Samanhald.

 
Politiske Fleirtal plar det vera so lagat med, skriv I. E. Sars i Nyt Tidsskrift , dei skipar seg for Tilhøvi, samlar seg um visse einskilde Uppgaavur og løyser seg upp att, naar desse er greidde. Dei mange Slag, som det er i Fleirtalet, hev samt seg um aa arbeida imot visse Maal, dei held i hop solangt, men ikkje lenger; naar Maalet er naatt skil dei seg att; nye Uppgaavur lagar seg og krev nye Samstellingar og samlar eit nytt Fleirtal, som er annorleis ihopsett enn det fyrre. Dette er naturlegt og som det skal vera. Men stundom hender det, at dei Skilsmaal, som finst i kvart politiskt Fleirtal, kjem fram for tidleg, fyrr den Uppgaava er heiltupp løyst, som dei hadde samlat seg um. Fylgja av dette er Tap paa baade Tid og Kraft; ein vert nøydd til aa samla seg paa nytt Lag og gjera gjord Gjerning um att. Dette er den verste Faaren, som no for Tidi trugar den politiske Utviklingi vaar, og i so Maate vil den illske Tone hjaa Høgrebladi vera til mykjen Nytte. Det ligg her ei Aatvaring til Fleirtalet, som er altfor tydeleg til aa kunna miskjennast, ei Aatvaring um, at Fleirtalet maa ikkje tru aa standa ved Maalet endaa, at den Uppgaava, som det vart samlad til, endaa ikkje naame nær kann segjast aa vera løyst. Det kann ein fyrst segja, naar den Riksskikken som vart innførd ved Niandejunisaki og Riksretten er godkjend fraa alle Sidur, so at han er Grunnlaget, som alle Parti byggjer paa, um dei so er aldri so uforlikt hellest. Høgrepartiet maa knasast, _ desse Ordi, som dei hev funnet er so kallege, nemner ganske rett det Maal, som Visntre maa stella seg, og som det maa hava naatt, fyrr det slær seg til Ro, elder fyrr det for Aalvor dreg fram sine innre Skilmaal. Høgrepartiet maa knasast; der det no stend maa det ikkje faa Lov til aa standa, det maa drivast burt, Fana deira maa hoggast ned, so at naar eit Høgre samlar seg paa nytt, so maa det gjerast paa eit nytt Program, paa eit nytt Grunnlag. Solenge det er eit Parti sovidt mannsterkt som Høgre vaart, som steller seg beint imot alt som no er, og opet vedkjennest, at det vil føra all Ting attende dit, der Vinstre tok aat, og endaa lenger, etter det ein kann skyna _ solenge bør dei same Grunnar, som hev ført Vinstre i hop, ogso halda det saman. 
Solenge kunne eit Tvidrag innum Vinstre standast, til at det kunne koma ein Motstøyt, som kunne gjera til inkjes den Framstøyten som Vinstre hev fenget til. Faaren for dette er so stor, at det er utenkjelegt anna, enn at Vinstre maa ansa paa det.