Um telefonen og Ljoset.


Ei Ferd til Maanen hev voret framstelt av Jules Verne. Han hev i ein av sine underlege Romanar fysikalsk og naturvitenskapeleg paa ein fin Maate utmaalat for oss ei slik Ferd og synt fram, med glimrande Fargar korleis det er mogelegt aa greia seg ut av det. Kvar som hev leset denne Boki, trur beint ut, at det gjeng an aa fara til Maanen. Men det, som lesaren med beste Vilje korkje kann elder vil tru, det er at Granskaren um ikkje lang Tid slett ikkje treng um aa reisa til Maanen for aa tala med Maanebuaranne. Ein skal kunna svalla med Jorddrabantens Ibuarar nokso hyggelegt liksom den eine Grannen med den andre.
 
Men um eg vilde visa for mine Lesarar, at dette er mogelegt, so maa eg beda dei gjera eit Sprang inn i Fysikens Land. Der hev det ei tid gjenget lystigt til. Ein hev komet i ein slik Uppfinningsrus og deiser fraa det eine Nyhende til det andre. Fyrst var det Telegrafen, so Telefonen og no _ no stend ein ved det fyrste Steget til den namngjetne Telefonen utan Traadar. Det er den, me no vil tala um. Lesaren kjenner væl til Telefonens Prinsip og veit, korleis Ljoden fær ei tunn Skive til aa røra paa seg, og korleis desse Svingingar verkar Magnetisme i ein Jarnstav og korleis denne Jarnstaven verkar Elektrisitet i ein Traad. Sameleis veit han væl au kor langt ein slik Traad kann gaa, og korleis paa fleire Mils Fraastand fraa Utlaupet Elektrisiteten snur um til Magnetisme att, og denne igjen til Rørsle og Ljod, i det menneskjelege Maalet. Dette er i kort Samandrag Telefonens Arbeid og Eigenskaper, og her ligg au baade dens Lyte og Gjævleik.
 
Telefonens største Lyte er Traaden, som trengst til aa føra den elektriske Straumen. 
Um ikkje denne ulukkelege tunt utdregne Jarn- elder Koppartraaden hengde ved Telefonen, so skulde me her hava eit oversleg gildt Reidskap. Men Traaden aukar Konstnaden med Telefonnedleggingar; Traaden vanprydar alle Stader, der Telefonen brukast, og Traaden svik oss, naar me vil slengja Elektrisiteten utyver uhorvelege Vidder langt burt. Um me aukar den elektriske Straumen, so er Traaden for veik; um me gjer Traaden sterkare, so brukar me upp uhøyrt store elektriske Krefter berre for aa gjera same Verknad som elles. Ein lyt soleis setja seg fyre aa byggja Telefonar, som ikkje treng nokon Traad. Korleis gjer ein det? Kann ein senda Telefonens 
Elektrisitet gjenom Lufti? Nei. Men ein kann umskapa Elektrisitet til Verme, til livande Kraft og til Ljos. Me skulde soleis senda ikkje Elektrisiteten sjølv gjenom Rymdi, men ein av hans Avløysarar. Verme og Kraft lyt me vera forutan, av di dei rører seg so langsamt, og det er vandt aa føra dei burt noko lengre Stykkje Veg. Me lyt daa setja vaar Lit til Ljoset. Me fær freista aa umskapa elektriske Svingingar til Ljossvingingar.
 
Dette hev slegjet til. Naar Elektrisiteten fær gjenom eitkvart Lekam, so gjeng det ikkje altid like lett; nokre Lekam ber meir imot og andre mindre. Selen, det kemiske Emne, som vart uppdagat av Berzelius, viser ved 
Dagsljos anna Motstand enn um Notti. Daa professor Bell sia nærmare granskad detta Lekam, fann han, at Motstandskrafti ikkje berre ymsad seg ved Dag og Nott ved Myrke og Ljos, men au ved kvar Gong Ljosstyrkjen vart umskift, ved kvar Svinging av Ljoset.
 
