Kjære Olav!

 
Kor glad eg er, at Du hev sluttat med aa røykja Tobak! Takk, skal Du hava. Mange Kvinnur segjer, det er so fint aa røykja, so huggelegt aa sjaa Mannen med Pipa i Munnen; ja, eg skynar meg ikkje paa det; men eg saknar det aldri, um ikkje Karfolk røykjer. Og kva trur Du, den Røykjen gjer i Stova elder i Sengkammerse? Jau, kjenn etter, naar Du kjem utanfraa og dit, som dei røykjer. Du tykkjest vilja kovna straks. _ Eg var ein Sundag paa ein Tur saman med nokre Karar og Gjentur; der var og ein fin Student med; han var reint ille ute, fordi han ikkje hadde Tobak med, og ingen kunne laane honom nokot. Ein kunne ikkje anna enn læ aat honom, men so stakk det meg: Enn slik ein Stakkar! aa vera reint bunden av slik ein vesall Ting som Tobak; _ den stakkars Fyren var reint keid av heile Turen. Kor maa det ikkje vera i Studerromet hans? Alt luktar av Tobak der, veit eg, og kor nervøs maa han ikkje verta! Kven kunne no setja ein Tobaksrøykjar av med sin Hug til slikt? Ingen utan Doktoren, trur eg. _ No kjem det væl snart paa Moten aa leggja av Kaffi og Tobak; _ liksom det eingong var koselegt aa røykja, vert det no kanskje koselegt aa lata det fara. Ja, naar Kvinnfolk sluttar med Kaffi og Mennerne med Tobak, vert Ætti trur eg vist, sterkare og lukkelegare. _ Men dei Unge lyt byrja, og lata so dei Gamle fara si Leid , so gjeng det best. _ Eg trur nok, det kann vera Selskap i Pipa og eit Slag Uppkveiking; men Ungdomen no lyt taka seg saman, kveikja seg med Leik, Spil og Song, med Ferder i den friske Lufti og sleppa gamle Vanar, som ikkje duger, _ Som eg hev sagt: Fyr var det brukelegt, naar ein Kar bad orsaka, at han røykte, aa segja: Versgod, og det var knipsk aa rukka paa Nasen aat honom. Eg hev ikkje helder gjort det aat nokon; men eg hev tenkt so mykje yver, kvat Helsa er verd, at eg held meg trie Steg ifraa dei, som røykjer hardt. Ei Kvinne, som er gift, kann væl, um Mannen røykjer, faa honom til aa røykja einkorstad for seg sjølv, der ikkje ho elder Borni nett tarv aa vera; men er du ugift, so tak ikkje ein Tobakøydar til Mann. Det segjer ho Kari.