Ei Bønebok mest etter Ludvig Hofacker [Forteljing til Utklypp]

 
(Del 3 av 8. Fyrste delen.)
 
 
-20-

Kvar Dag i Livet mitt skal med retto vera dyr fyre meg, avdi eg enno kann lova deg i Landet aat dei Livande, og ved din Ande allstødt verta betre fyrebudd fyre Ævelengdi. Himlarne fortelja di Æra og den utspende Festing forkynner Gjerningarne fraa dine Hender; den eine Dagen fører fram sin Tale til den andre, og ei Natt kunngjer den andre, at din Godleike naar so vidt, som Himmelen kvelver seg, og di Sanning so vidt som Skyerne ganga. Eg gjev meg i dag burt til denne din evige Godleike og Truskap med Likam og Saal, med alle mine Livsrørslor. Din Godleike er betre enn Livet, mi Saal love ditt heilage Namn.

Eg minnest ogso Himmelen, der du heve butt Riket fyre deim, som din Fader heve velsignat alt fraa Upphavet til Verdi. Dit upp vende du Syni aat Saali og heile Traadomen i Hjartat mitt! Driv meg ved din heilage Ande, so eg strævar etter aa koma inn i Kvila, som er lovad Guds Folk! For


-21-
 
alle vaare Lidingar paa Jordi er inkje imot Herlegdoman i Himmelen, og vaar Trengsla, som er stutt og lett, gjev ein æveleg og ovstor Herlegdom aat deim, som ikkje traa etter det synlege, men det usynlege. For det, som er synlegt, det er timelegt, men det, som er usynlegt, er evigt.
 
Herre Jesus, du Upphav og Fullending til Trui, styrk og upplys meg! Amen.

Fader vaar o. s. fr.

Bøn um Tysdagskvelden.
 
Heilage og miskunnsame Gud! Eg er ikkje verd all den Godleike og Truskap, som du i Dag ogso heve vist meg. Lovad vere du, Herre! lær meg dine Bordord! Du heve søkt etter meg snart med Kjærleike, snart med Lidingar til aa faa dreget meg til deg. Du heve alt fraa Barndomen arbeidt paa Hjartat mitt med din Ande, at du kunne frelsa mi Saal fraa æveleg Ulukka. Eg heve ikkje notet annat enn godt fraa di Hand

 
-17-
 
og uppklaare deg i Saali mi, so eg kann læra aa elska deg, som elskade meg fyrst og gav Livet fyre meg!
 
Ditt store Namn vere lovat og tilbedet no og i all Æva! Amen!

Fader vaar o. s. fr.

Bøn um Maandagsmorgon.
 
Fader i Himmelen! Eg takkar deg i Jesus Kristus, din elskelege Son, at du so naadigt heve vardveitt meg i Natt og latet meg sjaa denne Dagen lysa. Takk fyre du gjev meg ogso denne Dagen til aa verta visare, betre og sælare paa, enn eg til dessa hev voret! Herre Gud! Eg veit, at eg ikkje med mitt myrke Vit elder mi eigi Kraft kann koma til sann Anger og Hugvending og til aa tru paa min Herre Jesus. Difyre bed eg deg, upplys mitt Hjarta og gjer det audmjukt med din heilage Ande, so eg ikkje som til dessa vert verande ein Skrymtar og tener deg med eit falskt Hjarta og tome Ord.

 
-24-
 
openberrat meg ditt dyre Fadernamn, og eg heve ikkje kallat deg: Abba, kjære Fader! Din kjære Son heve so aalvorlegt bodet meg: Sanneleg, sanneleg segjer eg dykker: dersom du beda Faderen um noko i mitt Namn, so skal han gjeva dykkar det; bede, so skulo de faa! Og eg heve korkje ansat paa Uppmaningi elder Lovnaden hans. Din dyre Heilag-Ande heve so ofta uppmodat meg til aa tenkja paa dette baade i mitt eiget Hjarta og ved utverdes Tilfelle og Hendingar, men eg heve i lettsinn stridt imot honom til dessa. Fader i Himmelen! Tilgjev meg denne Dauvskapen fyre Jesu Kristi Skuld. Han heve i sine Vesalldomsdagar offrat Bøner og Paakalling fyre meg under sterk Roping og Graat, og no liver han ævinleg og bed fyre meg. Vekk du sjølv mitt Hjarta til Bøn ved din Ande, so eg allstødt i min Tankar maa vera i hop med deg, og tyrsta etter deg, du livande gud! Herre, lær meg aa beda og takka etter din Vilje, og so som


