle Uføret, um det skal gaa her som i Danmark, um Norig skal koma i Fyreenden elder vera paa Slæpetog, um kvar Mann kann vera Herre i sitt eiget Hus, um me skal hava Spæjarar i Huset, som ter seg blidsleg og etterpaa melder for Majestætsbrot, um me skal staa som vaate Hundar for Prest og Fut, elder um me skal verta vyrde som Folk, um me skal faa tala norsk her i Landet, elder um me skal risa Ungarne inn under framandt Velde?

Detta er det, som det no gjeld um. Medan me dryfter Tingmanns-Emni, arbeider Høgre i alle Krokarne og samlar i hop alt dei vinn.

Tak ikkje Øverland og Konow, segjer Oftedal. Tak berre Bønder, segjer nokre. Det skal bli Fred, naar de kastar Thomesen, Qvam og Jakobsen, segjer dei moderate.

Ja Fred, ja.

Sauderne hadde eingong Ufred med Graabeinen, men dei hadde Hundar, som passad so godt paa, so Sauderne bergjad seg. So baud Graabeinen seg til aa gjeva Fred, naar Sauderne vilde gjeva fraa seg Hundarne.

Detta totte Sauderne var gode Vilkaar. 
Dermed fekk Graabeinen Hundarne og aat dei; sidan aat han Sauderne. Soleis gjekk det med den Freden.

Ikkje nokot Kjekl um Tingmanns-Valet. Berre pass paa og møt fram alle Mann, naar det skal vera Valmanns-Val. Den som daa sit heime, er ikkje betre enn den, som held seg undan, naar Fienden er i Landet.

Det gjeng like godt, um ikkje eg er med, segjer mange. Sagde alle det, so gjekk det nok ille baade med aa verja Landet og velja Ting. Det er berre tankelause Gapar, som kann segja slikt. Ein Mann kann gjera Utslaget i si Bygd, den Bygdi kann gjera utslaget i Amtet, og det Amtet kann gjera Utslaget i Landet.

Ingen skal sitja heime og lita paa, at andre møter upp. Høyr her, korleis det gjekk med Bønderne i ein landsby i Ungarn. Dei var so glade i Presten sin, og so vart dei forlikte um, at dei skulde gjeva han ein Liter Vin kvar. 
So kjøyrde dei umkring med ei Tunne fraa hus til Hus, og kvar Mann skulde slaa i sin Liter. Men den fyrste, dei kom til, tenkte med seg sjølv: det gjer korkje fraa elder til, um eg slær i Vatn, naar alle hine slær i Vin, og so hadde han Vatn paa Tunna, og sameleis gjekk det heile Landsbyen rundt. So daa Tunna kom til Presten, var det berre klaare Vatnet.