Fraa Mo i Telemarki.

 

(Brev).

 


Det hev voret fortalt i Fedraheimen eingong fyrr, at me hev havt Treskjerarskule her i Mo. det er no tri Aar sidan me byrjad med den, og det var Presten vaar, Stang, Lærar Hallvard Moslid og Sylvsmed Tarjei Moen, som gjorde mest for aa faa den istand. Dei mennerne stellte den ogso paa beste Maaten, daa dei skaffad oss so gild Lærar, so det var sanneleg verdt aa søkja Skulen. Læraren var Billætskjerar Asbjørn Hylland, og det er vist faa Menn i Landet, som hev gjort meir for aa fenget ”hævdet Træskjærerkunsten” enn han. Fyrste Vetteren var det 18 Gutar paa Skulen, og me lærde reint utrulegt mykje paa den stutte Turen, 8 Vikur, som me var samlad. Dei Sakerne, som vart arbeidde, sende me paa Kunstutstellingi i Kristiania, og det lagad seg so væl for oss, at me fekk ”Diplom for fortjenstfuldt Arbeide”. I Vinje var ogso Treskjerarskule paa sama Tidi, og Kurset varde der i heile 12 Vikur. Dei hadde ogso Saker paa Utstellingi; men dei fekk ikkje eingong ”hæderlig Omtale” hev eg høyrt. _
Dette, tykte me, var eit godt Merki, som synte, at ogso Mobyggjararne kunna arbeida ”smagfuldt”, ja heiltupp ”fortjenstfuldt”, naar dei fyrst regtig vilde, og det vart derfor snart etter bestemt, at det vilde vera gagnlegt aa hava Hylland ein Tur til, so Gutarne kunna faa læra meir av det, som dei hadde byrjat med. Det vart difor haldet Skule i 12 Vikur Vetteren etter, i Fyrreaaret, og det er no nokre Gutar, som rasar mykje godt.

 

I fjor Vetter hadde me Snikkar skule i 10 
Vikur, og til den møtte det 14 Gutar. Det, som dei arbeide, var helst slikt, som alle maa hava, naar dei skal byggja seg ein Heim: Skamlar, Bord, Benker, Glas o. s. b. Skulens Upgaave er mest mynta til det Maal, at faa kvar Mann til aa arbeida for seg sjølv alt det, han trenger til av Snikkararbeid, so han ikkje tarv leggja til den minste Ting, han maa hava gjort. No til Vetteren kjem, skal Snikkarskulen byrja atter, og det er aa vona, at den vil koma til aa gjera mykje godt i Prestegjeldet.

 

Det vore hugnalegt, um at Folki vilde verta meir og meir ”virkelystne” og, at dei tok til aa ”dyrke Husfliden” betre, enn dei no gjerer; for skal Skattarne og Budgjelderne kunna klarast no i denne pengetrange Tidi, so gjeld det sanneleg for oss Bønder aa vera arbeidesgjeruge og sparsame. _ Det er vist so sanne Ord, som dei kann segjast dei Ordi, Wergeland svarar, etter aa hava spurt seg sjølv: Korleis trur du Landet kann verta til det, som det skulde vera, nemleg til Forsyrgjar for Landets Born?

 

Og Wergeland svarar:

 

”Ved Agerdyrking og ved Industri,

kort _ ved at alle Mand bliver lig en Bi”.

 

 

Olav Jørundsson.

 

Frå Fedraheimen 22.08.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum