[Tidender.] I Danmark


gjeng det underlegt til. Vinstre magtar ingen Ting aa gjera det Stakkar, men so gjer Høgrekararne des meir; det ser ut som dei heiltupp vil eggja fram ein Revolusjon. Væl er Danskarne eit godlyndt Folkeslag, hadde det voret slik Framferd med oss, so hadde Sinnet teket oss so hardt, at ingen Ting kunne halda igjen. Men du skal ikkje lita paa Danskarne hell, naar det gjeng for vidt.
 
Dei held paa og vil setja fast baae Præsidentarne i Folketinget no. Allvist er det daa Berg, som dei hev teket seg Tak i og dømt han til Fengsel i 6 Maanar.

Alt lenge hev dei sendt iveg Politimenn paa Folkemøte, paa det at dei skulde gjæta, um det kunna falla Ord, som dei kunne hegta seg i og setja gjæve Menn fast for. Sist paa vart Politimennerne so djerve, at dei vaagad seg heilt upp paa Talarstolen og stelte seg der Talaranne skulde standa. Fyrste Gongen dette hende, gjekk dei likevæl nedatt godviljugt, daa dei vart bedne um det. Men ein Gong sidan hadde dei bedet Vinstreforeiningi um Lov til aa vera der, men fekk ikkje Lov, som Voni no var; likevæl kom dei og negtad aa ganga ned att. Berg var ogso til Stades og skulde tala; men han vilde ikkje gjera det, solenge dei Politimennerne stod der. Daa var det tvo Menn, som gjekk stad og leidde dei ned. Dei tvo Mennerne vart kastad i Fengsel.
 
Berg vart i Fyrstningi berre innkallad som Vitne, men daa det leid paa, lagde dei Sak imot han ogso, og dømde han til Fengsel paa 6 Maanar. Og dei var nok hugad til aa faa han inn paa Kvithuset straks, so at dei kunne faa Munnen hans stoppad, no daa Stortinget skal byrja. Men det gjeng no ikkje so fort for dei likevæl. Saki vert søkt til Dom hjaa Høgsterett fyrst.
 
Daa Berg kom til Kjøbenhavn her um Dagen, fek han sagta sjaa, at det var han, som hadde Folkestemningi med seg. Alle Gatur var fulle av Folk som vilde helsa han vælkomen. Politiet vart reint flatklemde, so dei ikkje kom seg til nokon Ting. Alle Gatur var fulle av Hurrarop for Berg og ned med Estrup. Dei spende Hestarne ifraa og drog Vogni hans Berg og song den nye Nasjonalsongen:

Ned med Estrup,
Ned med Estrup,
Nellemann,
_ Nellemann. _
Ravn og Bahnsen,
_ Ravn og Bahnsen _
og med Scavenius!

Alel Glas var upplyste og fulle med Folk, so nær som hjaa Høgre kann ein vita.
 
Daa han kom heim heldt han ein Tale til Folket og meinte, at Fridomen var anna enn det som dei no for med. For den er anna Slag enn Rett for Motstandaranne til aa bera seg aat som dei sjølve vil.
 
Eit danskt Blad skriv soleis um dette, at fyrr hev Landet høgtidat for Berg som Fyrstemann i Opposisjonen. Kjøbenhavn hev drygt, men hev no endeleg brotet veldugt igjenom.
 
Igaar vart Riksdagen opnat. Vinstre møtte ikkje.