Ein elektrisk Straum, som hev faret igjenom eit Stykkje Selen, skal med sine Umskifte haargrant attergjeva dei Umskifte, som det Ljoset gjer, som fell paa Selenet.
 
Etterat ein fekk Greie paa det, kunde ein gjeva seg til aa byggja det nye Telefonstellet. 
I Enden av eit Talerøyr er det ei Hinne, og paa den er det fest ein liten Spegjel. Paa Spegjelen fell det stødt eit avmerkt Ljos, som han kastar att som Ljosstraale eikor Leidi. I denne Leidi ligg eit Stykkje Selen, som det gjeng ein elektrisk Straum igjenom. Deretter fører Traaden han i ein Telefon, der han som vanleg gjeng rundt ikring Jarnkjerna. Det er heile Stellet.
 
Talar eg inn i Røyret, so svingar Hinna og med Hinna Ljoset. Ljossvingingarne fell paa Selenet og verkar elektriske Svingingar; desse gjeng paa vanleg Vis inn i Telefonen og verkar der plent som annars. Apparatet vaart er ein Telefon, der ein Ljosstraale avløyser Traaden. Men Ljoset er eit finare Medium og verkar betre. Vaar elektriske Snøggleik er avgrensad og læt seg mæta med jordiske Maal; men Ljoset gjeng 41,000 Miler i 
Sekundet. Me hev paa Jordi ingen rak Veg, der me kunne gjeva Ljoset Taum 1/ 6 Sekund, dei er for smaae til det. So fullkomen er Traaden aat den nye Telefonen.
 
Enno er ikkje det nye Stellet, Ljostonaren eller Fotofonen komen til vitenskapleg Gransking, men den hev alt synt forvitnelege Ting. 
For aa sjaa kva Apparatet dugde til, vart den første Delen av det uppstellt paa Taket av eit Hus i Washington og den andre i Professor Bells Arbeidsrom, som var 830 eng. Fot burte: Professor bell fortel med eigne Ord:

Det var ikkje raad aa tala paa so langt Hald. Daa stod eg og saag paa Herr Tainter, og kvervd av Ljoset, som kom fraa Spegjelen, freistad eg aa gissa kva han meinte med si Handeferd; han stod og fiktad for at eg skulle forstaa han. Daa stakk det i meg, at eg skulde lyda til Telefonen, som var fastbundet med Selen. Herr Tainter saag eg gjekk burt fraa Vindaugat og talad i Talerøyret. Eg forstod han greinelegt. Herr Bell, um De høyrer kva eg segjer, so kom til Vindaugat og sving med Hatten. Eg treng vel ikkje um aa segja, kor glad eg var ved aa lyda Uppmaningi.
 
Sia hev dei brukt Fotofonen i enno større Fraastand. Tvo Ting stend i Vegen for aa gjera Apparatet praktisk brukelegt. Selen er so dyrt, og so er det raadlaust aa senda Ljoset i rak Straale so langt som ein kunne ynskja. Det fyrste Lytet er alt avhjelpt, for ein kann taka billegare Emne istadenfor Selenet; og det andre gjeng vel au med Tidi, ettersom Fysiken skrid fram.
 
Men likevæl kann Fotofonen bli til stor Nytte. I Krig der kann den avløysa Telegraf og Telefon, Luftballong og Duvepost. Telegraftraadar kann avskjerast, Luftbalongar skjotast ned og Brevduvur fangast, men ljoset læt seg ikkje avskjera. Istadenfor dei langvarige Signal fraa Fyrtaarn og Ljosstasjonar til Skip, og fraa Skip til Land, kann ein daa tala med kvarandre.

Det er berre eit Steg att aa gjera, so fell heile Telefontraadarnes Kingelvæv og vert avløyste av dei gyllte Ljosstraalar.
 
Men endaa meir; endaa eit Stig fram, og Fotofonen kann tena som Talerøyr til andre Heimar, som _ kva veit me _ kanskje kunne gjeva Svar.
 
Daa kann me ein vakker dag faa lesa i Bladi, Telegram fraa Maanen elder Planeten Mars.
 
(Nora).