-18-
 
Hjelp meg, Herre Jesus, at eg ikkje drygjer fraa den eine Dagen til hin med aa søkja deg, elska deg og tena deg av heilt Hjarta. For du heve lovat meg din Naade i dag. Du segjer: I dag er den hugelge Tid, i dag er Sælgjerings-Dagen; men Morgondagen heve du ikkje lovat meg. So er ogso kvar Dag og Time tapt, som eg brukar til aa tena Syndi, og som eg liver utanfyre ditt sæle Samfund. Lat meg difyre ikkje liva denne Dagen utan deg, lat meg ikkje liggja i Skrymting elder Lyst til Verdi, i Hat elder Usemjing, i Vantru elder raatt Snakk og andre Myrkret sine Gjerningar, men gjev Gaum paa meg, og lær meg aa gjera, som du likar! I dine Hender gjev eg Likam og Saal, for du løyste meg, Herre, du trufaste Gud! Amen! Fader vaar o. s. fr.

Bøn um Maandagskvelden.
 
Herre Jesus! eg heve diverre lenge nok vandrat etter mine eigne Tankar, livt utan

 
-19-

deg ov voret reint paa Villa. Eg heve til dessa tent Verdi og Syndi Dag og Natt, baade naar eg var frisk og sjuk. Men kvat Frukt heve eg fenget av dette? Ingi onnor enn at eg lyt skjemmast baade fyre deg og Englar og Menneskjor. Tilgjev meg Herre! Du leid so saart og døydde fyre meg; du køypte meg til din Eigedom fyre so høg ein Pris. Aa drag meg heilt til deg! Lat det heretter vera Aalvora mi aa liva fyre deg aaleine! Gjev at Hjartat mitt ikkje hefter seg til annat enn deg, og fri meg fraa aa tena Fortjoningi og Faafengdi, for den, som du, Sonen, gjer fri, han er sanneleg fri.
 
Lat deg finna, lat deg finna, Han hev alt, som bert hev deg! Amen!
 
Fader vaar o. s. fr.
 
Bøn um Tysdagsmorgon.
 
Eg prisar deg, Fader! Herren yver Himmel og Jord, at eg atter ser Dagens Ljos.

 
-22-

baade til Likam og Saal i heile mitt Liv; eg lyt berre segja: Din Godleike naar so vidt som Skyerne ganga.
 
Herleg er Huggen
Herre i Skuggen
Under din Veng.
 
Men naar eg so tenkjer paa, korleides eg paa mi Sida heve boret meg aat mot deg og denne din endelause Rikdom av Godleike og Tolmøde, so maa eg storlege skjemmast ved, at ikkje mitt Hjarta endaa heve lært utan Skrymting aa lyfta seg takkande upp til deg. Difyre kastar eg meg no fyre Føterne dine og takkar deg or Hjartat, at du ikkje heve hogget meg ned, endaa Øksi ligg ved Roti paa Treet, men latet meg verta standande til dessa. Eg bed deg ogso um eit nytt Hjarta, og um at eg rett maa læra aa skyna og æra din kjærlege Vilje med meg. Gjev meg eit Hjarta, som tilgjev deim, som gjera meg Urett, og hjelp meg, at eg sjølv aldri

 
-23-

gjer andre urett i Ord elder Gjerning og ikkje tenkjer vondt um nokon helder! Aa du Guds Lamb, som bar Verdi sine Synder, miskunna deg yver meg og lat meg i Natt faa vaka elder sova, liva elder døya i din 
Fred!
 
Amen.

Fader vaar o. s. fr.

Bøn um Onsdagsmorgon.
 
Gud, du høyrer Bøner, difyre kjem alt Kjøt til deg! Dei unge Ramnar ropa til deg etter Føda og alle Augo vakta paa deg, at du gjev deim Mat i si Tid. Skulde daa ikkje eg dauve Syndar ogso beda til deg? Kor mykjet godt heve eg ikkje fenget fraa di Hand utan aa beda um det? Kor mange Refsingar heve du ikkje latet koma yver meg, og eg heve ikkje gjort Bot, men endaa tidt meint, at eg leid urett? Ja Herre, eg heve audmykt meg og bedet deg um Tilgjeving og Umvending. Du heve i Evangeliet

( Meir.)