Forteljingar.

 
II. Anne  Sollid.


Eg var med Veum Kyrkje. Der var myki Folk, som gjekk til Alters. Eg tykjest jamt, det er eit av dei fagraste Syn eg ser, naar Folket samlast um Natværdbordet. Mangei Gong er der litet godt og fagert aa faa i Kyrkja, Gud betre det, men naar Altarbordet er dukat, daa er der Mat aa faa for dei Hungrande, Drykk aa faa for dei Tyrste. Det tykjest meg vera Urett, at inkje Natværdbordet er dukat kvar einaste Sundag, der er Messe, men berre nokre Sundagar Haust og Vaar. Her er jamt Folk, som er trøytte og længtar etter Kvile og Kveiking, kvi skal der daa inkje jamt vera Kveiking tilreide fyr dei? Gud negtar ingen sine gode Gaavur, kvi skal daa Menneskje halda dei tilbaka fyr kvarandre?

Eg sitt i Kyrkja og ser: sakte sige Folket framyver Golvet upp til Koret, mange knælar alt rundt Altaret. Eg merkjer meg helst dei Gamle, eg ser kor dei lengtar etter Fred og Kvila. Dei kjem der studdrande, Knerne og Hendarne skjelva, slutryggja og med lutande Hovud gjeng dei, men i det sama dei knelar, lyfter dei Augurne upp og ser framyver til honom paa Krossen, som segjer: Kom alle som arbeider og lid vondt, eg skal gjeva dykk Kvila! Dei hev trælat og slitet i sine Dagar, sveittande hev dei etet sit Braud, Sakn og Sut hev bleikt Haaret deires, gjort Andlitet slakt og rukkut, stive og styrdne er dei, og vinn knapt aa kneppa ihop dei trælsette Hendarne. Dei sige ned paa Knefaldet, og so opnar dei sine tannlause Munnar og tek imot Maten og Drykken fraa Himelen. Eg ser kor dei liksom kviknar og gjeng fortare nedatter fraa Koret takkande Gud for Livsens Kveiking. Dei sett seg, og eg tykkjer Fred og Gleda skin ifraa Andlitet deires, og eg er viss paa, dei takkar Gud for alle sine Dagar, um desse enn som tidast hev voret leide og vonde.

Det gjer so godt aa sjaa, at Folk er nøgde og glade, og helst gamle, hærda Folk; ein skammar seg daa yver sine eigne ofta smaae Suter og vert glad med desse gode, glade Gamle.

Men i Dag saknad eg Anne Sollid, og ho som jamt var so visst til Kyrkje fyrste Altarmessa Haust og Vaar som Presten. Eg sat og undrast paa dette, og eg fælte, at der maatte standa eikvart galet til med ho.

Daa me kom ut otor Kyrkja fekk me strakst Greide paa, kvifyr Anne inkje var til 
Alters. Der var ein Mann, som kom med Bod og Bøn fraa ho til Presten, um han vilde koma heim til ho aa gjeva ho Sakramente, daa ho hadde vurte so klein. Mannen lagde til, at han trudde inkje det var længe, ho stod det.

Ho er gamal og utslite, Stakkar, helsesterk hev ho voret i sine Dagar, det plar gange fort med slike, naar dei fyrst vert sjuke _ _ tala Folk seg imillom.

Presten var strakst viljug. Det var inkje so langt fraa Kyrkja, men der var krasslen veg, so Presten inkje kunne køyre, men laut ride. Eg og nokre andre fylgde med, det var inkje stor Kroken fraa Heimen min, og eg var forviten etter aa sjaa, kor det stod til med den Gamle.

Det var ein fin Vaardag, Soli vermde og alting voks. Daa det leid lidt stod Presten av, han vilde helder gange, sagde han. Vegen bar yver smaae Myr-Sikl her og der, og hellest gjenom tjukke Skogen. Det var Furu og Gran med eikvar Bjørk innimellom. Skogen anga og Fuglarne saang; av og til fauk ein Orfugl elder ei Røy upp so det dunade i Skogen.

Daa me kom inn paa Jordet anga det endaa betre, der blømde yver Vollarne, og innmed ein Aaker-Rein stod Hegg og Raun i si grøne, kvitblomstra Kaape og skalv i den logne Ettermiddags-Susing.

Der stod Stoga graa og grelutte av Sol og Vind med tvo smaa Glas, eit mot Aust og eit mot Sudvest. Paa Taket var langt gras, og Bunt-Straae vogga i Vinds-Blekkarne. 
Der var ein liten Hageflekk, i Kaalsengirne byrjad Plenturne aa koma upp, i Hyrnet uppmed Stogemuren stod ein stor Kruse Reinfan-Blom og eit Par Stikkelsbærbuskar.

Me trod inn. Golvet var sopat, og Bænker og Bord kvitskura, so det skein av dei. Paa Bænken burt med Bordet sat tri Born, ein Gut paa 5 _6 Aar og tvo Gjentur, den ældste var væl umlag 12 Aar. Klæde deires var grove og bødte, men reine. Borni var raudøygde av Graat, bleike og saag inkje frisklege ut.

Stakkars Smaae _ der burt i Sengi laag Bestemor. Presten helsa fint og venlegt, tok ein Stol og sette seg innmed Sengi. Han spurde, kos ho hadde det, ho snudde Andlitet fram, feste Augurne trufast paa han, og sagde med veikt Mæle, at ho kjende seg svært klen. 
Dei magre Hændarne famla burtyver Aaklædet.

Kann du sitja upp _ sagde Presten.

Ho svara inkje, men saag burt paa Borni. 
Gjenturne kom svint og reiste henne upp og lagde Halmputa og nokre Gangklæde tilrettes attum hennar. Eg saag det fell henne tungt aa sitja.

Eg skulde tala med deg i Einrom _ sagde Presten. Me stod upp og vilde ganga ut, Borni ogso, daa saag ho upp paa Presten. 
Kann inkje dei smaae faa vera inne _ _ _ eg hev inkje anna aa segja Presten, enn all Verdi maa vita _ _ _ sagde ho, men det var so klusse, at det inkje var meir hell me skynad det.

Nei, me fær vera eismalle _ sagde Presten. Borni og me andre gjekk daa ut. 
Det varde inkje lenge, so let Presten upp Dyri og vinkad oss inn att.

So byrjad Presten Tala si, han talad fagert og gjorde det stutt, daa han vel saag, den Sjuke orkad so litet.

Eg tykkjest sjaa ho enno, som ho sat der og pusta tungt. Ho hadde stort Haar, som enno inkje var graat, berre her og der, det var glatt bakyverkjemt. Panna var laag, men breid, Nosi tunn og høg, Munnen innfallen og Kjakarne hole, rukkut og gulbleikt var Andlitet og Taararne trillad. Eg gløymer aldri, kor trøyt ho saag ut, og dei lengtande Augnekast, ho av og til sendte ut gjenom Glaset upp mot Himelen. Og so saag ho paa Borni, og ein tung Sukk klemde seg ut gjenom Bringa hennar,so ho rykte og skalv i kvart Ledemot.

Nokre Solstraalur leika innpa Sengi og teikna eit Par Glasrutur av paa Aaklædet. Presten bad varmt og vænt for den Gamle, nokre Ord feste seg i meg med det same, og eg gløymer dei aldri.

Herre Gud! her ligg ho trøyt og tyngd av sitt lange Liv i Synd og Faafængd, Herre tilgjev hennar Vondskap og Hjartehardheit, tak hennar til deg og gjev hennar di Sæla og Fred!

Ho fekk Braudet og Vinen, daa seig ho framyver, me retta svint til i Sengi og fekk lagt ho.

Presten reiste, og Borni krullad seg kring Sengi hennar Bestemor. Dei gret og dei klappa hennar, ho saag inderleg kjærlegt paa dei, Lippurne leade paa seg, men der kom inkji Ord fram.


(Meir).