Tidender.

 
Kristiania, den 21de August.

Bjørnstjerne Bjørnson er færdig med det nye Skodespelet sitt, Geografi og Kjærlighed.


Henrik  Ibsen reiser ifraa Molde sist i Maaanden. Han tenkjer paa aa bu i Rom i Vetter, forteljer Dagen.


Ved Valmannsval i Tromsøy og Budøy hev Vinstre sigrat med 173 Røyster; i Budøy vart 2 Vinstrevalmenner, 1 Høgre.


Valmannsvalet for Haaland , Stavanger Amt, var i dag. Valmenn vart: Bonde Kr. Monsen Stangeland og Klokkar A. H. Rommetvedt med 38 og 37 Røyster. Varamenn: Lensmann T. 
Olsen og Bonde P. O. Klingsheim med 33 og 29 Røyster. Det er reint Vinstreval. Klokkar Rommetvedt og Lensmann T. Olsen var Valmenn sist. 1ste Valmann iaar, Stangeland, er halden for ein støare Vinstremann enn dei hine. 15/ 8 85.


Bladet Vikingen , ein av MorgenbladetsVener i Sverike preikar no um Sveriges traktatmæssige Ret til Norge.

Der er eit Ordtøkje, som segjer: Seg me kven dine Vener er, og eg skal segja deg, kven du er.


Stor Eting. Skulmeistrarne som var her aat upp berre paa siste Kvelden: 2000 Karbonadar, 25 Kalvar, 25 Sausteiker, 26 Uksesteiker, 500 Koteletter, 350 Høns, 60 Laksar, 22 Røykelaksar, 65 Fiskepuddingar, 55 Kjøtpuddingar, 30 Skinkar, 250 Liter Erter, 20 Uksebringur, 80 Uksetungur, 120 store Braud, 32 store Kransekakur, 32 store Fløytekakur, 3500 Smaakakur, 300 Pd. Frukt. Dei drakk 800 Fl. Vin, 2000 Fl. Øl, 500 Liter Mjølk, 800 Fl. Punsj, 1200 Fl. Brus og 3000 Fl. Selters.

 
Vaktmeistar Bjørnstads Mordar, som vart dømd til aa have sit Liv forbrudt, vart av regjeringi indstillet til Benaadning, og Innstellingi vart vedteki i Statsraad hjaa Kongen d. 19 d.


Nya dagl. Alleh. ymtar um, at Prins Oscar skal trulovast med eldste Dotter til Prisnen av Wales. Ho heiter Louise og er fødd 1867.


Ein dansk Skulemeistar , som var paa Heimreis fraa Lærarmøtet i Kristiania, laag daaen i Jarnvegsvogni, daa Toget kom til Naksjø Stasjon i Sverige.


Stor Ulukkka paa Sjøen. Fraa Aalesund vert telegrafert, at 7 Fiskarbaatar sette til ved Bankarne fleire Mil uti Havet no Torsdagskvelden. 
33 Mann kom burt, so der vart 29 Enkjur og mange fedralause Born.


Dømd for Mord. Ein Bakarsvein A. Jensen, som i Vaar vart sett i Arrest, daa han var mistenkt for aa hava myrdat Bakar Zakariassen i Bergen, hev no gjenget ved, at han hadde drepet nemde Zakariassen.


Ei Beingrind av ein Mann fann dei nyleg paa Øyrlandet i ei Berghola, som fyrr hadde voret full med blaut Dya, men no er turr. Uppaa Beingrindi, som var utan Skalle, laag ein stor Stein.

Ein veit ikkje av nokon annan, som er komen burt paa dei Kantar, hell ein Gardbrukar Peter Øen , som i 1830 vart burte, so ein inkje frettad nokot meir til honom. Søksmaal vart reist imot nokre Folk, som dei hadde Mistanke paa; men dei vart frikjende.


Nattfrost hev øydelagt mykje av Potetgraset, som nettupp stod i Blomar, no midt i August mange Stader i nordvestre Skaane (Sverike).
 
 
Snjo fall no Laurdagsnatti i stor Mengd paa Fjelli ved Finskogen, forteljer svenske Blad.


Paa Island hev det voret ovkalt i Sumar, og det hev meinkat Grasvokstren mykje. So hev der ogso voret fælande sterke Stormar i Juni og Juli, og ein heil Hop med Lamb er vortne forkomne, mest i Vestfjordur.


Kolerasykja styrer stygt i Spania. Av 6464 sjuke døydde 2100. _ 576 Byar og Landsbyar er fengde. I Madrid aukar Sykja. Av 160 fengde døydde 56. Folk flyr undan og hev Sjukdomen med seg. I mange Landsbyar held Folket Vakt, so ikkje reisande skal sleppa inn; Bønder stengjer mangestades Vegarne med Torvgardar, so dei inkje vert farande. Ifraa heile Landet høyrer ein um Naud og Armodsdom.

Ifraa Sud-Frankrike læt det ikkje so illa; men i Tonkin gjeng Sykja hardt imillom dei franske Soldatar.


Bondegardarne paa Irland. Dei kjem beint inn i Stoga, eit stort Rom med nokre veggjer, og svarte Tufti til Gata, det er ikkje lagt noko Flattak. Agta deg, so du ikkje trør burti Møki, for Kubaasarne er i eine Enden av Stoga, beint imot er det Senger for Folki, der ligg det daa eit Par gamle fillutte Ryur. Midt paa Golvet er Aaren, der Torvelden gløder og brenn heile 
Dagen, der er det ein stor Skjerding til aa hengja Gryturne i, der stend det Straastolar og Krakkar, for dei brukar aa sitja der um Kveldarne og verma seg. Det er ikkje mykje med Vask aa sjaa, elder reine og heile Klæde paa kroppen og Skofet paa Føterne. Det er ingen, som spør etter slikt. Er det gjæv Kjering, so er det det einast ho kann kyta av, naar ho kann hava hengjande eit Par reine Ullkvitlar paa Slindi til aa bjdoa farande Folk, og so um ho kann hava litevetta blankt Krusty burti Skaapsrekkja.


Fylgdes aat i Dauden . I ein Stad i Mexiko vart 3 Syster samde um aa tyna seg sjølve. Dei fekk ei Tenestegjenta i Huset til aa gjera lag med dei, _ og alle 4 tok daa Livet av seg ved Stryknin.


Ny Keisar. Ein Løytnant, heitte Storm, or Belgia, hev let seg ropa ut til Keisar inni Afrika. Han kallar seg Emil I, Keisar av Tanganyaika . Kor det gjeng i Framtidi med Keisardomen hans, er ingjen, som veit.