Litt um Jordbruk.
(Av
J.
Å
).
(Del 2 av 3.
Fyrste delen.)
(Slutten).
Me
ser, at dess større Mengde Fodr me kann faa eit Kretur til aa eta og
matmelta, dess meir av dette Fodret vert Avdraattsfodr, og dess meir
Avdraatt fær me av Fodret vaart i det heile. Me kann og taka det paa
den Maaten, at Kreturi er dei Maskinarne, me brukar for aa umsetja
elder gjera um Fodret til Avdraatt, og daa det kostar oss mykje aa
halda desse Maskinarne i gang, so vil me tena dess
betre paa heile Drifti, dess meir me kann faa kvar einskild Maskine
til aa umsetja.
No
er Spursmaalet: Kor mange slike Maskinar er me nøydde til aa setja i
Gang i Vinter for aa faa Fodret gjort um til Avdraatt? For aa finna
ut dette, maa me vita desse tri Ting: 1) kor mykje Fodr me har, 2)
kor lang Tid der skal gaa for aa umsetja alt dette Fodret og 3) kor
mykje kvar Maskine kann umsetja i ei viss Tid. Veit me desse Ting, so
er det berre eit lett Reiknestykkje aa finna ut, kor mange Kretur me
skal setja paa.
Fodrmengdi
dømest oftast etter Lassetal eldler kor mykje det fyller i Løda.
Den fyrste Maaten er bra, naar Lassi berre er nokolunde jamnstore.
Ein bør daa alltid rekna Lassi etter Vigt, Midelvigti, og den finn
ein ut ved aa vega eit og anna Lass. Men daa ein sjeldan har Tid til
dette med det same, so er det best aa leggja til Sida eit og anna
midelstort Lass, naar ein køyrer inn Høyet og so vega anten det
heile elder ein Del av Lasset sidan og deretter rekna ut Midelvigti
paa kvart Lass.
Ein annen Maate, som eg trur, er meir tidsparande og sikrare, er aa
hogga utor Høystaalet, etter at det er upplagt og ferdugt, tvo tri
firkantutte Stykkje og vega desse. Ein maa daa passa paa aa taka
nokre av desse Stykki ned med Botnen paa Staalet, der Høyet er mest
samanpakkat, og nokre lenger uppe. Høgg ein soleis ut nokre Stykkje,
som tilsaman er 1 m
3
(1 Kubik- elder Firkantmeter), so er det lett aa rekna ut Tyngdi av
heile Staalet, naar me veit kor stort det er.
Den
Tidi, me skal hava for aa umsetja alt Fodret, skil seg paa ymse
Stader og i ymse Aar. Men har ein voret i same Bygdi i nokor Tid, so
vil det likevæl ikkje vera so vondt aa setja ei Mideltid um Vaaren,
daa det jamnast er so vidt komet, at Kreturi liver godt paa Hamn. Har
ein merkat seg denne Tidi i fleire Aar, so kann ein deretter draga ut
ei Mideltid; ellest lyt ein taka det paa eit Skyn.
Kor
mykje Fodr kvar Ku kann umsetja for Døgret, er noko, som ein lyt
prøva seg til; for det skil seg paa ulike Stader og med ymse Kretur
og etter som Fodret er godt elder ringt. Som Midelmengd set E. Wolff
24 Kg. Turremne for kvar Kg. livande Vigt¹),
naar det er Mjølkedyr. Ungfenaden skal hava noko meir. Dette maa ein
likevæl prøva seg til
_
Tali er berre ei Rettleiding
_
og daa alltid hugsande
paa, at det er den
største
Mengde, som Dyri kann umsetja i eit Døger (for aa taka ei viss Tid),
me vil vita. Fraa denne Synsstaden kann me og skyna, at det løner
seg aa stella Fodret slik, at Dyri kann eta meir av det, enn ellest;
men dette skal eg tala um ein annan Gong. Her vil eg berre nemna, at
etter mange Ransakingar, som er gjorde i den seinare Tidi, iser i
Tyskland, so vert Matmeltingsprosenten (det vil segja, den
Del
av Næringsemni, som Dyret kann suga inn i Blodet og som altso kjem
det til Nytte) større, dess større mengd Fodr Dyret eter.
Har
ein no faatt fastsett desse tri ovannemnde Ting, so er Talet paa
Dyrom, me kann føda =
D.f
.
naar D er Vintertidi i Dagar og
Ff
den Fodrmengdi, som eit Kretur kann tæra i eit Døger og F heile
Fodrmengdi.
I
det fyrre Stykkjet um Jordbruk,
Fedrah.
No. 73, staar i siste Bolken paa fyrste Sida 7de og 8de Radi
nedanfraa: Tuesen Husdyrbruget, skal vera
Tuxen
Husdyrbruget.
(
Meir.)
¹)
Korleis ein finn ut Livandevigti ved Mæling, sjaa Haandbog for
Landmænd, Side 73
_75.
Eg skal med det same segja, at dette er ei Bok, som kvar Jordbrukar
burde hava. Ho kostar Kr. 2.50.
Publisert