[Tidender.] Mord i Maridalen.


Um Maandagskvelden vart ein Gardmann drepen heime paa Garden sin, Turter i Maridalen, tett innmed Kristiania.
 
Det var ein Skomaker, som hadde voret paa Arbeid paa Grannegarden, som fekk høyra nokre underlege Rop, daa han gjekk att um Kvelden, Klokka var imillom 8 og 9. Han skynad, at det maatte vera noko paaferde, men vart rædd og sprang stad skulde henta Folk. Kl. 9 ½ umlag kom dei til Turter, 4 Mann sterke. Daa fann dei Mannen liggjande paa kjøkengolvet i ei Blodtjønn med tvo gapande Saar i Hovudet. Det var endaa Livsteikn i han, men ikkje so at han kunne tala. Det vart sendt Bod til Byen etter Lækjar, men fyrr han kom, var Mannen longe sloknad. Andre Dagen kom Politiet og gjorde sine Granskingar, og dei fann daa ut det, at Mordaren maatte hava brotet seg inn gjenom Kjøkendøri, som var stengd paa Innsida. Mannen laag nemleg i ein Kleve innanfor, men han hadde væl vortet rædd og sprunget ut for aa ropa um Hjelp; han hadde ein ladd Revolvar liggjande paa Sengi si, men den hadde han nok ikkje hugsat paa. Ute paa Tunet hev so Mordaren fenget seg Slagverk og slegjet han i Hovudet, til han seig ned. Ette Blodspori aa døma, er han so dregjen inn i Kjøkenet.
 
Mannen som vart myrdad var umlag 60 Aar gamall. Han var Krypling og ikkje sterk. 
Han hadde voret lenge i Amerika og der tent seg upp 40,000 Kr. og var attkommen i fjor og hadde kaupt seg denne Garden, der han budde plent aaleine. Dei hadde spurt han um han ikkje var ottsam, naar han var so for seg sjølv, men han hadde meint paa det, at det ingen Faare var.
 
Mordaren hev væl faret etter Pengar; um han hev funnet noko, er ikkje godt aa vita. 
Eit Gullur, som Mannen hadde paa seg, hev han ikkje ansat.