Folk skal velja Prestarne sine sjølve.

 
Det er radikalt det.
 
Det er eit av dei gjævaste og greidaste Krav, som hev voret reist hjaa oss; hæv er han Jakob Sverdrup, som tok ut dette einskilte Spursmaalet utor den store Mengdi og dermed gjorde ei kyrkjeleg Umvøling mogeleg.
 
Dette Kravet er som eit tvieggjat Sverd, det skjer til baade Sidur, baade i det politiske og det kyrkjelege.

1. Prestevalstanken er ein politisk Tanke av fyrste Rang.
 
Det er same Grunnarne i denne Tanken som det var i 9de Junisaki, Godkjenning av Husbondsretten elder Suveræniteten aat det norske Folket.
 
Kravet um folkevalde Domarar, folkevalde Prestar og Folket i Vaapen, det er tri jamgode ægtefødde Søner av denne Kongstanken vaar, at det er me sjølve som raar i Landet. Og difor skal dei sitja i Breidd alle tri. Det er ikkje anna enn Likesæla og Uforstandet, naar so mange gjæve Menn imillom Vinstre ikkje vil gjeva denne Prestevalstanken jamhøg Rang og Vyrdnad med desse andre Spursmaali.
 
I gamle Dagar var det so, at Kongen var Husbond, og Embættesmennerne var hans Tenarar, hadde aa styra Folket paa hans Vegner og stella alle Ting etter som han vilde det. Men no er dette umsnutt, sidan 1814 er det Folket som skal raada, og Embættesmennerne skal vera Tenarar for Folket og gjera som det vil. Enno hev me nok ikkje set noko større til det, endaa det vert mykje talat um det. Det er nok meir i Namnet enn i 
Gagnet. Men no vil me hava Gagnet ogso, me vil velja Tenaranne vaare sjølve, elles fær me dei aldri som me vil, det kann me lita paa. For me er komne so langt no, at me veit koss me vil hava det sjølve, so for den Sak Skuld treng me ikkje nokon Raadsdreng, anten dei vil kalla han for Konge elder kva dei vil, til aa velja i Staden vaar.

Det er sjølvsagt, at det er greidast aa byrja med Prestarne, for dei skulde vera Tenarar paa ein framifraa Maate, Tenarar for Gud til Folket. Men me veit dessverre, at det er altfor mange av dei Kararne, som meir tenkjer paa alt anna, som helder vil vera Pavar enn dei vil vera Tenarar, og difor trengst det syndleg, at me sjølve fær Velde med dei. 
Det trengst mykje meir med dei, enn med det andre Embættesmennerne, for dei er mest berre Kontoristar og Skrivekarar for Regjeringi dei, men Presten er noko større han.

1. Prestevalstanken er ei kyrkjeleg Sak av fyrste Rang.
 
Det var so i gamal Tid, at det var Prestarne aaleine, som raadde for alt, som vedkom Kyrkje og Religion. Vilde ein vandra rett for Gud, so maatte ein vandra rett for Prestarne, for det var gjenom dei, at alle sodanne Ting gjekk, for Aalmugen stod dei som Midlarar millom Gud og Menneskje. Paa Prestarne maatte ein tru, deira Læresetningar maatte ein læra, for annan Veg til Sæle fanst ikkje. Den som var imot Presten var ein Vranglærar og eit Illmenne. For Presten var liksom i Guds Stad, send av Gud, og den som var imot han, var imot Gud sjølv. Presten var alt, Kyrkjelyden var berre som dei attpaaslengjande store Nullar. Presten var som Guds synlege Openberring i Bygdi, ingen viste kvar han munde koma ifraa elder kvar helst han munde fara av, hans Gang var ugranskeleg som Himmelens Skyer. Men den Stund han var i Bygdi, maatte dei lyda han.

Prestevalstanken er bygd paa reint andre Grunnar.
 
Han bryt med heile det gamle Autoritetsprinsipet, og slær fast, at det som er Grunnlaget for Kyrkja, det er einast Folks eiget religiøse Liv. Det er ikkje Presten som skal styra Folket og læra det upp i sine eigne Meiningar og tillærde Tankar. Men det er Kyrkjelyden sjølv, det heilage Prestedøme, det kongelege Folk, Guds eigen Flokk paa Jordi, som vel Presten etter sin eigen Hug, etter sine eigne Meiningar, paa det at han skal vera ein Tenar for dei til aa kveikja og uppbyggja til aa upplysa og aatvara og samla Folket i Herrens Tenest.
 
Daa kann ein vita, at det vert anna Slag kristelegt Liv i Landet, ifraa Umyndugskaps 
Alder naar me det frie Samfunds Kraft og Sjølvstende. Og Kyrkja vil vera ei Magt, som ingen kann øydeleggja.

So gjeng det ofte her i Verdi, at ein Mann kveikjer Tanken, men andre ber han fram. Me fæler for, at det er soleis med Jakob Sverdrup og. Aa forma Kravet og setja Tanken ut, til det hev han voret Mann. Men naar det gjeldst Utføringi, tykker me det fløkjest burt under hans Hender.