Litt um Jordbruk.

 
(Av J. Å ).
 
(Del 1 av 3.) 
 
Den Tidi er no snart inne, daa Jordbrukaren skal setja fast, kor mykjen Fødnad (Buskap) han maa hava i Vinter. Dette er noko, som kjem att kvar Haust, og ein skulde difor venta, at gamle og røynde Folk med ein Gong kunne segja, at so mykje maa der fødast og ikkje meir. Det er likevæl sjeldan dei kann dette, fordi det sjeldan brukast noko Slag Reglar ved Fastsetjingi av Fødnaden. Er det nokon, som har prøvat aa fylgja ein Regel, so vil han snart hava merkat, at han daa kann gjeva eit mykje stødare Skyn. Men fyrst lyt me hava klaart for Tanken, kvifor me føder Kreturi, og kvifor me hev dei. Er det for, at det hev voret Skikk og Bruk i gamle Dagar? Elder er det for aa skaffa tilvege slike Ting, som me treng um? Alle vil vel vera einige um, at det er for det me skal hava Nytte av dei. Me vil hava Mjølk og Kjøt og anna slikt, som berre Kreturi kann gjeva, og dette fær me ikkje utan ved aa halda Kretur. Me kann nok kjøpa det, men det vert for Jordbrukaren berre ein dyrare Maate aa skaffa det paa. Naar me altso vil halda Kretur for aa skaffa oss desse Ting billeg, so er det endefram, at dess billegare, me kann faa Kreturi til aa skaffa det, dess betre er det.
 
Ved Arbeid fær me Fodret fraa Jordi, og det er dette, me no igjen vil hava umgjort i Mjølk og Kjøt o. a. Korleis fær me daa dette gjort paa billegaste Maaten? Er det ved aa halda so mange Kretur som mogeleg og gjeva deim lite, elder er det ved aa gjeva kvart Kretur so mykje Fodr som mogeleg og altso føda færre? Me maa her hugsa paa, at det er av Fodret, Dyri livnærer seg. Ein stor Del av dei Emne i Fodret, som kallast Kvælstoff, og likeins Feittet og det, som meltast av Vedtrevlarne vert brukt berre til aa halda Varme i Kroppen. Dei kvælstoffhaldige Emni derimot vert for det meste brukt til aa laga Kjøt og Osteemne og dyrisk Kraft av; men trengst det um, so vert desse og brukt til aa skaffa Varme. Det er og iser desse, som gjenom den nyss nemnde dyriske Kraft held Andadraget og Blodstraumen og Matmeltingi og andre slike Gjeremaal gaaande; for stanar nokot av desse, so stanar heile Livet med det same, og Dyret døyr. Alt det Fodr elder den Mengd av Næringsemne i 
Fodret, som brukast til desse Gjeremaal, som er naudturvelege for aa uppehalda Livet, kallast Livfodr elder Livnæringsfodr. Mengdi av dette Fodret er ikkje alltid like stor. Det er soleis lett aa skyna, at der maa gaa meir til aa skaffa Varme, naar det er kaldt, enn naar det er passeleg varmt for Kreturi. Me kann paa mange Maatar laga mykje paa dette Høve millom Livfodret og Avdraattsfodret; men aller mest kann me laga paa det ved aa fodra Dyri rikt elder knapt og ved Varmen i Fjøset.

Etter dei nyaste vitenskapelege Ransakingar er passeleg Varme for Mjølkekyr 10 _12 0. Fyrr vilde dei hava det noko varmare, 12 _15 0. Hestar og Grisar vil gjerne hava det 2 _3 0 kaldare, og hjaa Smalen bør det ikkje vera yver 8 0, naar dei fær hava Pelsen sin paa seg um Vetren, noko som Naturen sjølv byd. 
Hugsar me no paa, at Livsupphaldet krev sin 
Del av Fodret fyrst og fremst, og at det er berre det, som blir til overs, som der skapast noko nytt av (dette nye, Avdraatten, er anten Tilvokstr i Kroppen, altso for det meste meir Kjøt elder Mjølk elder Ull), so vert der so mykje mindre til gode til nokon Avdraatt, naar Fodringi er knapp, men so mykje meir, naar me er rauste til aa fodra. Vistnok vil kvart Dyr bruka ein liten Grand meir av Næringsemni til Livsgjeremaali, naar dei fær kraftig Fodring; for desse Livsgjeremaal vil daa gaa raskare og kraftigare; men dette er igjen nettupp naudturveleg for aa umsetja ein større Mengde Næringsemne til Avdraatt.