[Tidender.] Kristianiavalet

 
stundar til. Høgre hev alt komet med si Valmannsliste, Vinstre drygjer endaa. Byen fær uppimot 130 Valmenn iaar. Det er Ulukka med Vinstre her, at dei hev ikkje nokre høvelege Tingmansnemne, som er kjende hjaa alle og som kann samla Stemning um seg. No er det alltid væl nok, at dei gjer seg Umak med aa finna høvelege Valmenn, og at dei vil gjeva Arbeidarar og Haandverkarar og Handelsmenn kvar sine Repræsentantar paa Tinget. Men me skulde havt Menn til aa peika paa straks; ein skulde venta av Vinstre i Kristiania, som rosar seg av aa vera so langt framkomne i alle Maatar, at der kunne finnast slike Karar, som hadde baade mot og Hug til aa stella seg sjølve. Daa vart det mykje greidare. For aa samla Folkestemningi um visse Menn gjek væl an ogso i Kristiania, men aa samla Byen um eit visst Program, det tykkjest heiltupp vera umogelegt. Interessurne og Kravi er so reint forskjellige, Kristiania er ingen By, samanvaksen til same Hugmaal, det er ikkje anna enn ein samankomen Flokk Menneskje, som ikkje hev anna med Byens Stell aa gjera enn betala Skatten, so let dei Embættsmennerne og Storkaranne stella baade med Politikk og anna som dei vil. Um det og kann svida litt imillom, naar Skattarne vert drjuge, so er dei so godsklege at dei snart gløymer det, og er nøgde berre nokon vil taka Stellet paa seg, og dei tykkjer det er gildt aa fylgja med dei store. For dei maa væl skyna det dei, kann ein vita.