Høg-Ferd

 

(John Lie).

 

 

Aa aldri fagrare Færd ein saag

Utrida aa vinna Land,

Ei April-Glorie yver ho laag _

Aa hei, aa haa, Den Hugen han dansar og leikar so vide.

 

Dei Hovdingar fride i Spissen reid,

Og Sverde glittra og glein,

I Løyndom hadde dei slipat dei _

Aa hei, aa haa, Den Hugen han dansar og leikar so vide.

 

Hr. Gullbrann kom ifraa Babels By,

Der er inki Folk so verst,

Men meire seduge enn sit Ry _

Aa hei, aa haa, Der Hugen kring Drosirne leikar so vide.

 

Hr. Hauk med Bibelen sin i Haand,

I ”Vanvit-Dagarne” lange

Kjempad med Heider for Bast og Baand –

Aa hei, aa haa, Den hugen um Krigsheren leikar so vide.

 

Hr. Yngve, Prinsen, fraa Austerveg,

Han krigar mot vantru Menn,

So heiderleg Saar hev han vunnet seg _

Aa hei, aa haa, Den hugen i Kongssalar leikar so vide.

 

Visdom preikar hans Svi og Verk,

og Lærdom renn av hans Saar,

Til Bate for dette raabarka Herk _

Aa hei, aa haa, Den Hugen kring Liarne leikar so vide.

 

Klerken Hr. Nils studera i Rom,

Han skjyt til so mang ei Bok,

men somtid, segjer dei, so skjyt han Bom _

Aa hei, aa haa. 
Den Hugen citerar og leikar so vide.

 

Og so var det Hr. Dyre Vaa.

Han fær ’ki med Vesjor og Vas,

Med ”Folk i Vrøvl” er det ingjo Raad –

Aa hei, aa haa, Den Hugen han ”vrevlar” og leikar so vide.

 

Den høge Ferd vilde Land seg vinna,

Ho slo so manneleg Slag,

Heim ho kom tomreipes og sinna,

Aa hei, aa haa, Den Hugen han leikar og dansar so vide.

 

Frå Fedraheimen 03.10.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum