[Tidender.] Fraa Holmedal.


Her i Holmedal hev me eit Samtalelag, som var grundat i fjor for den tilkomande Ungdomen. Det eldre Norskelaget gjeng no sin gang og samlar meir dei vidarekomne um seg; daa var me umkring 20 Medlemar, no er me umkring 25. I Vinter gjekk det heilt kvikt avstad; me hadde Møte umlag 4 Gonger um Maanaden, men no i Sumar hev me inkje havt Møte meir enn 2 Gonger; korleis det kjem seg, veit eg inkje, truleg er det vel Sumarvarmen, som hev stoggat oss i Farten.
 
Laget hev og eit handskrivet Blad, heiter Holmedølen, og hev voret uppleset paa kvart Møte. Til aa styra Baldet hev me valt ein for kvart Møte, anten ein Gut elder ein Gjente. Mange hev skrivet i Bladet.
 
Paa møtet hev me snakkat um Maalsaki, Amerikareisur, Borneuppdraging, Spel og Dans og endaa meir. _ Det hev voret ordkastat med Liv.
 
Mengdi av Folket her elskar Maalet. Ein Ting saknar me, og det er ein hugvarm Lærar i Landsmaalet, som kunne samla Ungdomen, halda uppe Maalet, klaara Synet og hjelpa oss til aa sjaa og elska det fagre i Aandsheimen, og leggja ein Skugge yver alt det laake, for me veit, at ei Tid med mykje godt hev og mykje vondt med seg, og daa gjeld det aa finna det, som kann gjeva oss Kraft, naar det gjeld aa staa paa eigne Bein.
 
Eg maa segja, eg var reint motfalli, daa Maalskulen i Sogndal skulde byrja, mest til kvar Dag reiste her nokon Lærar framum, som skulde avstad, men me hadde ingen, som hadde Hug til aa reisa. _ Jaumen var det tregande, det var det.
 
Men me er likevæl glade, me hev gilde Maalmenn, som forstaar aa halda Modet uppe um der skulde koma ei Bylgja og vilja skylja oss burt i Villa, det er ikkje faarlegt; Ungdomen gløymer inkje aa vera vak, so skal me nok koma um inkje so braatt.
 
Eit Songarlag hev me og. I Sumar hev me inkje havt Møte, men til Vetren vil det truleg byrja att. Det hev varat i 2 Aar. Det er gildt aa hava Songarlag.
 
Eg minnest so skilleg ein Kveld, eg gjekk heim etter at me hadde sunget: Jeg har baaret Lærkens Vinge. Himlen var klaar, Maanen skein, og ei heil Horg med Stjernur glitrad uppe i Romet, det var som um dei vilde segja meg at dei og var glade. Eg hadde langt heim, men det gjorde meg inkje hugfalli, det var so godt aa vera ute. Kveldsgusti var sval og Lufti lett. Fuglarne song og helt Kveldsbøni si, sidan lagde dei seg til aa sova. Daa eg kom heim var alt stilt, eg gjekk inn paa Romet mitt, lagde meg stilt ned, tenkte paa Songen, paa Fuglarne og takkade Gud.
 
Dorthea.