Gamalt trehus paa Bynesse.
I
1870 reiv dei ned ei høybu paa Brenslom paa Bynesse, altso paa den
garden, som fedralandsvenen og stortingsmannen, skrivaren Ingebrigt
Knudsøn var fød paa i 1776. Denne bua var bygd av uryd elder rundt
tømmer, fælt digert og for det meste av furu, gnaldrande hardt og
uskad mest kvar stok; for paa nordsiden laag det eldgamal
bordklæding; og ho var paalagt slik, at den eine bordkanten laag
under og den andre utanpaa nabofjølom, med hopsneida kantar, for
regnslage skuld ifraa vest snudde utanpaa kanten austetter paa
veggen; og klædingja var festa ataat stokkom med furunaglar gjorte
med knap paa og sette i rad.
_
Novhoggingja var aldeiles slik som i jutulstugun fraa Uv i Rennebu,
no paa musæe her i Nidaros. Men i heile huse fans det ikkje ein
einaste spikar, skjønt det
var mykje stort: 12 alen langt, 10 alen breidt og kringom 6 alen høgt
opunder takufse. Ringvedarne var av furu og gjort berre med øksen av
heile tømmerstokkar, kvar stok hova og flaska til eit einaste tjukt
bord
_
30 tommar breidt! Det var vudu-sløsing, som gjorde mon, det! Sag
hadde dei soleids ikkje kjent, i det minste ikkje havt. Den digraste
kabben i heile huse var mønsaasen; og naar taktørva og taknevra
flektes av, fans det oppaa røste inhogge i mønsaasen nokre
forbokstavar, rimelegvis dei, den gardmannen hadde, som i si tid
kosta huse op; og det er forvitnelegt aa vita, at den eine bokstaven
var K, for av det ser vi, at dette knutnamne i fleire aarhunder
har levd paa denne garden.
Forutan
desse forbokstavarne stod gardnamne greidt og fult ut i si ænno
levande dativfleirtalsform: (N. N.)
Brenslum(Brenslom
&dvs; Brensel, Brenseterhusa) og med latinbokstavar aarstale
1514.
Huse fylte soleids 300 aar det aare, at grunloven vaar vart fød (i
1814) og var 356 aar gamalt, daa det reives ned.
Bua
vart soleids bygd, daa Luther livde, ja ændaa 3 aar føræn han
børja med aa reinske Kjørkjelæra; eller: ho var bygd same aare som
Sverige tok aat aa rive seg laust ifraa kalmarsamfeste etter
fraafalle hans Kong Hans i 1513, daa Kristian den 2den kom paa
Kungsstolen i Danmark og Noreg; ho stod soleids under 16 Kongar og
hadde i desse 356 aar hiva mang ei vinternat og gjøymt mangt eit
høystraa.
No
er tømre paa nyt gjort til hus, nemlig sauehus der paa garden; det
har soleids kome seg paa sine gamle dagar. Men mønsaasen er
nedaatset; for han er no gjort til syll og inskrifta skal desværre
vera vækryd av honom.
Nidaros,
4
_8
_85.
O.
J. Høyem
.
Publisert