Litt um vaare Lærarinnor.


Her i Vaar haurde eg gjetet, at Kyrkjenemndi hadde innstellt paa, at Kvinnor skulde hava Sæte i Skulekommissjonarne. Eg lyt segja, at eg er væl nøgd med den Innstellingi, og eg trur, det vil verka godt baade fyr Skularne og fyr Kvinnorna. Men eg tyktest korso, at det kom nokot ulagelegt. Eg meiner, at dei ymse Høvi ikkje kravde denne Framstegsreformen so hardt, som dei kravde ein annan Reform, som vel og vilde vera til stort Gagn sovæl for Kvinnorna i Almindelegheit, som sers for Skularne.

Folk er komne so langt no, at det vert skynt, at Kvinnorna er brukelege i Skulen, ja, at dei mest er umissande der. I Byarne trur eg no snaudt, dei kunde klara seg utan Lærarinnor, og mange Stader paa Landet lyt ho og vera. Men kva hev Staten gjort for aa skaffa oss dugande Lærarinnor? Inkjevetta! Lat oss sjaa meir paa detta! Korleis fær me vaare Lærarinnor?

Eit Kvende er utor Voni um aa verta gift; so kann ho ikkje verta Teneste-taus, det er under hennar Vyrdnad, og Sy-taus likar ho ikkje aa verta; og so veit ho stakkar ikkje noko anna aa gjera enn aa røyna seg inn paa Skulen fyr aa tena til Maten. Eg vil no ikkje segja, at alle paa denne Maaten er vortne Lærarinnor; men at det er Tilfellet med mange, det veit eg.

At me daa altid fær dei, som sers hev Hug paa Skulegjerningi og er dugande til det, hev me liti Trygd fyr. Naar dei daa skal gjera Aalvor av Tanken, lyt dei fyrst paa eit Lærarinnekursus. Det er dyrt aa gaa paa eit sovoret Kursus, og dei, som best var lagad til aa verta Lærarinnor, hev kannhenda ikkje Raad til aa gaa der, og nokon av dei mange friske og kraftuge Bondegjentor, som so ofta er hugad etter aa læra noko og verta noko sjølvstendugt, fær me ikkje, berre fyr Pengeløysa si Skuld. Og kva er daa eit sovoret Lærarinnekursus fyr noko? Eg veit det ikkje ratt, eg; men eg tykkjer, at dei, som hev voret der, og dei, som ikkje hev voret der, er mest lika kloke.

Um den praktiske Utdaningi deira vil eg ikkje segja noko; for det er no so ymse me den sovæl hjaa den unge Seminaristen, som hjaa den unge Lærarinna. Men kva Kunnskapar me hev Rett aa krevja av ei Gjenta, som hev gjenget 6 Maanar paa eit Kursus med ofta berre maatelege Lærarar? Me veit, kva ein Lærarskulegut kann, og ein Lærarskule, tvilar eg, var ein Tokk betre enn eit Lærarinnekursus. Kva eg altso meiner er meir naudturveleg enn Logi um Kvinnornas Sæte i Skulekommissjonarne, er Skipnaden av eit Lærarinneseminar. Ja, eg trur mest, eg vil segja: Skipnaden av eit Lærarinneseminar burde hava gjenget fyrr Bevilgingi til Lærarkursarne i Landsmaal, kor naudturveleg det siste enn var. Fær me eit Lærarinneseminar, kann me faa kunnskapsrike Lærarinnor, og dei mange gaaverike Bondegjentor fær døyva si Kunnskapstrong, og dei vil skaffa friske Krefter inn i Lærarinnerekkja.

Eg er reint mødd, fordi ikkje Stortinget hev gjort noko iaar fyr aa faa eit Lærarinneseminar skipad; men eg vonar daa, at komande Tinget ikkje gløymer det.

88 Lærarinnor fraa Kristiania hev, som me veit, søkt um aa faa eit, og eg fær vona, Bøni deira ikkje vert avslegi.

Noko um Løningarne deira hadde eg og Hug til aa segja. Her i Stavanger hev me ikring 50 Lærarinnor. Av desse 50 er det ein 10 _12 Stykkje, som hev 30 Timars-postar, som me kallar det, og dei fær 53 Krunor Maanaden. Dei andre Skular berre 22 Timar, og dei fær Kr. 29,33 Maanaden. Er det ikkje hugnadleg aa vera Lærarinne? Ei gamall Vaskekjering fær aldri mindre enn ei Kruna Dagen, og daa fær ho Maten attaat. Reknar me, at ho er ute og vaskar 25 Dagar av Maanaden, vert det 25 Krunor. Maten lyt me minst rekna til 50 Øyror um Dagen; so vert det Kr. 12.50 um Maanaden. Altso ei gamall Vaskekjering tenar ikring 10 Krunor meir um Maanaden enn ei Lærarinna i sine beste Dagar. Vaskekjeringi hev ikkje kostad paa seg nokoslag; Lærarinna hev lagt ut store Pengar for aa verta utdanat til aa faa seg Post; det er dyrt aa gaa paa eit Lærarinnekursus. Ei Vaskekjering er snart fin nok til aa visa seg paa Gata, kva Tid som helst; ei Lærarinna kann ikkje syna seg for Folk utan i Pussen korkje Helg elder Yrke. Og aa vera i Pussen hev alltid voret dyrt. Skal ho so leiga seg Hus nokon Stad, fær ho det snaudt billigare enn 30 Krunor Maanaden. Der reiser Løni hennar og meir til.

Og me veit, at Menneskje lever ikkje av Braud berre. Der er dei, som vil bøta paa dette med aa segja, at dei fleste Lærarinnor hev Heim aa gaa til, og daa klarar dei seg.

Det maa daa vel vera uverdugt for ei Kommune aa setja Lærarlønerne so laagt, av di det ofte hender, at Lærarinnorna hev Heim aa gaa til! Ei Lærarinna, som ofte arbeidar so Sveitten renn, skal ikkje faa so mykje Løn, at ho kann liva! Kva segjer du til det, Menneskjeven?


Stavanger i Juli 1885.
  
David Haslund .